torsdag 26. februar 2009

Scrapping in spe

Eg er veldig nybegynnar i scrapping, og sjølv om det er litt pinleg, tenkte eg å legge ut nokre LO'ar etter kvart sjølv om dei er veldig i prøvefasen. Tenker det kan vere litt artig å sjå utviklingen som forhåpentlegvis vil komme...

Bokstavane og "swirlane" på den siste er forresten kutta med min nye digitale kuttar - er veldig fornøygd med den så langt!

tirsdag 24. februar 2009

Givande dag på legesenteret

Da er eg tilbake frå ein lang dag på legesenteret. Det byrja med at jordmora syns eg hadde eit vel stort symfyse-mål, og satte opp kontrolltime hos lege med tilhørande glykosebelastningstest. Eg las litt om det på forhånd og vart kvalmare og kvalmare berre ved tanken. Ein skal drikke ei blanding av druesukker og vatn, vente i 2 timar og så måle blodsukkeret. Dette for å sjekke om det er svangerskapsdiabetes (da blir visstnok babyane ofte store). Eg troppa opp og fekk i meg skvipet - det gjekk over all forventning (kan vere smart å ha SVÆRT lave forventningar : ), og satte meg så for å vente i 2 timar - KJEDELEG!
Omsider var det tid for legetime, og då ho målte symfysemålet, så låg det godt innanfor det grønne området, altså normalen. Grunnen til at jordmora starta heile dette styret, var at eg låg 3 cm utanfor det grøne området. Legen meinte at det måtte ha skjedd ein feil enten i målinga, eller då jordmora merka av i skjemaet. Så, enden på visa vart at eg skal inn om 2 veker for å kontrollere at veksten ikkje har FLATA UT. Snakk om snuoperasjon. Og, ja, resultatet av glykosebelastningstesten var heilt fin : )

mandag 23. februar 2009

Myspace

Rett før helga vart sambuar sendt til Ikea med eit oppdrag: Kjøpe Alve skatoll. Heldiggrisen : ) Laurdagen gjekk heile formiddagen med til å skru det sammen - masse puttel! Ikkje den kjekkaste måten å tilbringe ein laurdag på, men eg var veldig fornøygd...
...for dette var resultatet: Min eigen plass til å drive med scrappinga mi. Og når eg er ferdig er det berre til å lukke dørene. Er blitt veldig glad i "myspace" allerede! Før følte eg at eg måtte produsere ein del når eg først henta fram alt utstyret, og slikt blir det hastverksarbeid av. No kan eg lage litt på ein LO, for så å ta den igjen neste dag, - eller veke for den del. Me like!
No er det altså berre å ta fatt på alle dei ideane som står i kø - men eg har god tid!
Ha ei fin veke alle saman!

fredag 20. februar 2009

Color me happy

Eg har, som mange andre (håpar eg, eller ikkje...?), ein tendens til å fokusere forholdsmessig meir på ting eg er misnøgd med enn det eg har å vere takksam for. Eg skal ikkje seie "no more", men å bruke eit innlegg på å snu fokus litt kan jo vere på sin plass. Så; utan meir prat, her er lykke-lista mi pr 20.februar 2009 - dette (blant anna) gjer meg lykkeleg:
  • Å hente vetla i barnehagen, bli møtt med eit stort smil med tilhøyrande stor klem og høyre ho fortelle alt dei har gjort på den dagen med begeistra stemme
  • Å finne kjøkkenet strøkent uten sjølv å ha "strøket" det
  • Å sjå ein god film skulder mot skulder med mannen i mitt liv
  • Fersk avis, ein god kopp kaffi og fred og ro ei stund : )
  • Tid til hobbyar
  • Sol og fint ver
  • Artig lunsjprat med gode kollegaer

Og masse meir! Dette er små hendelsar i kvardagen som gjer meg glad, og dette skjer jo rett som det er! Om ein ser enda større på det, så vert det jo så innlysande at ein ikkje skjønnar korleis ein kan ha ein negativ tanke i hovudet: Eg har verdas beste jente med mannen eg elskar, og me ventar på verdas beste jente nr 2. Me har flotte familiar på begge sider som stiller opp. Eg har gode vener som eg trivst saman med. Me har eige hus, opp til fleire (enn 1) bil(ar), trygge jobbar ( i alle fall så vidt me veit) - så langt jobbar med andre ord finanskrisa FOR oss, for å seie det slik. Eventuelle slangar i paradis vert for gummislangar å rekne!

