søndag 30. november 2008

Julestemning

I går var det lysfest i Bergen. Det er det kvart år, men me har ikkje vore der før i år. Vel, me var der forsåvidt ikkje i år heller. Me høyrde det skulle begynne klokka fire, og det skulle vere litt sang, fakkeltog og tenning av juletreet. Og så fyrverkeri til slutt. Så me kom litt seint da me tenkte lystenninga og fyrverkeriet var mest interessant for vetla. Då me kom høyrde me dei første smella - det var fyrverkeriet som var i gang. Så me skunda oss fram slik at vetletøtta skulle få sjå. Men ho vart livrett (det small ganske kraftig!) Så da måtte me søke tilflukt i undergangen til busstasjonen. Fekk tatt dette bildet først...


Så gjekk me mot strømmen bort til Lille Lunggårdsvatn for å sjå på lysa før me snudde og for heim. Ja, ja - betre lykke neste gang : )


I dag har det vore pynting på gang. Vetla og sambuar besøkte besteforeldre mens eg pynta litt til jul og laga til kalendaren til i morgon. Under litt stemningsbilder.


tirsdag 25. november 2008

Besøkande på "fuglebrettet"

Så langt er det fire sortar som er representert i matfatet utanfor glaset. Eg har ikkje fått nokre gode bilder av dei sjølv dessverre (ønsker meg veldig ei større linse til kameraet, men det ligg ikkje øverst i prioriteringslista...). Maten heng rett utanfor terrassedøra, så da må me ta bilde innatifrå - det blir sjeldan noko bra. Så under har eg altså rappa bilder fra nettet.
Ellers er eg storfornøygd med dagen. Den starta med sprengfyring i pur glede over at ovnen endeleg kan brukast slik den var meint. For å gjere ein lang historie kort fekk me feil opplysningar ang kor nær ikkje brennbart materiale den kunne stå (ikkje mindre enn tre gangar sjekka me!), så kvar gang me fyrte noko særleg så lukta det stygt og malinga vart svidd. Men no har me flytta den slik at den står rett og det er berre velstand. Det var ein litan digresjon.
For første gang på lenge har eg vore i relativt god form (tenker på kvalmen), så i dag har me rydda kontoret, rydda og tørka støv i resten av huset og kommet ajour med klesvasken. I tillegg har eg laga to kransar av hengebjørkgreiner eg henta i helga. Endeleg skjer det noko!!!

Bilder under er fra miljolare.no
Rødstrupe (Erithacus rubecula)
Skjære (Pica pica)

Kjøttmeis (Parus major)

Trost (Turdida, bilda fra Wikipedia)

søndag 23. november 2008

Min kortdebut

Har tenkt å berre bestille bilda i år, og så lage korta sjølv. Lagde i går det første, og slik vart resultatet:


Så da gjenstår berre resten : ) Skal ta å lage meg ein permanent "stasjon" på spisebordet slik at eg ikkje treng å pakke vekk greiene mellom kvar økt. Utruleg morsomt, og så blir det litt oppvarming til eg skal til på scrappe alle dei oppsamla bilda fra eit langt (?) liv : )
Fekk dessuten gjort eit godt innhogg i julegavelista i går, så no er me på rett veg her. Kjøpte kokosnøtt til fuglane og den er det bra trafikk på!
I dag er det strålande vintervèr ute, og me tenker oss ein tur ut til besteforeldre for å ake og samle materiale til kransar - ha ein fin søndag alle sammen!

lørdag 22. november 2008

Julehandel...

Da har eg laga handleliste til dagens juleshopping. Ein god del julegaver, litt knask til julekorta som skal lagast og litt til juleverkstad me skal ha til vetla og vener litt uti desember. Blir godt å komme skikkeleg i gang, og når denne runden er overstått ser det ikkje så ille ut med status på julegavene : ) Har tenkt å gjere eit skikkeleg innhogg hos Apotek1 i år, syntes det var masse koselege greier der. Ellers så skal vetla få male på porselenskrus til besteforeldre, så har ho gave klar til dei.

Gler meg kjempemasse til å komme i gang med alt det koselege før jul, og ville aller helst ha starta med pyntinga no. Får vel roe meg litt så eg ikkje går lei heile greia før me kjem så langt : )

Ha ein fin dag alle sammen!

fredag 21. november 2008

Vinterland

Kjøttmeisen vågar seg bort til maten innimellom vindkasta. Dei sit og ventar i berget bak klatreplantane : )

Lyng i snødrakt


Miniatyrvinterlandskap rundt Selja.

Vetla var så begeistra då ho såg det var snø ute i dag. I barnehagen var det og stor forventning blant alle, eg trur ikkje dei kunne få frukosten fort nok unna slik at dei kunne ut og leike. Kjempekjekt - håpar den ligg ei stund!

torsdag 20. november 2008

Det snør!!

