søndag 31. august 2008

Tur til Ljones, Tørvikbygd

I helga var me så heldige å få tak i firmahytta til sambuaren sin jobb da den plutseleg vart ledig. Den ligg i Hardanger, eit par timars køyring frå der me bur. Må seie det kom på eit veldig bra tidspunkt, hadde levering av ein stor rapport på jobben på fredag, og har hatt skuldrane oppunder øyrene eit par veker no. Me storkosa oss på hytta, masse bading (innvendig basseng : ), god mat og nydeleg ver - fristar til gjentagelse! Under litt bilder, det første var utsikta frå terrassen : )




Bomma litt først, men det tok seg opp etterkvart...
Eit eller anna stort på kroken her, ja!

tirsdag 26. august 2008

søndag 24. august 2008

Tid for krabbe

Uti august er det tid for å lyse etter krabbe, og min kjære og svogeren hans var ein tur forrige helg. Dei hadde med seg ca 60 krabbar heimatt - kjempegode og fulle av mat. Me har kokt ca halvparten, og resten ligg og godgjer seg. Dei må nok snart takast dei og, men det bør ikkje by på noko problem så fint ver som me har for tida (det er jo ein utandørs ting det her..). Under møter vetla krabben for første gang..




lørdag 23. august 2008

Og da var hagemøblane på plass...


Betre seint enn aldri er det noko som heiter, og det kan vel kanskje vere passande her. Seint i august har me altså funnet oss hagemøblar. Det var finn.no som gjorde susen til slutt, ei smijerns spisestove kjøpt i 2003 for 15.000 (?) skulle selgast like ved der me bur. Og vips - der var hagemøblane våre! Noko ikkje alle andre har - og for berre 1400 : )

fredag 22. august 2008

Tur til Nystølen




Terrakottapotter - gammal look

Eg veit eg har lest det ein plass, korleis få nye terrakottapotter til å få den litt kvitvaska, gamle looken, men huskar ikkje kvar. Eg er sikker på at ein av dykk smarte hagefolk sit inne med denne kunnskapen og ville vere veldig takknemleg om de ville dele den med meg!

Eg har nemleg tenkt å plante om Pelargoniane mine i større terrakottapotter før eg tar dei inn, men den nye oransje fargen dei har i utgangspunktet er ikkje så sjarmerande.

Eigentleg var pellisane mine (har lært eit nytt ord) ein liiiten skuffelse. Nesten litt stygt å seie det for dei har blitt store og fine sånn sett. MEN, på frøpakken såg dei kvitrosa ut, mens dei i realiteten vart ganske så knall rosa... Får jakte litt på andre sortar i løpet av vinteren.

Over til noko heilt anna - denne bloggen treng ein make-over no når hausten nærmar seg, merkar eg har kommet over i ei anna årstid i hovudet sjølv om veret er strålande og varmt ute enda. Litt delte følelsar om det, vemodig og litt kos på samme tid. No vert det meir tid til alle inneprosjekta som har tatt form i hovudet gjennom sommaren.

onsdag 20. august 2008

Terrasse i sør er ferdig!

No er me så godt som ferdige med terrassen, byggetrinn 1 : ) Mot aust (første bilde) har me tenkt å lage levegg for å holde vinden vekke, og skjerme for innsyn. Det vert kanskje ikkje denne hausten, men det kjem alltids ein ny vår...




Både små og store kosar deg veldig med "ny" uteplass bak huset. Vetla kan sykle, og me kan tusle ut utan sko. Og så vart det mykje ryddigare, og eit stort pluss! Da kan me krysse av eit prosjekt på lista : )

Så va' det på'an igjen...

Da var ferien over gitt, og rett på jobb til noko som var så langt frå ein mjuk start ein kan komme. Kjenner allerede at stressteikna har byrja å sette seg i kroppen. Eg må rett og slett finne på noko snart, for slik har eg ikkje lyst til å ha det særleg mykje lenger.

Oppi jobbstart og travle morgenar, er det jo greit å tenke på at sommaren skal vare nokre veker til slik at me kan få nokre varme kveldar i lag før det er på tide å pakke seg inn i ulltepper og drikke kakao.

Eg har ein heil del bilder å legge inn, men har ikkje kommet meg så langt enda. Har fått avslutta eit par prosjekt i hagen, handla utemøblar og ellers vore på litt tur her og der. Men det kjem litt etter kvart, vert ein måte å strekke hagesesongen på. Og så må eg lese meg opp på haustlege oppgåver i hagen.

Ei lita "utfordring" til de som les dette: Kva gjer de i hagen om hausten for å gjere den klar til vinteren og neste vår/sommar?

torsdag 7. august 2008

Tilbake fra ferie og terrasseoppdatering

Da er eg tilbake frå ferietur til Sogn, og me har kost oss masse der. Kjempeflott ver, masse bading og overnattingstur på fjellet. Skriv litt om det seinare.

Før me reiste starta me på terrassen, og me kom ca halvvegs. Bildet under er status slik me forlot det.

Me har kommet litt i gang att og har laga avslutningen på terrassen. Da er det berre att å stive av bjelkelaget der strekket er lengst og skru på resten av terrasseborda. Blir kjempebra, og eg er veldig fornøygd med fargen på creolimpregneringa!