tirsdag 30. september 2008

Eg har forsømt meg...

...med bloggskriving i det siste. Det har skjedd saker og ting (gode saker og ting : ) som har tatt litt fokus, så da har eg heilt gløymt meg. Ute regnar det meir eller mindre heile tida, og me har hatt vår første fyring denne helga. Litt kos er det jo da, med hausten meinar eg, men fint ver hadde gjort seg. Hagen står fortsatt med flotte blomster, men det er ikkje så ofte eg er ute og nyt den. Fekk gjort masse forrige helg, og har fått flytta på det som skal flyttast, så alt er eigentleg klart for vinteren.

Under er vetla, sambuar og to nieser i gang med å disse på ei firemannsdisse. Den ligg i ein naturleikeplass som barnehagen styrer - kjempekjekt!

søndag 21. september 2008

Forkledningens mester

Vart litt imponert av den her karen i dag. Skulle til å klippe vekk det eg trudde var ei vissen grein av buska, då det plutseleg krølla seg sammen. Plukka den opp og det viste seg å vere ei åme. Då eg la den i handa vart den stiv som, ja, som ein pinne : ) Utruleg bra forkledning!


Dukkeseng-makeover

Før:


Etter:


torsdag 18. september 2008

Besøkande nr 1000 : )

Artig med runde tall, så måtte berre markede det med ein lite innlegg. Eg har ikkje vore noko aktiv her inne i det siste då eg har vore litt opptatt med å lage bursdagsgåve til vetla. Eg har kjøpt babyborn-dukke (veldig lite originalt, I know), og har begynt å lage klær til den. Eg har lånt ei fantastisk kjekk bok av mor mi med oppskrifter på kjempefine dukkeklær i den størrelsen. Eg har og malt den gamle dokkesenga til sambuaren (!) min, og laga nytt sengetøy til den. Vart veldig fint, syns eg sjølv i alle fall. Så håpar eg berre at det fell i smak hos vetla. Men no er det tomt for strøm her, og eg har ikkje lasta bilda opp til pc'en, så (relevante) illustrasjonar får komme seinare.



I alle fall veldig kjekt at så mange har kikka innom sidan eg la til teljar, og velkommen innom att når det skal vere! Kan vere bloggen no dreiar meir mot interiør og hobby, men før ein veit ordet av det er det vår og knoppane sprett igjen : )

Og så nærmar det seg helg! Jippi!!!

fredag 12. september 2008

Hekken på plass - igjen...

Eit lite tilbakeblikk på prosessen - masse stein, muren er ikkje påbegynt aust mot naboen.
Under er muren kommet på plass og me er i gang med å køyre jord. Ein tung jobb, for det er like bratt som det ser ut til : )


Og til slutt; nye hekkeplantar er kommet på plass. Svigermor hadde nok "fjordårs-liguster" til heile skråningen, så eg bytta ut dei eg hadde satt ned. Trur desse har bedre forutsetningar for å klare vinteren. Har flytta ned litt staudar som har fått lite sol der dei har stått, så dei ser litt skrøpelege ut. Kan vere eg må flytte litt meir på dei etterkvart. Og så har eg flytta alle Primulaene hit, ser ut som ein grønnsakshage for øyeblikket, men får nok orden på det etter kvart. Er i alle fall veldig glad for å kunne krysse austsida av lista. Og så er alt klart for nordsida til våren, det er det artigaste prosjektet! Skal bruke vinteren til å planlegge og teikne : )



torsdag 11. september 2008

Hjortefarmen på Ornes

Eg kjem frå gard, og må seie eg saknar det frå tid til annan. Me reiser så fort me har ei langhelg, og det er utruleg kjekt - det er alltid noko som skjer. Dersom dei mindre gardsbruka skal klare seg må dei være villige til å tilpasse seg. Mine foreldre har gått frå å drive med kyr og eple, til sauer, bringebær og eple og overnatting/kafe, til no hjort, bringebær m/vidareforedling, utleige, kafe og eple m/vidareforedling. Eg må seie at eg er utruleg imponert over kor tilpasningsdyktige dei er og den drivkrafta dei har. Eg kjem altså frå Urnes Gard og under er det litt bilder frå hjortefarmen.


mandag 8. september 2008

Haust ved inngangen

No var det på tide å la hausten innta inngangen. Under har treet til høgre fått større potte og nokre små vintergrønne plantar rundt (Hebe blant anna), og kuletujaen har fått lyng og eføy rundt kanten. Også lyng i korgene, har litt dilla på lyng om hausten : )





Nyt hausten folkens!

søndag 7. september 2008

Sjølv om sola skin og det er kjempevarmt på dagen, så er det så absolutt haust. Kanskje spesielt i hovudet mitt. Så no er det om å gjere å fullføre prosjekt, flytte plantar og rydde. Til no er terrassen ferdig med trapp og det heile, hekken (plantetrinn 1 : ) er på plass, siste del av skråningen mot nord er nesten fylt med jord, plantar med for små potter er potta om og inngangspartiet er klart for haust. Bilder kjem etterkvart, tenkte å ta nokre i dag, men då eg var ferdig var eg så køyrd at eg kræsja på sofaen. No er det snart Bitre Blomster på dvd.

Men, først ei lita huskeliste så eg kjem i mål før hausten vert orntli' haust:
- Flytte to av plantane i skråningen
- Flytte Primulaene til austbeddet
- Flytte mynteblomsten til Syrinbeddet
- Plante løk
- Flytte middagsblomsten (tar knekken på Buksbommen..)
- Plante ut brudespireaen i skråningen

Kjem ikkje på meir i farten, men må nok utvide lista etterkvart. Forhåpentlegvis kan eg og stryke litt etterkvart : )

mandag 1. september 2008

I forbifarten...

Under kjem litt bilder under kategorien "Kva eg såg på veg heim frå Ljones" Først ut: tre midt i vegen
Så; flott vatn med masse langt siv i haustfargar og vannliljer - vises ikkje så godt på bildet, så de må ta mitt ord for det : )
Steindalsfossen rigga og klar for konsert/danseshow. Sikkert ei flott oppleving for dei som fekk det med seg!
Ei lodden løe... Nokon som veit kva som vert brukt på veggen her?
Kvamskogen er jo ein hyttelandsby frå ende til annen, og først eit lite "skrekk"-eksempel. Klarer ikkje å sjå det vakre i ein slik farge. Og bildet lyg - til det betre!
Må jo ta med eit lite glansbilde og, syns denne her var ganske flott. Hadde funka som hus for meg det her : ) Så, det var skeive, ufokuserte bilder i forbifarten tatt ut av bilvindauga. Det er ikkje den ting som er for trivielt til å bli blogga om : )