No snør det faktisk ute! Ikkje hagl, ikkje regn på tvers, men snø rett ned! Kom i stemning på ein blunk eg no : ) Fekk lyst til å kjøre på med juleforberedelsar, men kvalmen er festbrems som vanleg. Om de berre visste kor eg gler meg til det går over (tørr ikkje tenke tanken på at det ikkje skal gå over...). Har i alle fall fått fylt opp med mat til fuglane, det er ikkje dårleg berre det, og så får resten vere bonus : )


Og før eg har fått publisert innlegget var kjøttmeisen på plass - utruleg teft for mat dei har!

tirsdag 18. november 2008

Juleforberedelser per 21. november

Sjølv om eg ikkje får gjort noko, treng jo ikkje det bety at eg ikkje skal ha oversikta over alt eg skulle ha gjort. Så her kjem lista...

I november:
- Komme i gang med julegavene (er litt i gang da...)
- Kjøpe resten av kalendergavene til vetla
- Ta bilde og bestille julekort
- Begynne på julevasken

I desember:
- Juleverkstad for vetla og venner
- Julevasken - resten
- Sende kort og julegaver som skal sendast
- Bake julekaker???
- Pynte til jul inne og ute ved inngangen
- Hogge juleter og pynte det
- Kose oss masse!!!

Handleliste:
- Julegaver
- Kalendergaver
- Ting til juleverkstad
- Julekort (på nett)
- Kakeingrediensar
- Juleblomster
- ???

Ferdig med:
- Julevask vetla sitt soverom, vårt soverom, gang nede, spisestove
- 14 kalendergaver
- Over halvparten av julegavene
- Starta med kortproduksjon og heimelaga gaver
- Kjøpt kakeboksar (manglar berre kakene : )
- Laga julekransar


Eg får fylle på etterkvart eg kjem på ting. Om eg no berre blir kvitt kvalmen så eg kan sette i gang!

søndag 9. november 2008

Tida går - tross alt : )

Ser det er veldig lenge sidan eg har skrevet noko her inne. Eg er ikkje heilt klar til kjøre på igjen enda, men reknar med eg er oppe å gå igjen om få veker. Tida går veldig fort og veldig sakte på ein gang no for tida...

Ute regnar og haglar det om kvarandre, og det bles noko voldsomt. Ikkje så masse fint haustver med andre ord. Så da vert det innekos i stadenfor. Bortsett fra at i så dårleg form som eg er for tida, så er det ikkje så mykje av det heller. Men det kjem nok betre tider - forhåpentlegvis i god tid før jul : )

tirsdag 30. september 2008

Eg har forsømt meg...

...med bloggskriving i det siste. Det har skjedd saker og ting (gode saker og ting : ) som har tatt litt fokus, så da har eg heilt gløymt meg. Ute regnar det meir eller mindre heile tida, og me har hatt vår første fyring denne helga. Litt kos er det jo da, med hausten meinar eg, men fint ver hadde gjort seg. Hagen står fortsatt med flotte blomster, men det er ikkje så ofte eg er ute og nyt den. Fekk gjort masse forrige helg, og har fått flytta på det som skal flyttast, så alt er eigentleg klart for vinteren.

Under er vetla, sambuar og to nieser i gang med å disse på ei firemannsdisse. Den ligg i ein naturleikeplass som barnehagen styrer - kjempekjekt!

søndag 21. september 2008

Forkledningens mester

Vart litt imponert av den her karen i dag. Skulle til å klippe vekk det eg trudde var ei vissen grein av buska, då det plutseleg krølla seg sammen. Plukka den opp og det viste seg å vere ei åme. Då eg la den i handa vart den stiv som, ja, som ein pinne : ) Utruleg bra forkledning!


Dukkeseng-makeover

Før:


Etter:


torsdag 18. september 2008

Besøkande nr 1000 : )

Artig med runde tall, så måtte berre markede det med ein lite innlegg. Eg har ikkje vore noko aktiv her inne i det siste då eg har vore litt opptatt med å lage bursdagsgåve til vetla. Eg har kjøpt babyborn-dukke (veldig lite originalt, I know), og har begynt å lage klær til den. Eg har lånt ei fantastisk kjekk bok av mor mi med oppskrifter på kjempefine dukkeklær i den størrelsen. Eg har og malt den gamle dokkesenga til sambuaren (!) min, og laga nytt sengetøy til den. Vart veldig fint, syns eg sjølv i alle fall. Så håpar eg berre at det fell i smak hos vetla. Men no er det tomt for strøm her, og eg har ikkje lasta bilda opp til pc'en, så (relevante) illustrasjonar får komme seinare.



I alle fall veldig kjekt at så mange har kikka innom sidan eg la til teljar, og velkommen innom att når det skal vere! Kan vere bloggen no dreiar meir mot interiør og hobby, men før ein veit ordet av det er det vår og knoppane sprett igjen : )

Og så nærmar det seg helg! Jippi!!!

fredag 12. september 2008

Hekken på plass - igjen...

