torsdag 29. mai 2008

Utfordring

"Pick up the nearest book. Open on page 123. Find the fifth sentence. Post the next three sentences. Tag five people, and acknowledge who tagged you."

Fekk denne utfordringen av Monica. Boklesinga mi går opp og ned, likar godt å lese og i periodar kan eg pløye gjennom eg bok på eit par kveldar. Då er det sjølvsagt ei god bok det er snakk om : ) Den eg held på med heiter "Historikeren" og er ei slags Da Vinci koden, berre om Dracula. Den er imidlertid pakka ned. Den forrige boka eg las var Saman er ein mindre aleine (eller einsam??). I alle fall skriven av ei fransk dame, og oversatt til nynorsk. Litt uvanleg, men eg likte boka kjempegodt. Den er og dessverre pakka ned. Så da har eg funnet den nærmaste, som er "Nåde" av Linn Ullmann. Kan absolutt anbefalast den og!

Men over til utfordringa.
"- Og så skjedde det en dag at vi gikk hver vår vei, sa Johan.
Den vesle pjokken, vesle Johan, fikk øye på en lysning i skogen og vandret avgårde, vekk fra stien, vekk fra moren. Og der, i lysningen, blant mose og kvister, under et stort tre, fant han markjordbærene. "

Boka handlar om Johan som vert alvorleg sjuk, og korleis dette påvirkar forholdet til kona. Dei inngår ein avtale om aktiv dødshjelp på det tidspunktet da sjukdomen gjer livet hans for uverdig, men det kjem tider med tvil etter dette. Ei kjempefin og sår bok!

Så skal eg gi utfordringa vidare: Eg har litt dårleg tid, og kan ikkje sjekke så masse om dei eg sender vidare til nett har hatt denne utfordringa, så dei som blir utfordra er Kathrine, Elisa (Blåbærhagen) , Janne Kathrine, Elisabeth og Anne (Annedammen)

Daminspirasjon...

Damprosjektet til Kathrine (Kathrinehagen) har gitt meg litt blod på tann med tanke på å få til noko slikt i eigen hage. Sidan prosjekta står i kø og (fortrinnsvis) må gjerast i prioritert rekkefølge, så kjem nok ein eventuell dam langt bak. Men, det er jo ikkje til hinder for å samle inn inspirasjon og planlegge litt. Eg er nok temmeleg ekstrem med alle planane mine : ) I alle fall, under er litt daminspirasjon - egentleg hageinspirasjon i sin heilhet. Det er Darran Saines sitt verk for ein kunde (bildet er henta frå artikkel i VG), og ser ganske flott ut syns no eg! Ein må ha litt høge ambisjonar...

Ellers så hadde eg store ambisjonar i forigårs (ikkje store som i bildet over) om å få i jorda nokre busker og plantar som står i potter. Det har vore veldig tørt her, og det er litt lettare å holde alt med nok vatn om dei står i større bed. No begynner det å bli litt fullt hos meg, så det er ikkje berre berre å få plassert ting utan at det ser feil ut. Men, eg var altså kommet litt i gang og der kom mora og faren til sambuaren min på besøk - med masse nye plantar! Som trengte å komme i jorda meir akutt enn dei som tross alt sto i potte. Så da er eg tilbake til utgangspunktet. Når det er sagt, så fekk eg veldig mange flotte blomster. Ballblom, ein svær valmue (Papaver orientale), Krysantimum, Torskemurtunge (eller noko lignande, vart veeelding usikker her no..), Klokkebusk og Brudespirea. Har nok gløymt ut noko, men kjem ikkje på meir i farten. Skal snart ut å ta nye statusbilder av beddet, har vært litt travelt i det siste.

onsdag 28. mai 2008

To hekk or not to hekk...

