onsdag 30. april 2008

Statusrapport i slutten av april

Eg har tatt litt bilder av det som gror i glaskarmane mine for tida. Har ikkje nokon spesielle innretningar for det, så eg har måtte bruke badet (for varmen) og sidan glaskarmen for lyset. Men det ser ut til å gå bra - i alle fall så langt.

Først ut; Pelargonium, ein lyserosa sak : ) Har seks som ser ut til å klare seg bra, og gledar meg til å sjå den vidare utviklinga!

Så Basilikum. Brukar det masse i matlaging, og det er ekstra morsomt når den er "heimelaga". Forrige gang eg prøvde vart dei litt lange og puslete, men ein lærer så lenge ein lever og no ser dei ikkje så verst ut..


Solsikke - dette er Eirill sin blomst (Eirill er gullungen). Ekstra morsomt sidan den veks så fort : )

Og til slutt desse merkelege kråketærne. Det er den nydelege Middagsblomsten, men det spørst om desse vert så nydelege. Det var nokre gamle frø eg fant, men ein må jo prøve.


Eg har og vore ute og laga ein liten statusrapport der. Har tenkt å ta bilder av bergbeddet med jamne mellomrom for å sjå utviklinga. Eller er det litt småknask frå her og der.

Her er inngangspartiet. Ting og tang skal skje i det området, men foreløpig er det eit seljetre som pyntar opp i lag med perleblomster.

Det er rimeleg vèrhardt mot nord der inngangen er, og nesten ingen sol, så det er ein kamp for dei stakkars blomstrane som står der. Her er ei påskelilje som trossar alt.. (Det er fleire på veg, men det tar tid : )

Her er rosebeddet på sørsida. Ei kvit buskrose i framkant, og ei lyserosa klatrerose bak. Kjem tilbake med navna når det (forhåpentlegvis) kjem roser på dei.

Og til slutt; føljetongen min, del 1. Det er bergbeddet med klatreplantar og litt forskjellige staudar.

tirsdag 29. april 2008

Tid for hage

No er me ferdige med innandørsprosjekt for ei stund, og det er tid for hage. Eg har så mange planar for hagen og kan nesten ikkje vente med å få satt dei ut i livet. Eg er av den utolmodige sorten og når noko er planlagt så bør det helst skje med ein gang. Eg tenkte eg skulle ta ein oppdatering på kva som har skjedd så langt (det vil seie i fjor) i hagen, og så tar eg det etterkvart som det skjer noko ute.

Mai 2007: Her er me i gang med å renske berget bak huset for jord og gras. Dette er mot sør og kjem til å være "hoved"-uteplassen vår. Foreløpig er det berre fyllmasse bak her, men things will change...



Juni 2007: Nordsida av huset, eit blankt lerret!

Juni 2007: Me har fylt jord i skråningen og har begynt å plassere litt plantar. Inngangspartiet og området rundt er sollaust nesten heile dagen, så her må eg finne plantar som likar skygge.

Juni 2007: Bak huset i den eine fine perioden me hadde her i området i fjor. Rakk akkurat å få testa bassenget.. Har ikkje skjedd så masse, men takka være ei svært hageinteressert "svigermor" (i hermeteikn sidan eg er sambuar : ) så byrjar det å samla seg opp med plantar som skal plasserast når bedda kjem på plass. Hjelper med litt grønt!

Juli 2007: Me har lagt på grus for å gjere det leveleg til me får terrassen på plass. Me er i gang med å støype fundament til terrasse og lage bed som skal være her og der. Den største firkanten var meint som sandkasse, men sidan me har to nabokattar som elskar å ligge på det varme berget over, så vart den litt for nær når dei må på do... Så no vert det bed (tenker litt grønne plantar og vrihassel kanskje).

Juli 2007: Beddet langs berget er planta i med kaprifol, mange ulike klematisar, peonar, liljer og mange andre eg ikkje kjem på i farta. Gledar meg til klatreplantane veks seg store og dekker berget så det vert grønt og frodig!

August 2007: Tomta vår grensar til eit friområde, og eit stykke av tomta er naturtomt. Me har brukt litt av den til å plante jordbær, og her er den spede begynnelse. Jordbæra er av typen "Frida", og er heilt fantastiske!

August 2007: Eit lite oversiktsbilde.

August 2007: Berget, det kjem til å være eit prøve-feile-prosjekt. Om sommaren blir det fort tørt, og om vinteren samlar det seg vatn.

September 2007: Det blomstrar i berg-beddet, og "Victoria" plommetre er på plass.

September 2007: Trappa på aust-sida. Eg har planta steinbedsplantar mellom trinna, så eg gler meg til dei veks seg til og fyller ut.

September 2007: Nordsida igjen. Skråningen er ferdig planta. Ser litt stusseleg ut før plantane veks seg større, men det får så være.


Det var hagen så langt (vel, i alle fall det eg har på bilde). Det vart langt, men no er det oppdatert. Alt klart for det nye som kjem!