Eit lite tilbakeblikk på prosessen - masse stein, muren er ikkje påbegynt aust mot naboen.
Under er muren kommet på plass og me er i gang med å køyre jord. Ein tung jobb, for det er like bratt som det ser ut til : )


Og til slutt; nye hekkeplantar er kommet på plass. Svigermor hadde nok "fjordårs-liguster" til heile skråningen, så eg bytta ut dei eg hadde satt ned. Trur desse har bedre forutsetningar for å klare vinteren. Har flytta ned litt staudar som har fått lite sol der dei har stått, så dei ser litt skrøpelege ut. Kan vere eg må flytte litt meir på dei etterkvart. Og så har eg flytta alle Primulaene hit, ser ut som ein grønnsakshage for øyeblikket, men får nok orden på det etter kvart. Er i alle fall veldig glad for å kunne krysse austsida av lista. Og så er alt klart for nordsida til våren, det er det artigaste prosjektet! Skal bruke vinteren til å planlegge og teikne : )



torsdag 11. september 2008

Hjortefarmen på Ornes

Eg kjem frå gard, og må seie eg saknar det frå tid til annan. Me reiser så fort me har ei langhelg, og det er utruleg kjekt - det er alltid noko som skjer. Dersom dei mindre gardsbruka skal klare seg må dei være villige til å tilpasse seg. Mine foreldre har gått frå å drive med kyr og eple, til sauer, bringebær og eple og overnatting/kafe, til no hjort, bringebær m/vidareforedling, utleige, kafe og eple m/vidareforedling. Eg må seie at eg er utruleg imponert over kor tilpasningsdyktige dei er og den drivkrafta dei har. Eg kjem altså frå Urnes Gard og under er det litt bilder frå hjortefarmen.


mandag 8. september 2008

Haust ved inngangen

No var det på tide å la hausten innta inngangen. Under har treet til høgre fått større potte og nokre små vintergrønne plantar rundt (Hebe blant anna), og kuletujaen har fått lyng og eføy rundt kanten. Også lyng i korgene, har litt dilla på lyng om hausten : )





Nyt hausten folkens!

søndag 7. september 2008

Sjølv om sola skin og det er kjempevarmt på dagen, så er det så absolutt haust. Kanskje spesielt i hovudet mitt. Så no er det om å gjere å fullføre prosjekt, flytte plantar og rydde. Til no er terrassen ferdig med trapp og det heile, hekken (plantetrinn 1 : ) er på plass, siste del av skråningen mot nord er nesten fylt med jord, plantar med for små potter er potta om og inngangspartiet er klart for haust. Bilder kjem etterkvart, tenkte å ta nokre i dag, men då eg var ferdig var eg så køyrd at eg kræsja på sofaen. No er det snart Bitre Blomster på dvd.

Men, først ei lita huskeliste så eg kjem i mål før hausten vert orntli' haust:
- Flytte to av plantane i skråningen
- Flytte Primulaene til austbeddet
- Flytte mynteblomsten til Syrinbeddet
- Plante løk
- Flytte middagsblomsten (tar knekken på Buksbommen..)
- Plante ut brudespireaen i skråningen

Kjem ikkje på meir i farten, men må nok utvide lista etterkvart. Forhåpentlegvis kan eg og stryke litt etterkvart : )

mandag 1. september 2008

I forbifarten...

Under kjem litt bilder under kategorien "Kva eg såg på veg heim frå Ljones" Først ut: tre midt i vegen
Så; flott vatn med masse langt siv i haustfargar og vannliljer - vises ikkje så godt på bildet, så de må ta mitt ord for det : )
Steindalsfossen rigga og klar for konsert/danseshow. Sikkert ei flott oppleving for dei som fekk det med seg!
Ei lodden løe... Nokon som veit kva som vert brukt på veggen her?
Kvamskogen er jo ein hyttelandsby frå ende til annen, og først eit lite "skrekk"-eksempel. Klarer ikkje å sjå det vakre i ein slik farge. Og bildet lyg - til det betre!
Må jo ta med eit lite glansbilde og, syns denne her var ganske flott. Hadde funka som hus for meg det her : ) Så, det var skeive, ufokuserte bilder i forbifarten tatt ut av bilvindauga. Det er ikkje den ting som er for trivielt til å bli blogga om : )

søndag 31. august 2008

Tur til Ljones, Tørvikbygd

I helga var me så heldige å få tak i firmahytta til sambuaren sin jobb da den plutseleg vart ledig. Den ligg i Hardanger, eit par timars køyring frå der me bur. Må seie det kom på eit veldig bra tidspunkt, hadde levering av ein stor rapport på jobben på fredag, og har hatt skuldrane oppunder øyrene eit par veker no. Me storkosa oss på hytta, masse bading (innvendig basseng : ), god mat og nydeleg ver - fristar til gjentagelse! Under litt bilder, det første var utsikta frå terrassen : )




Bomma litt først, men det tok seg opp etterkvart...
Eit eller anna stort på kroken her, ja!

tirsdag 26. august 2008