Eg styrar veldig på fram og tilbake med hekkvalga eg må ta. Mot aust er eg (nesten) bestemt på at det skal bli liguster fordi den er vintergrønn og tåler godt vind. Så er meg i alle fall fortalt. Men så tenkte eg å ha ein hekk på nordsida og. Denne treng ikkje skjerme så veldig, men meir fungere som ein bakgrunn og antydning av vegg. Her tenkte eg først på ein blandingshekk. Problemet er berre at nedanfor denne hekken, så er det ein skråning der eg har planta diverse vintergrønne saker og nokre prydbusker. Eg tenker no at ein blandingshekk bak dette vil virke rotete. Og så tar jo uklipte busker stor plass da... Så derfor er eg over på litt strammare variantar igjen. Eg tenker på buksbom, som kan være aktuelt sidan skjerminga ikkje er hovudformålet her. Ein annan tanke var blankmispel. Er det nokon her som har noko erfaring med den?

Ellers så har eg ikkje tal på kor mange gangar eg har planlagt nordsida, både i hovudet mitt og på papiret. Og det skal bli så fint! I alle fall er det det i hovudet mitt... : ) Eg sa det nett til min sambuar at eg ganske muleg hadde blitt gal om eg ikkje kunne planlegge og vere litt kreativ heime, med tanke på at jobben ikkje er så kreativ på den måten. Han meinte han hadde vorte gal om han måtte planlegge noko i hagen, så me fant ut me har ein fordeling til alles beste - eg planlegg, han iverkset!

søndag 25. mai 2008

Ein søndag i sola

Me har (som dei fleste andre barnefamiliar..) gått til anskaffelse av ei trampoline til vetle-tøttao. Den er svæært populær, og hopping på den er omtrent det første som skal skje etter me har stått opp. Her er ho i aksjon med litt rekvisita tidleg i dag. Sola er allerede på plass, og eg sit med ein kaffikopp og nyt stillheten... deileg!

Her er altså status på mur-prosjektet i aust. Det står enda igjen ein del, men det går framover. Ved å mure istadenfor å berre sette ned gjerdet der berget var, så har me vel plussa på eit par meter på tomta. På den sida er det berre snakk om ca 5 m til nabogrensa, så alle monnar drar. Me er no klare til å fylle jord i nederst, så det skjer da litt!


Seinare på formiddagen (altså etter trampoline-hoppinga, ikkje mur-prosjektet - vart litt hopping her og no...) tok me ein båt-tur ut til ei vik der det er fullt av rullestein i alle størrelsar. Det er ein eldre båt, så me turde ikkje fylle den så veldig opp, men litt vart den no. Det inngår ein del rullesteinar i ulike størrelsar i planen min for hagen, så det vert vel fleire turar. Under er litt av fangsten - og litt solrik-juice : )

Da er det snart slutt på helga, og ei ny veke ventar. Når det er så fint ver som no, er det litt seigt å måtte gå på jobb, ville helst ha styrt i hagen heile tida : ) Men fine kveldar er ikkje å forakte heller! Ha ei flott veke alle sammen!

fredag 23. mai 2008

Papaver orientale

Ein liten fargeklatt til å sparke i gang helga. Eg klarte ikkje å dy meg, men måtte innom hagesenteret og kjøpte 3 dvergeiner (blå) til skråningen, og 2 utruleg sjarmerande småbusker som luktar peppermynte (bilde og korrekt navn kjem seinare). Dei skal nok komme i jord i løpet av helga, men elles så er det vårt litt kjedelege prosjekt som skal prioriterast, nemleg muren i aust. Det nærmar seg, men ikkje fort nok : ) Og når den er klargjort med jord og det heile for hekkplanting til hausten, så er det terrassen - endeleg!!! På laurdag har me tenkt oss ein tur for å finne runde steinar til hagen. Det inngår eindel i planane mine, så det er berre å kjøre på.

Men no fargeklatten eg lova dykk. Bilda er frå i fjor, den er ikkje heilt i blomstringsstadiet enda her.


torsdag 22. mai 2008

Detaljar frå hagen ein dag i mai



Og slik ser Pelargoniane ut, har vakse ein del no i forhold til forrige statusrapport.

