torsdag 24. juli 2008

Mose som bunndekker...



Kva tenker de om dette? Bakdelar? Eg har ein plass der eg skal ha eit par trær (mindre trær), sandkasse til Eirill, litt heller til å gå på og nokre steinar her og der. Men innimellom alt dette vil eg ha bunndekkarar. Eg vil ikkje ha plen for området er så lite at det ikkje er verdt grasklipparen. Eg vil imidlertid gjerne at det skal kunne gå an for små barneføtter å gå på det utan at det vert øydelagt. Og mose er jo flott å sjå på og fantastisk mjukt å gå på. Skjønnar ikkje heilt kvifor alle er så i mot det : ) Kanskje Moseplassen har nokre tankar om det? : )

Tillegg:
No har eg fulgt linkane inne hos Moseplassen, og er blitt heilt i hundre - mose skal det bli! No må eg berre finne ut kva slags mose som kan like seg der og som tåler å bli trakka på : )

Begge bilda er fra Flickr, frå Mosetempelet i Japan.

onsdag 23. juli 2008

Snart ferie!

Da er det snart ferie, berre tre dagar att til tre vekers fri! Og du verden som eg gler meg : ) Me har bestilt terrassebord som kjem på fredag, så me har forsåvidt planane klare for kva me skal ta oss til. Sjølvsagt skal det bli plass til masse kos og, men det vert i alle fall kjekkare å opphalde seg ute når terrassen er på plass. Da kan vetla få opp eit lite basseng, og ein kan innta måltida ute på skappeleg vis.

Me skal ein tur til besteforeldra til vetla i Sogn, men når dette vert tek me litt på sparket. Litt deileg med ein ferie utan bestemte planar - eit blankt lerret (som mest sannsynleg fer utruleg fort forbi). Må nyyyte så lenge det varer : )

Var innom Plantasjen for eg hadde fått nyss om at det var stort hagemøbelsalg fra mandag av. Det viste seg no at dei hadde satt dei enkelte møblane ned til det nivået du fekk dei for ved å kjøpe heile gruppene. Litt luresalg spør du meg. Me for vår del vil i alle fall ha bord OG stol/benk når me handlar hagemøblar... Ja, ja, me har uansett brukt opp pengane på terrassen, så det får vente : )

mandag 21. juli 2008

Dukkehus - kledningen kjem på

Her er altså utgangspunktet - eit ca 20 år gamalt Lundbyhus. Dei har ikkje forandra planløysinga noko særleg : )

Og her, på skeive, utstyret som skal gjere huset meir "ekte" - hmmm, ja eg veit det er eit dukkehus.. ; ) Og her ser de før og etter. Det skal sjølvsagt malast når eg kjem så langt.
Eg lurer litt på å bruke vårt hus og våre møblar som modell og inspirasjon, kan kanskje vere litt artig for vetla med noko ho kan kjenne att.

Fortsettelse følger...

Terrasseprosjekt og andre prosjekt - status

Slik ser det altså ut, terrasseprosjektet vårt. Bjelkelaget kjem på plass etterkvart så me satsar på å vere klar til terrasseborda kjem. Dei har ei leveringstid på eit par veker.
Det skal bli så ufatteleg kjekt å få det på plass, uteplassen vil verte sååå mykje meir anvendeleg for alle tre. Vetla kan sykle, og me kan tasse ut utan sko - deileg!
Det andre prosjektet, skråningen på austsida, kjem seg. Muren er ferdig, så no gjenstår å fylle i jord, og plante hekk med meir : )
Midt i jorda og steinura fant eg denne skitne karen
Me slapp han ut i myra på oppsida av hagen, får tru han får det betre der.

Blomster i hagen akkurat no

Japanlykt - vert etterkvart oransje små lykter
FuksiaKlematis, men kjem ikkje på kva type i farten...
...og den nydelege Middagsblomsten!


fredag 18. juli 2008

Hekta på miniatyrar, kva med ein hageminiatyr...?

Eg har ein tendens til å bli litt oppslukt i prosjekt eg set meg føre. Eg har no kjøpt dette bladet - elskar å bla og pønske og planlegge dei ulike fasane.


Ein annan ting som eg vart litt tent på var ein ide eg fekk i "Vakre Hjem", siste utgåva. Det var nokon som hadde laga eit miniatyrhageutsnitt i ein lav kasse. Utruleg sjarmerande, og kanskje ein måte å prøve ut idear ein har før ein set dei ut i live i stor størrelse (og med tilhøyrande økonomisk investering)? Trur nesten eg skal prøve å lage nordsida av huset på den måten før me set i gang. Herlegheit - korleis skal eg få tid til alt? Godt det er ferie snart! : )

Fredag! Og berre ei veke til ferie : )

Eg har satt meg opp på ferie seint i år. Me var ein tur til Danmark første veka i juni, og dermed så tenkte eg det kunnevere greit å spare litt på resten av ferien til utpå sommaren. Må innrømme at det har vore rimeleg seigt å sjå på alle dei ferieklare folka som har takka for seg ein etter ein. MEN - no er det altså berre ei veke att + at det jo har meldt strålande ver! Lovar godt så langt. Og så er det jo kjekt å begynne på ferien når andre byrjar å komme tilbake og da.. : )

Eg kom meg såvidt i gang med dukkehusprosjektet mitt i går. Kjøpte inn tynne trestrimler og små firkanta trestykker (æh.., har tatt bilder som eg skal legge ut seinare), og satte igang med å legge kledning på huset. Tenkte å la det ligge ein dag for å sjå om det held å bruke trelim slik eg gjorde.