Eg veit at eg veldig fort fell for freistinga å syte og klage litt, men kanskje eg kan ha som mål å oftare sjå det i sammenheng med alt det som er så fantastisk bra - på sikt kan det kanskje gjere noko med haldninga mi...?

Ha ei strålande helg alle saman!

onsdag 18. februar 2009

Back to normal

Så var det tilbake til det "gode" gamle vèret her i Bergensområdet. No er det slaps og blaut snø, som me alle har lært oss, om ikkje å bli glad i, så i alle fall å kjenne. Grus og asfalt byrjar så smått å komme til syne i bilspora opp gjennom byggefeltet hos oss, og det er ikkje lenger like spanande å sjå om bilen klarer å kravle seg heile vegen opp til huset. Eg har vore ute og måka snø, mest for at det skal sjå litt finare ut, og no ventar eg på "straffa". Bekkenløsning går ikkje så godt i hop med slikt arbeid, men av og til må eg berre ta meg litt ut.

Eg har kanskje ikkje skrive det, men alle gode forsett om å halde litt tilbake på utstyrsfronten når det gjeld scrapping, rauk til i helga. Då bestilte eg nemleg ei digital kuttemaskin. Ein koblar den til pc, og så kuttar den ulike mønster og alle fontane ein har f.eks. Trur på sikt ein faktisk kan spare litt på det sidan ein slepp å kjøpe så mykje alfabet og andre chipboard-pynt. I dag var hentelappen komen i posten, så i morgon skal eg kjøpe litt Bazzill-kartong og hente vidunderet. Gledar meg!!

søndag 15. februar 2009

Krampetrekningar

Me vakna til masse snø i dag, men såg òg at dette ikkje vil vare så lenge. Med 3-5 varmegrader og regn ute, som er tilstanden no, vil nok snøen snart vere historie for denne gang. Men ingen kan seie me ikkje har fått maks glede av den! Ser at det har tar litt lengre tid før ungane er kommet ut for å ake no denne helga, lurer meg på om dei kanskje byrjar bli metta? : )
Me har vore ein liten tur ute i dag for å måke litt snø, lette tunge greiner for den tunge snøen og trille litt snøball (liknar meir på ein snø-puff enn noko anna..).
...Og så har me endeleg kunna lage snølykt! Snøen har til no vore for tørr, men i dag var ikkje det noko problem. No vil imidlertid spørsmålet vere om lykta står lenge nok i regnet : (
Ei litt sløv helg har det vore, vetla er litt sutrete og veit ikkje heilt kva ho vil. Trur ho har godt av å kjede seg litt eigentleg, så eg tar det ikkje så tungt. Det å kunne finne på ting sjølv er ein god eigenskap som me kanskje ikkje har vore så flinke til å hjelpe fram hjå ho.. Etter å ha vimsa mellom å sjå på Shrek, bygge tog, leike med kjøkkentinga sine og bygge lego, har ho no henta legokassen, for så å sette seg å sjå på Shrek. Det skal ikkje vere enkelt! : )
I morgon skal me til København med jobben. Det blir fram og tilbake samme dag, og så 3 timers møte midt på. Litt mykje ståhei for lite, men det er nok og litt for å bli kjent med våre danske kollegaer. Blir nok kjekt!
Ha ein fin søndag vidare! No når snøen reiser er det andre kjekke ting å glede seg over - lysare tider og ein vår som nærmar seg!


lørdag 14. februar 2009

Godt samvit!

Endeleg har eg fullført eit lite prosjekt eg har hatt gåande. Har sett at mange av inneblomstrane kunne ha hatt det betre og romslegare på jordfronten, men det har tatt tid å fått gjort noko med det... Er så mykje anna kjekt å ta seg til om ein har litt fritid : ) MEN; i dag fekk dei tre store, som og var dei tre siste i rekka, ny jord og om ikkje dei er veldig fornøygde med det, så er no eg det i alle fall!
Måtte ta med den her. Kjempeflotte blad på den som er ca 20-25 cm i diameter. Kjøpt på salg hos Plantasjen : ) Veks og trivst, men er avhengig av å ikkje tørke ut, så litt ekstra jord vil nok hjelpe på..
Ellers er det jo alle hjerters dag i dag. Me pleier ikkje lage noko stor ståhei rundt det, men ein god middag skal det no bli - indrefilet av svin med fløtegratinerte poteter, brokkoli og appelsinsaus - nammm!
Ha ein strålande laurdagskveld alle sammen!

onsdag 11. februar 2009

For godt til å vere sant..?