Middagsblomst...

Hageinspirasjon

Det er litt stillstand i hageprosjekta våre no. På grunn av logistikken må ting gjerast i ei viss rekkefølge (for å få bilen med jord nærast mogeleg der den skal være osv). I år er planen først å lage mur og gjerde mot nabo i aust (på grunn av sikkerheita til alle ungane som spring opp og ned der, er eit stykke å dette for å seie det slik), og så lage terrasse på sørsida av huset, 1. byggetrinn : ) Me har tenkt å fortsette på vestsida og slik at me får kveldssola fullt ut, men då må me først støype for carport under. Nok av store prosjekt med andre ord. Muringa tar tid, og eg klør i fingrane etter å kunne sette i gang med nordsida av huset. Det er der me har inngangen, og eg har ikkje tal på kor mange planskisser eg har teikna over det området... Men det må komme sist, så mens eg ventar får eg berre planlegge vidare.

Under er litt inspirasjonsbilder for nordsida, samt eit for ein dam. No vil det være mange år fram i tid før eg kan byrje på eit slikt prosjekt (innebèr å grave reint eit ganske stort stykke med myr og lynglandskap), men kanskje andre kan ha glede av det?

(Ingen av desse bilda er tatt av meg, syns å huske av det siste bildet er kopiert frå Fredholm-hagen)

onsdag 21. mai 2008

Ting til hagen

Her er fire "greier" eg vil ha i hagen min. Bilda er ikkje tatt av meg, berre så det er sagt. Først; eg vil ha ei stor, slitt tønne med maaassse flotte blomster i. Nr. 2 nokre klassiske urner til inngangen som kan blandast med rustikke, grove korger mv. Nr. 3; fleire krukker. Kjem til å få ein ganske stor terrasse når me kjem så langt, og da må eg ha nokre grønne oasar her og der. Og til slutt ein pergola, men ikkje nødvendigvis slik den under ser ut. Me vil lage ein pergola der klatreplantar (kanskje duftande roser...) kan klatre og der me kan trekke ut ein seglduk under dersom det (mot formodning) skulle begynne å regne slik det så sjeldan gjer her i Bergensområdet...

tirsdag 20. mai 2008

Ein hagevandring

Eg veit ikkje om eg har skrive det tidlegare, men eg får altså mesteparten av plantane eg har frå ei tilsynelatande utømmeleg kilde. Det er mora til sambuaren min. Eg tenkte at eg skulle ta dykk med på ein rundtur i den fantastiske hagen hennar. Ho er pensjonist, og hagen er livet for ho. Hagen er i stadig endring. Den er eit paradis for små utforskarar, og store for den del : )


Elles har eg tatt bilder av alle plantane eg har i hagen, så no skal ingen utegløymast i planteregisteret mitt. Eg har og flytta på nokre plantar som vart satt ned berre for få dagar sidan. Av og til gløymer eg å tenke sammensetning og kan miste planen min av syne, og då må eg jo berre korrigere. Ser allerede ting eg skal justere på til hausten. Men enn så lenge skal dei få stå der, staudane, og berre vokse og blomstre. Deileg med vår og sommer på gang!

mandag 19. mai 2008

Leveggar anyone?

Ei lita oppfordring: Me har tenkt å stenge att mellom huset og berget for å gjere det lunare i "bakgården" vår. Bakgården i hermeteikn då dette er hovuduteplassen vår, og me bur i einebustad på landet : ) Men i alle fall, det vil vere ein liten utfordring grunna nivåforskjellar og det at det skal ende opp i berget. Eg er på jakt etter inspirasjon både på utforming og praktiske løysningar. ; om nokon har bilder som kan fungere som inspirasjon, enten frå eige hus og hage, eller om det er frå den store "Verdsveven", så vert eg svært glad og takknemleg om de kan sende ein link til ei nettadresse, eller skrive om det i bloggen og linke dit!

søndag 18. mai 2008

Beddet ved berget 18. mai

Ein liten statusrapport på føljetongen "beddet ved berget". Det spirar og gror, men i tillegg har eg flytta litt plantar dit, så alt er ikkje "naturleg vekst" av det som var på forrige bilde. Det er imidlertid ikkje tvil om at alt blir frodigare for kvar dag som går, og det er utruleg kjekt!


