søndag 29. juni 2008

Draumen...

Eg må innrømme at eg av og til drøymer om eit anna slags liv. Då meiner eg absolutt ikkje dei personane eg har i livet mitt - eg elskar vetla og sambuaren min høgast av alt her på jord. Måten eg tilbringer mesteparten av tida mi på si side er ein annan sak. Eg eller min betre halvdel leverer vetla i barnehagen, og så er det avgårde på jobb, køkøyring. Eg har kontorjobb, og sjølv om det er av den utfordrande og varierte sorten, så likar eg mykje betre praktisk arbeid der ein kan vise til noko fysisk.
Så er det å plukke ho opp (etter køkøyring igjen), heim og lage middag og prøve å finne på noko artig før leggetid. Ofte er både ho og me så slitne at det blir heller labert. Så kjem dei etterlengta helgene. Ting må gjerast som ein ikkje har funnet tid til i løpet av veka, og så skal familie og vener besøkast. Og så var det søndag kveld gitt..
Eg kjem frå gard og har to foreldre som i stor grad har styrt dagane sine sjølve. Dei har skapt sin eigen arbeidsplass og har satsa og investert mykje oppigjennom åra. Dei driv framleis på fullt. Eg tenker stadig oftare at eg vil ha det slik og. Eg vil ikkje stresse og delta i køforureininga kvar dag. Eg vil kunne ha hestar og god plass rundt meg. Eg har til og med funnet draumeeigedommen for denne livsdraumen... Kva syns de?
Vinteren yter den ikkje rettferd, Huset er fantastisk med utskjeringar og vinterhage. Kunne blitt saker det der! Og eg har jo ikkje heilt slått det frå meg heller : )
Ankepunktet er sjølvsagt vetla. No bur ho i eit byggefelt med mange ungar på eigen alder. Ho går i barnehagen med dei samme ungane og den ligg 100 m ned i vegen. Når me kjem så langt ligg skulen 300 m lenger borte på same sida av vegen. Alt er veldig praktisk. Draumeeigedommen ligg på ein liten plass med nesten ingen ungar (bortsett frå søskenbarn : ) Skule og barnehage er på andre sida av fjorden, så dei må ta ferje kvar dag. - Slik eg hadde det forsåvidt, og eg har berre positive minner derifrå.
Er det nokon som har noko erfaring med slike valg? Solskinnshistoriar eller det motsatte.. Eller berre kloke ord? Alle innspill mottas med takk. Tenker meir og meir på det..

torsdag 19. juni 2008

Peppermyntebusk

Måtte berre ta ein pause frå frustrasjonen med å finne ut forholdet mellom pixlar, PPT og LPI. Det er nok veldig enkelt, men eg finn altså ingen grei måte å overføre pixlar til LPI. Under den nydelege blomsten på ei peppermyntebusk. Fantastisk søt!

Det er ikkje veldig hagever her for tida, det bles surt og rett som det er styrtregnar det. Men litt tidleg å klage på dårleg ver enda med alt det fineveret så friskt i minne. Veka har gåt utruleg fort, og snart er det helg att. Sambuaren skal jobbe laurdag og søndag, så det vert nok ikkje så mykje gjort denne helga heller. Har stoppa litt opp no syns eg... Er litt utolmodig, så må stramme han opp litt : )

Ha ein strålande kveld alle saman!

tirsdag 17. juni 2008

Huskeliste

Da eg framleis ikkje kjem meg på Internett heime (to dagar med leverandørtrøbbel no), så vert det ikkje mykje nytt her inne. Eg tenkte imidlertid, mest for meg sjølv eigentleg, å lage ei huskeliste over det eg tenker eg må flytte på til hausten. Eg har mest lyst til å flytte på ting med ein gang eg kjem på det, men for plantane sin del kan det nok vere greit å vente.