Det er det me tenker om veret for tida. Som nær-bergensarar så er me ikkje vant til at snø ligg lenger enn nokre timar før alt er vått og grått att. Dette er imidlertid andre gangen denne vinteren at snøen kjem... og den blir! Og denne gangen går det over alle støvleskaft! Me er på andre veka med snø og ungar som hoiar i akebakken til langt på kveld. Istappar mot blå himmel er temmaleg eksotisk på desse kantar, det samme er snøtunge tre og busker. På mandag kunne me lese på framsida av ei av bergensavisene: "Ta fri fra jobben og nyt sola". Det var ein god idè! At eg ikkje kom på det sjølv?!? Dei hadde imidlertid sett saka frå fleire sider. I ein liten notis hadde nokre glupe hovud kommet på at; "Ikke alle kan ta fri fra jobben når de vil" (Litt fritt gjengitt, men...). Skal innrømme at me av og til har tenkt tanken at det burde finnast ein "fint ver"-pott med gyldige fraværsdagar i løpet av året. Som eigenmelding ved sjukdom eller sjukt barn liksom - det hadde vore noko!
Inntil da - nyt sola og fineveret som best du kan! Ha ei strålande veke!

søndag 8. februar 2009

Roser og vintervèr

I dag våkna me til ein nydeleg (men kald; -6-7 grader) dag. Eg og vetla sto opp til varmt og godt hus, og roser på frukostbordet. Desse hadde vissnok overnatta i kald bil, så buketten vart til flytande blomster i stadenfor : )
Litt ut på formiddagen bar det ut på akebrett og ski i strålande sol saman med alle ungane i feltet. På bildet under trur eg kameraet har fått illebefinnande av å fotografere rett på sola, så den vart noko deformert....
Og mens vetla nok ein gang besøkte nabojenta, laga eg nydeleg sjokoladekake, som eg så saboterte med ein eksperimentell glasur. Me rakk heldigvis å ete litt før den kom på : )
Alt i alt ein flott dag har det vore, og no mistenker eg at eg snart får morsdagskort... Ha ein fin søndag vidare alle saman!

lørdag 7. februar 2009

Bjørkekransar


Hadde store ambisjonar før jul om å lage masse kransar, men det vart med dei to over. Ein rund og ein hjarteforma. Knaggane den heng på er utanfor ytterdøra og er skrudd fast på drivved eg fant i sommar. Fekk litt dilla på drivved da, og rydda omtrent stranda til søstra mi rein for alt som kunne brukast : )
Ser ut til å bli enda ein akedag, og det er jo kjekt! Ingenting er som ein trøytt, glad unge med raude kjakar på slutten av dagen! Ha ein strålande laurdag alle sammen!

fredag 6. februar 2009

Snø og plantar

Då kom det endeleg snø her og - og den har lagt i 2 dagar alt! (Det er bra til å vere her!) Det går rykte om at me kanskje får beholde den i helga, og det er jo stas da. Spesielt for dei små. Heile byggefeltet er ute i vegen og akar og står på ski (planleggingsdag i dag). No er vetla hos naboen over vegen der ho har ei venninne på nesten samme alder. Dei leikar kjempefint i lag, men endar på mystisk vis alltid hos naboen, byrjar å bli litt pinleg... Men eg fekk eit hint om kvifor i dag, dei sprang rett inn og skulle sjå på tv - "ja, det er tv heile dagen på desse kanalane" sa naboen. Ja, ja, får tru dei gjer noko anna og. Me har altså ikkje desse kanalane, men eg tenker det kan vere like greit : )
Dette er ein veldig kjekk blomst, eller plante heller. Den skal eigentleg få raude blomster, men her får den kun blad. Eg er imidlertidg fornøygd med det, skjønne hjerteblad!

Dette er in plante eg fekk som avleggar av systera mi, og eg har ikkje peiling på kva det er. Men no ser det ut til at den får blomster, så det vert spennande å sjå.