Elles har me ein roleg dag i dag etter vel overstått 17. mai-feiring. I år som i fjor dressa me oss opp og møtte opp for å gå i tog, og i år som i fjor vart toget for vår del berre turen bort til sklia på skuleplassen. Der kosa vetle-tøtta seg til toget og alle dei andre ungane kom att. Det var strålande ver, pølser, brus og is og ein vellukka dag for alle mann : )

onsdag 14. mai 2008

Kva er dette?

Eg veit det heiter "Blodrips", men dette var nesten litt skummelt... Nokon som veit kva det er og kan forklare det? Det er altså djupraude prikkar på blada av denne blodripsen (Ribes sanguineum)

Hvilke muligheter!

Eg har tenkt litt vemodig på at eg snart slepp opp for hage å plante i. No må de ikkje misforstå, me har uendeleg med arbeid att, men planane for det er klare. Og det er på skyggesida, noko som begrensar valga litt. MEN; så ein dag da eg sto oppe på berget med vetletøtta, så gjekk det opp for meg at det slett ikkje var umuleg å få det kjempeflott oppe på berget. Me eig eit stykke naturtomt som no er lyng og einer, men det kan bli så mykje meir! Eg gjekk og smilte og såg det for meg lenge etterpå. Det blir ikkje i sommar, og kanskje ikkje sommaren etter det heller, men det er ein fantastisk mulighet som kan ligge der å vente til me er klar. Det er sol heile tida, frå tidleg morgon til seine kvelden. Dette betyr sjølvsagt vind, men med leplanting kan det bli bra. Og det kan bli plen for vetla å leike på!



Og så klarte eg ikkje å dy meg, - tok med litt fleire bilder frå Aboretet : )


tirsdag 13. mai 2008

Tur til Aboretet

2. pinsedag tok me oss ein tur til Aboretet på Milde. Nydeleg ver og Rhododendron i blomst var ein bra kombinasjon, og me spaserte rundt i 3 timar før me returnerte heim. Litt av motivasjonen var den nye Japanhagen som er anlagt der oppe, og den skuffa ikkje! Og enda har ikkje blomstrane fått etablert seg skikkeleg...imponerande! Nyt synet under : )



torsdag 8. mai 2008

Vår i hagen : )




Nyfrisert buksbom

Buksbommane rundt om kring har fått seg ein vårpuss. Utruleg kjekke plantar! Dei er så takknemlege å klippe og forme at det nesten er vanskeleg å gi seg i tide : )


onsdag 7. mai 2008

Status på sådden

Det veks og gror i glaskarmen, og Pelargoniane ser ut til å bli bra. No har eg aldri prøvd å så slike før, så eg veit jo eigentleg ikkje. Det vil vel vise seg etterkvart. 30. april såg plantane slik ut.

Dei to siste frøa eg ikkje trudde kom opp, stakk plutseleg hovudet fram for ei stund sidan. Dei må snart få eigne potter.


Solsikka har strekt seg ein del, må nok snart bytte til ei potte som held ut sesongen.


Til slutt Middagsblomsten, ser framleis litt pjuskete ut, men det kjem seg : )

tirsdag 6. mai 2008

Sandkassebed-prosjektet

No er me ferdige med eit aldri så lite - stort prosjekt : ) Me har gravd ut sand og stein frå sandkassen til Eirill (litt må ein ofre...), og har planta i diverse plantar som trengte å komme ut av potter og i god jord. Har vist litt bilder frå beddet før, men til ære for nye lesarar så tar eg prosessen kronologisk.

