onsdag 14. november 2007

Tilda-prosjektet


Da er den første engelen i Tilda-stil ferdig. Var vanskelegare enn eg hadde trudd, men øving gjer mester håpar eg. Den vart ikkje så verst, i alle fall om ein ikkje går den så veldig i saumane (bokstaveleg talt). Neste på lista er mange tøyepler som eg skal bruke til pynt på treet og eventuelt andre plassar.

Albumet nærmar seg og ferdigstilling. Kjekt å fullføre litt prosjekt, så kan ein begynne på dei som står i kø :)

fredag 9. november 2007

Skogstur


Bildet er frå ein sopp-tur i strålande haustvèr.

fredag 2. november 2007

Helga nærmar seg!

Har store planar om å få "pynta" litt i bloggen i helga, få litt bilder på plass og den slags. Har tenkt at det skal bli ein koseleg plass å vere - det er planen. No kan det være at det tar litt tid, for som vanleg er det mange planar som går parallelt.

No er det imidlertid helg om få timar og me skal kose oss med rolege morgenar og masse tid sammen. God helg til alle sammen!