tirsdag 18. mars 2008

30-årsdag og påskestemning

I går hadde me litt påskeworkshop, og under ser de litt av resultatet. Vetla mala og eg decoupaga (antakelegvis ikkje eit ord, men..). Fleire får komme til etterkvart. Etter eit lite anfall av påske-pynte-trang fant eg nokre egg hos Kremmerhuset som gjer seg fint i blomsterkrukker. Er litt som med julepynten, må bygge opp litt etterkvart : )



Ellers vart eg 30 år i helga, men sidan det berre er meg og vetla heime (enn så lenge), og sidan me var i 70-årsdag kvelden før, så var det ikkje mykje feiring. MEN; då me kom opp att frå leikeplasse, hadde eg fått blomster levert på døra - frå min kjære, og nokon aldeles nydelege sjokoladar..mmm! Ikkje så aller verst å bli 30 likevel : )


God påske alle sammen! Eg har framleis nokre episodar med Prison Break igjen før eg kan legge dei litt på hylla, så eg må ta ein liten innsats i kveld og. Fleire PB-fans her eller?

mandag 17. mars 2008

Klør i fingrane!

Nydeleg ver ute, og her sit eg og har nest siste dag på jobb før påskeferien. Har lyst til alt anna enn det eg driv på med, alle helst vil eg ut i hagen og starte på alle planane eg har for den. Eg har ikkje gjort mykje i bloggen her, men har sett mykje på andre sine og henta inspirasjon. Eg hadde ein rimeleg intens heimeside-periode for ei stund tilbake, og har måtte vente litt på ny driv til å gjere denne bloggen koseleg. Men no merkar eg det kjem tilbake litt etter litt. Må berre sjå ferdig dei nedlasta episodane av PB først. Er heilt hekta, og sidan eg kom inn i det ganske nyleg, så hadde eg jo mykje å ta av... Skal i alle fall kose meg med mann og barn i påsken, får sambuaren heim att om ein dag eller to : )