mandag 26. januar 2009

Juletreribbing og kjøkkenmontering

Ja, eit lite samansurium denne gangen altså. Gårsdagen (søndag) var det strålande ver, og då me omsider fekk lurt med oss vetla ut (ein av dei sjeldne gangane me må ty til luring..), fekk me endeleg kvista juletreet som har lagt utanfor terrassedøra sidan første helga etter nyttår. Litt seint ute fekk nokre utvalde plantar litt varmande granbar (eller furubar...?) på seg, og me vart kvitt julespøkelset.
Og i dag fekk eg avslutta eit påbegynt prosjekt på vetla sitt soverom, og det er jo alltid kjekt. Ho har eit ganske lite rom (drøyt 6 m2), og kjem til å ha det ei stund (fram til me syns ho er gamal nok til å ligge i ein annan etasje enn oss - altså leeenge til : ) Med eit så lite rom seier det seg sjølv at plass vert ein utfordring, og eg er alltid på jakt etter smarte løysningar. Ho hadde tidlegare eit lite kjøkken (av typen plast med vask og mikrobølgeovn mv), men eg syntes det tok alt for stor plass på det vetle rommet. Derfor har eg no laga kjøkken i nederste delen av klesskapet hennar, og det vart veldig greit. Og så kan ein berre late att døra når det ikkje er i bruk. Utanpå dei nederste dørene har eg malt med krittmaling, så der har ho tavle. Slik vart det:


Kanskje må eg lage ein litan vask til venstre på plata, men det vert ikkje med det første : )

onsdag 21. januar 2009

Heime med sjukt barn

I dag er eg og vetla heime fordi ho i natt og dag tidleg hosta stygt og hadde surkling i halsen. No, derimot, virkar ho uforskamma frisk og opplagt og er i full gang med å vaske (!). Ho har vore litt skral ei stund, så eg trur nok likevel det var på sin plass å vere heime i dag. Vil tru ho ikkje akkurat hadde vorte betre av å vere ute i det veret me har i dag. Så da er det husvask på gang. Klarte å støvsuge opp ein matavfallspose, så no er eg spent på seinvirkningane av dette... Men kan ikkje la det stoppe meg!

I underetasjen går det sakte, men sikkert framover. Takplatene er halvvegs på plass, og det samme er platene på veggane. Eg kan jo ikkje male slik eg er no (eller var det kommet maling som ein kunne bruke sjølv om ein er gravid skal tru?), men planlegge kan eg. Når rommet er ferdig plata må me få elektrikar på plass til å koble strømmen på begge romma (eit er me nesten ferdig med), så er det listing og dermed er i alle fall det eine rommet ferdig og kan innredast. Skal bli greit å få skappeleg gjesterom på plass. Og så må me etterkvart flytte ned kontoret, for på det rommet skal jo den i magen ha når den tid kjem. Så me har litt å ta oss til før våren kjem.

Såg forresten på bilda frå hagen 2008, og akkurat no er det veldig vanskeleg å forestille seg at det kan bli slik igjen. Men skal berre sjå at når våren kjem så skjer det igjen! Gler meg allerede!

søndag 18. januar 2009

Hekledilla

Da var januar godt i gang, og all den oppsparte energien fra juleferien forsvant etter ei veke på jobb. Det litt vel hektiske løpet frå før jul er i gang igjen for fullt, og det vert vel mars før det gir seg. Men, litt hobbyvirksomhet vert det no tid til om kveldane, og no er det hekling som er tingen : )
Først ut: ein hekla bikini. Jepp, måtte rekke opp at ein del gangar for eg fann ikkje ei oppskrift eg likte. Da måtte eg prøve og feile. No må sommaren berre komme : )

No er eg i gang med ei vognteppe til jenta som er på veg. I tillegg til de i to fargane på bildet, tenker eg å ha nokre kvite lappar (som bikinien), og trur eg skal setje dei saman litt på måfå.

Men nu er det tid for "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu" - den må me ha med oss. Kosar oss med dei programma både eg og min betre halvdel. Kanskje me drøymer oss vekk litt...?

mandag 5. januar 2009

Tilbakeblikk på juleferien

Tre jenter på skitur. Vetla bakerst har sin første tur på ski!

Go'hunden min Rugg sammen med niesa mi. Rugg bur i Sogn på garden til foreldra mine.
Og til slutt - litt stjerneskudd til å ønske eit nytt år velkommen!

fredag 2. januar 2009

GODT NYTT ÅR!

Da var me såvidt i gang med eit nytt år - 2009 - og eg er tilbake att på jobb (er fredag i dag, så står det nok over til helga kjem :) Tilstanden er imidlertid ein heilt anna enn den var dei siste dagane før juleferien. Føler meg utkvilt og er nesten heilt frisk, så eg ser så langt lyst på det nye året!

Juleferien starta nemleg to dagar før planlagt med "hjemme med sykt barn". Så var det dei vaksne sin tur. Dermed måtte den planlagde jula i Sogn til romjul i Sogn i stadenfor. Me var heldigvis såpass oppegåande til julafta kom at me fekk ei koseleg julefeiring saman med sambuaren min sin familie. For han vart dette den første jula heime på drøye 10 år, og for meg vart det den første jula eg ikkje var med familien min... kanskje på tide for oss begge?? Ellers er logikken bak julefeiring hos min familie at dei trass alt ikkje får bursdagar og kvardagar gjennom året, så at dei får jula syns eg eigentleg er rett og rimeleg : )

Dagane i Sogn vart delvis tilbrakt ute i nydeleg ver med skigåing og aking, dels inne med kaffidrikking og prat for dei vaksen og leik med søskenbarna for vetla. Trur alle kosa seg!

I dag er det tid for den ordinære UL'en, og me er sjølvsagt spent på det. Me har begge lyst til å vite kjønn, om det vert eit valg, og ellers så er det jo alltid ei viss spenning rundt kva dei kan sjå på ul, om alt er i orden.. Vetla er hjå besteforeldra så lenge, dei er visstnok ikkje så glade i barn utanom magen på KK : ).

Ellers har eg mange planar for det nye året. På jobben er filofaxen full fram til eg kan ta permisjon, og det er ikkje langt i frå det samme på heimefronten. Forskjellen er at det er sjølvvalgt. Eg har altså følgande på tapeten: Scrapping, restaurering av dokkehus, møbelsnekring (til dokkehuset), hekling (vart bitt av basillen i jula), fotografering (fekk ny linse til jul!) og så bloggskriving sjølvsagt : ). Burde vel halde for ei stund det.

Det trur eg får halde som oppsummering og planlegging for no, vil då berre håpe for alle på eit flott og innhaldsrikt nytt år!