- Skogskjegg må flyttast til ein plass der den ikkje tar rotplassen frå plommetreet - Ferdig!
- Kvite Arendspir i rosebeddet må flyttast (kanskje saman med Skogskjegg?), og Lavendel må plantast langs kantane.
- Blomster i trappa mot aust må flyttast opp i berget (kan gjerast med ein gang) - ferdig!
- Omorganisering i beddet, flytte like plantar saman der dette vert finast - ferdig!
- Flytte asters saman i det smale beddet (dersom den som står der no trivast) - ferdig!
- Plante rabarbra i beddet under jordbæra

fredag 13. juni 2008

Blogg-tørke

Det skjer ikkje så masse i bloggen akkurat no, og det kjem av mange ting. Eg har fleire "oppdrag" liggande som må unnagjerast før eg kan ta "kosen". No er det ikkje lite koselege oppdrag heller forsåvidt, eg skal lage utkast til reklame på bil for foreldra mine, samt lage kort for salg til dei. Eg syns jo slikt er kjempeartig, men ein skal jo få tid til det og...

Noko som passar dårleg til masse å gjere er at eg er så trøtt for tida. Eg trur overgangen ferie - kvardag tok litt knekken på meg, men når eg får helga på meg går det vel seg til.

Eller det spørst vel, til helga har me nemleg planlagt dinner and a movie på byd'n. Me skal ut å ete på Potetkjellaren (for dei som er Bergens-kjente) og så på kino og sjå Sex and the City. Eg elskar den serien, og sambuaren har også naturleg nok sett den (har ikkje noko valg stakkar..), så no står filmen for tur. Er kanskje meir ein typisk jentegjeng-aktivitet, men trur nok det kan bli bra med sambuar og : )

Ha ei strålande helg alle bloggarar!

mandag 9. juni 2008

Legoland - ei hagevandring

Legoland er imponerande med alle sine miniatyretterligningar frå ulike stader og bygningar rundt om i verda. Men det er ikkje berre bygningane som er imponerande. Under er nokre bilder frå Legoland og dei utrulege miniatyrhagane rundt husa. Og alt er ekte plantar!!





Det må nok litt av eit gartnarteam til for å holde alt det der i så flott stand - for ein utruleg artig jobb det må vere. Eg fekk nesten lyst til å anlegge miniatyrhage heime ei stund, men kom fram til at det var best å holde seg til den opprinnelege planen : )

søndag 8. juni 2008

Fangsten frå Danmark

Må berre vise fram kuppa frå Danmark. Under to rustikke "klatrestativ" kjøpt på eit supermarked i Hirtshals for kr 100 - til sammen! Ganske fornøygd med dei : )

Så kjøpte eg eit lite fuglebad på stett i jern til å ha i beddet med steinhellene. Syns det var kjempeskjønt. På samme hagesenter kjøpte eg små potter eg tenkte å ha takløk i til 10 kroner stykket. Litt lenger borti vegen fant eg den sjarmerande korga.


Nokon veldig shabby potter til å henge på veggen fant eg på samme plassen som korga, og så er det pottene eg nevnte over (til takløken : )

Til slutt, hageredskap frå Garden Angel og hageredskap og bøtte og vatningskanne til vetla. Robuste og fine og sjå på. Og rundt omkring på bilda, nokre av alle steinane me samla på stranda rett nedanfor huset med budde i. Er nesten vel så begeistra for dei som for alt det andre : ) Ein god fangst vil eg seie. Av shopping til meg vart det litt mindre utbytte, er ikkje like flink der..


Har så mykje å vise dykk!

Eg er no tilbake frå ferie, og sjølv om den har vore alle tiders er det alltid veldig godt å komme heim (spesielt etter 12 timars bilkøyring og ei lita som kasta opp 5-6 gangar undervegs..). Men no er alle vel i hus, og eg har fått sett kjapt over hagen. Og du verden så mykje som har skjedd - det har eksplodert! Det er tilsvarande mykje som må gjerast, og eg gler meg til å ta fatt på det! Me har altså vore i Danmark, på Skallerup Klit Feriesenter, og eg har shoppa ein del - til hagen : ) Har kjøpt masse fint, pluss at me har samla med oss ei halv strand med stein.. Medan me var i Danmark var me og i Legoland, og så imponerande alle byggverka enn var - eg var nesten like imponert over hagane som fulgte med. Det var ekte plantar i miniatyr, heilt utruleg flott! Så de skjønnar, eg har masse å gjere i hagen framover og masse eg vil vise dykk i bloggen. Og så må eg jo legge ut awarden eg fekk frå Moseplassen - takk for den, det set eg stor pris på!

Fortsettelse følger....