Eg skal altså først gjere ferdig det utvendige (ikkje hage og den biten, berre kledning og takstein), og så vert det tapetsering inne. Det kjedelegaste først : ) I mellomtida har eg tenkt å samle litt inspirasjon til dei ulike romma slik at eg har litt bilder i houdet når eg skal begynne. Eg har tenkt å kjøpe "Et dukkehjem", sikkert litt stoff der til å drømme seg vekk i.

Sambuaren min nærmar seg no ferdig med mureprosjektet på austsida av huset, og me kan da endeleg få opp det hersens gjerdet og få planta hekken eg var å "stjal" med meg frå svigermor. Det er liguster, og eg har tatt ein haug med avleggarar som står og godtgjer seg i ein vase no. Ho tok nokre avleggarar i fjor haust og stakk dei rett i jorda, og dei veks som berre det. Villig plante!

Me må og bestille terrassebord. Me har tenkt å gå for Creolimpregnert, den som ser litt svart ut i starten. Går etterkvart over til å bli meir gyllen, og så kjem det litt an på kva ein sjølv gjer med den. Har mykje på oss med andre ord!

Bilde frå http://www.larvikimp.no/

Dette vart eit sabla langt innlegg - ha ei strålande helg alle sammen!

torsdag 17. juli 2008

Dukkehus

Eg har lenge hatt lyst til å lage dukkehus/miniatyrhus frå grunnen av - hus, møblar og alt. Det har imidlertid stoppa på tid til rådighet og det at eg ikkje veit om det er så artig som eg trur : ) Eg har no kommet fram til ein genial løysning for å teste ut om det er ein kjekk hobby å ha. Eg har eit Lundbyhus frå eg var liten. Romløysinga er som i huset under, men ikkje interiøret.

Eg har ei jente på 2,5 år som enda er litt for lita til å leike med små skjøre møblar (!), men som har byrja å interessere seg for den type leik. Ho har no eit arva plastdukkehus som det ikkje er så nøye med. Medan ho veks seg stor nok til å setje pris på min framtidige iherdige innsats for å lage fine rom og møblar, så kan eg gjere ein innsats med nettopp det - altså å lage fine rom og møblar (puh!).

Eg ser for meg å renovere huset fullestendig, gjere det meir personleg, nye golv og maling/tapet på veggar, sjølvlaga møblar så langt det går osv. Trur det vert kjempeartig! Og så må eg jo lage ein hage til dette huset - det seier seg sjølv! Eg skal halde dykk oppdatert : )

søndag 13. juli 2008

Litt av kvart

Etter å ha prøvd ut ein søt blå typisk sommarblomst som tørka ut på kort tid, falt valget på denne saken - "For den tørreste plassen i steinbeddet". Kanskje den kan klare seg i disse krukkene som heng på veggen. Dei er veldig sjarmerande å sjå på, men dessverre ikkje store nok til så masse jord rundt potteklumpen..

Vetla likar godt vatn. Det er ho antakeligvis ikkje aleine om vil eg tru. Fuglebadet er derfor populært å leike i. Spesielt artig er det å ta ut steinane som ligg i det, og legge dei på plass, og ta dei ut, og legge dei på plass...
...eller å legge dei i fanget til mamma eventuelt : )

Ha ein fin søndag alle saman!

lørdag 12. juli 2008

mandag 7. juli 2008

Siste bed på plass mot sør!

Eg har lenge irritert meg over dette beddet. Det er det siste som står igjen langs kanten mot berget, og eg ville gjerne ha det på plass før me startar med terrassebygging. Slik såg det ut før make-over (vert litt ekstra stor kontrast sidan det knapt har kommet noko grønt på treet i det heile tatt, men men...)


...og slik ser det ut no i kveld etter at eg har omrokkert og flytta på plantar. Inn mot berget til høgre står ein Eføy som skal få dekke alt det grå (mykje skygge inni kroken), foran står Skogskjegg (her kan den vokse seg stor utan å plage plommetreet). Bak plommetreet står Revebjeller og to kvite Arendspir (trur i alle fall det er det dei heiter), og foran langs kanten står ulike Georginer. Er ikkje heilt klart, skal ha litt steinar og diverse for å bryte opp, men ein klar forbetring syns eg.

Sånn ser det altså ut bak huset vårt per i dag. Det er klargjort for terrassebygging, og i løpet av ferien trur eg me skal ha den på plass. Gler meg så inni heite til å få den på plass og lage nokre koselege sitteplassar rundt omkring. Tenker å ha ein pergola med plantar som klatrar som kan gi litt skygge, og ellers eit stort bord til utemiddagar og -frukostar...

...og kanskje ei slik ei på ein litt skyggefull plass mellom to Syriner med mjuke puter og tepper i - det skal bli bra tenker eg : )


(Frå Ikea)

lørdag 5. juli 2008

Hva skjer'a?

Litt detaljar frå hagen. Fuglebadet kjøpte eg i Danmark, og sjølv om det ikkje har tiltrekt seg så mange fuglar enda, så er det ganske søtt likevel. Då eg tok dette bildet hadde vetla putta ein blomst oppi før eg kom heim frå jobb - er det ein liten designspire me ha fått? : )


Georginene blomstrar, og denne oransje varianten har eg ikkje hatt før. Flott farge!
Og så solsikka da. Den vinn ikkje høgdekonkurransen, men er flott åkke som. Står og stråler for seg sjølv.
Dette er middagsblomstrane eg sådde i vår. Dei såg så puslete ut i krukka si, men skal seie dei fekk fart på seg da dei vart planta ut. Det ser nesten ut som dei har mutert...

Og til slutt, den kvite buskrosa mi. Endeleg kom den, og den dufta!! Nydeleg.