Til slutt ein liten Hoya. Den er utruleg skjønn, får bitte små stjerneforma kvite blomster. MEN, no trur eg den må ut. Den får eit eller anna kvitt ved bladrøttene, og dette vert eg ikkje kvitt. Er redd det er noko slags mugg-lignande greier, og det vil eg ikkje ha i hus. Om nokon veit kva det er, er eg takknemleg for ein kommentar!

onsdag 4. februar 2009

Fotoorganisering og scrapbooking

Eg har lenge tenkt å komme igang med å scrappe alle bilda eg har, men har mista litt motet av kor langt etter eg er (med tanke på kronologien...). Så dermed var eg ei lett bytte då eg oppdaga boka under:

Tanken bak er å fri seg litt frå den kronologiske måten å organisere bilder på. Forfattaren har tre "obligatoriske" element ved metoden, og ei rekke valgfrie.

1. Fotoalbum der framkalte bilder vert lagt inn etter sesong og år. Når ein scrappar kan ein enkelt sjå kva som ligg der (lignande bilder kan leggast i samme lomme). Bilder som vert til overs, legg ein i...

2. Kategoriskuffer. Her er er det fire hovedkategoriar: All about us (familien), People we love (utvida familie og vener), Things we do (Kvardagsliv, feiring, høgtid, kjæledyr, sesongar, fargar mv) og til slutt; Places we go (ulike stader, heime, i nærleiken, ferieturar mv). Her samlar ein bilder i same kategori på tvers av tid. For eksempel er alle bilder av barn saman med besteforeldre samla slik at ein kan lage andre koblingar enn ein hadde gjort om ein gjekk etter dato.

3. Album, eit for kvar kategori, og etter kvart eigne album for underkategoriar.

I tillegg foreslår ho "Photos I Love"-album der ein samlar favorittbilda.

Dette var kortversjonen, sjølvsagt, men eg vart fascinert. Og eg har allerede laga fleire LO'ar enn eg samla har gjort på 3 år (om ein ser vekk i frå ein album til besteforeldre forrige jul).

Eg har ein tendens til å la meg rive med, og i scrappe-rus bestilte eg boka Kreativ scrapbooking på mandag. Eg har sett på den tidligare, men så forsvant den fra butikken. Men no er den altså på veg.

Det eg likar best ved metoden over, at kan legge fra seg presset om at alt må gjerast i ein viss rekkefølge - ein scrappar det ein vil når ein vil : )

tirsdag 3. februar 2009

Vårfornemmelsar i februar

Me er så heldige å ha nydeleg ver her for tida, og om ettermiddagen når eg hentar vetla er dei som regel ute i ettermiddagssola. Raude i kjakane (og litt snørrete) og med lysande auge - det er ikkje berre me vaksne som vert påvirka av veret trur eg. Eg kjenner i alle fall på at våren nærmar seg, enda me berre er komne til februar. Gledar meg over at det tar stadig lengre tid før mørkret sig på om ettermiddagane, og utnyttar denne vårfølelsen til å opprydning av ulikt slag. I helga tenkte me at me måtte ut og nytte fineveret, og sjølv om vetla hadde vore heime av forkjølelse på fredag, reiste me på laurdag ut for å grille. Veret var fint det, men problemet var den sterke, sure vinden. Me fekk grilla, men det vart ikkje ein langvarig seanse før både vetla og eg hutra og fraus og ville heim. Sambuaren min er av det litt meir varmblodige slaget, men måtte gi etter for forfrosne jenter. Kaffien måtte drikkast opp undervegs... Ja, ja, det vert vel varmare etterkvart, og då er det berre å prøve igjen : )
Opprydningen eg nevnte var på kontoret, og det trengtes verkeleg! Fordelen med å vente så lenge som eg har gjort er jo at før- og etter -effekten vert desto større. Eg etterlot meg to store haugar med papir som kunne kastast, og store tomrom i hyllene. I tillegg rokkerte eg om på ting og fekk systematisert scrapbook-greiene òg. Har tidlegare omorganisert bilda etter nytt system som eg fann i ei bok, men det skal eg skrive litt om ein anna gang. Er heilt omvendt, og om det tillegg fungerar i praksis så vert det jo bra : )