Først måtte innholdet ut. Eg grov ut sanden, og min kjære trådte til med rå muskelkraft og fekk fjerna stein eit stykke ned.


Så var det å fylle i 2,5 kubikk med jord, sand og leirejord - forsvant ein del der ja...


Og endeleg var det klart for planting. Vanlige einer, Hortensia, Buksbom, Oktoberbergknapp, Rosenrot (gul), Fuchsia, Bjørnerot, Syrin, Astilbe og Klatrevillvin har funnet vegen oppi beddet. Eg tenker på nokre kvite bunndekkande blomster (engelsk eit eller anna, litt sånn skogsbunn-følelse : ), men det får komme etterkvart. La store steinar inn mot midten for å bryte opp litt, men og for å lette det seinare arbeidet i beddet. Veldig fornøygd!



mandag 5. mai 2008

Planteregister

Har satt i gang med noko eg har hatt planar om ei stund. Eg lagar planteregister over alle plantane eg har i hagen. Der står populærnamn, latinsk namn, farge, blomstringsperiode, vekstforhold, når den vart planta, kvar den står og kva type plante det er. Når ting startar og blomster skal eg knytte bilder til registeret. Må ha litt prosjekt på gang. Utanom hage, interiør og foto, så er eg glad i system. Så dette kombinerar opp til fleire interesser på ein gang : ) Skal legge inn litt bilder i kveld, no er eg på jobb og har ein liten kaffipause, så eg har ikkje tenkt å skrive så mykje meir no...

søndag 4. mai 2008

Produktiv søndag : )

I dag har me fått gjort mykje! Eg hadde så lyst til å vise det fram med ein gang, men sjølvsagt er det ikkje batteri att i fotoapparatet, så det må vente. Det me har gjort (etter ein tur til Plantasjen for å kjøpe 40 sekkar med hagejord...), er å fylle i og plante sandkassebeddet. Og det vart kjempefint - syns eg : ) Eg har hatt nokre krukke-/potteplantar ståande rundt som har gitt meg dårleg samvit på grunn av dårlege levekår, men no har dei fått spelerom og kan slå seg laus! Det er i alle fall planen, så får me sjå korleis det går.

Eg tok så ein ryddesjau for å få det leveleg att, og i den forbindelse samla eg saman og vaska alle pottene som har kommet med blomster, busker og klatreplantar frå mora til sambuaren min. Det er ikkje få skal eg seie dykk, det er som å få gratisleveransar frå eit hagesenter. Ho har utruleg masse og klarer ikkje å kaste ein einaste potensiell plante. Og det har alle borna og svigerbarna fått nyte godt av. Utruleg kjekt og på den måten at ho kan mykje og kan komme med gode tips og råd.

Ellers har det vore ein strålande dag. Ungane i feltet her spring frå den eine tomta til den andre (skriv ikkje hage med vilje, for det er ikkje så mykje av det her i området enda), og kosar seg i lag. Den mørke og våte årstida me har lagt bak oss vert fort gløymt når det er slik : )

lørdag 3. mai 2008

Dagens innsats i hagen

Nr. 1: Me kjøpte oss ein "Rosebenk" til inngangen. Eirill leikar alltid forann der og da er det kjekt å ha ein plass å sette seg ned med kaffikoppen. Vart veldig kvit, men den blir vel meir "shabby" med tida. Med nokre roseputer frå Kid vart det i alle fall riktig så komfortabelt der : )


Nr. 2: Min kjære sambuar tok ei økt og gravde ut det siste beddet på sørsida der det skal bli terrasse. I morgon skal me til Plantasjen i Gravdal (eit heilt nydeleg hagesenter, slett ikkje slik mange av Plantasjen-butikkane ofte er) og kjøpe jord og Vrihassel. Har så lyst på eit slikt tre for dei er så dekorative - både inne og ute. Dei andre plantane som skal i beddet der står klare til å sleppe ut av pottene sine.