mandag 30. mars 2009

To do (or not to do...)

Ei lita huskeliste for meg sjølv over ting som må gjerast etter påske:
  1. Etter påske - plante resten av hekken
  2. Etter påske - plante Ranuklar
  3. Slutten av april - plante vintergrønt mot aust
  4. Begynnelsen av mai - plante Erteblomster (ute)
  5. Mai - plante tomatar, salat og løk (stiklingar)

Handleliste:

  • Vintergrønne plantar til austskråninga
  • To krukker til Erteblomstrane
  • Krukker til Ranuklane
  • Stiklingar tomat, salat og løk
Har ikkje dei heilt store ambisjonane i år, ser for meg det blir mest kos og avslapning på terrassen i ledige stunder : )

Utstyret må være i orden...

Eg prøver å vere tolmodig for tida, men det er neimen ikkje lett! Utruleg frustrerande å sjå på alt eg kunne tenke meg å gjere, utan å sjølv kunne gjere det. Er avhengig av at sambuar utfører planane eg pønskar ut (for meg stoppar det etter 10 minuttar med grusraking...), og sjølv om han ikkje er vanskeleg å be, så er det så mykje han skulle gjort når han ikkje er på jobb.

I går starta han å grave "grøfta" til hekken som skal fortsette langs kanten av skråningen på nordsida. Me kjem nesten heilt i mål, men eit lite stykke mot aust må avventas litt, må sjå kva naboane har tenkt å gjere. Det går unna når han set i gang, og nesten heile langsida er gravd opp.

I dag klarte eg ikkje å holde meg lenger, og gjekk til anskaffelse av ein Vrihassel (Corylus avellana 'Contorta'). Vil ikkje plante den ut, men skal ha den i potte. Syns dei er så artige, og så er dei jo veldig dekorative på vinterhalvåret og. Eg kjøpte meg også nokre svære potter til den kommande kjøkkenhagen (vert ein litt midlertidig løysning), ei rosa (?!) beskjæringssaks og eit rosa kneunderlag. Til slutt måtte eg ha ei korg til hagereiskapane, og falt for denne saken under:
Tenkte først rosa ikkje var heilt min stil når det gjaldt slike ting, men slo til likevel av praktiske årsaker: Dei vil ikkje forsvinne like lett blant mold og grøne blad som dei svarte eg har frå før!

Ellers er det berre 4 dagar att til påskeferie, ute pøsregnar det og inne går det i Mikkes klubbhus. Ha ei strålande veke alle sammen!

søndag 29. mars 2009

Steinvasking og nydeleg vèr!

Gårsdagen var heilt utruleg flott med sol og blå himmel frå start til slutt. Den vart brukt til blant anna sykkeltrening, grusraking, jordhaugaking (berre så det er sagt så sto vetla for ein del av desse aktivitetane!), og vasking av stein. Ingen skal seie me møter våren uforberedt!






Og dagen i dag ser ikkje ut til å stå tilbake for gårsdagen i det heile tatt - ha ein strålande søndag alle sammen!

onsdag 25. mars 2009

Status - våren ved vestlandskysten

Denne tida gjer så utruleg mykje for humøret, - i alle fall mitt som er så lett påvirkeleg for tida : ) Det er lyst når ein går på jobb, og lyst når ein kjem att. Ute er det fullt av høglydte ungar, og til og med dei vaksne byrjar å krype ut av "holene" sine.

Og så spirar og gror det! Slik ser Pionanen ut for tida..
...og Kaprifolen er i full gang.
Lungeurten knoppar seg.
Og til slutt, Krokus og påskeliljer høyrer til for at vårkjensla skal komme for fullt.
Over til ein annan sak. I fjor haust planta me sjølvproduserte stiklingar av Liguster til hekk på austsida. Eg var veldig spent no på vårparten om dei hadde klart seg. Nokre hadde bukka under, men veldig mange hadde klart seg. Eg er imidlertid ein utolmodig sjel, og då eg såg at nokre ville måtte byttast ut, kjøpte eg like godt fullt sett med barrotsplantar hos Bo'Grønt. No er dei komne i jorda, og dei er klipte til halv lengde (nesten, må ta litt til..). Håpar dei veks fort : ) Ellers er det, som de ser, mykje ledig jord langs hekken. Eg er ikkje heilt sikker på kva eg skal plante der, men heller litt mot noko vintergrønt med nåler... Får pønske litt på det.
Sjølv om min del av hekkplantinga besto av å trakke rundt planten, og så rake over jorda, så var ryggen totalt ødelagt resten av den kvelden. Utruleg frustrerande å merke sine begrensningar på den måten. Men eg får berre smøre meg med tolmodigheita eg ikkje har, og ta det med ro. Det lønar seg vel i det lange løp...
I og med at eg og sambuaren min går med litt gryande tankar om at dette kanskje ikkje vert ein veldig langsiktig heim for oss, så har mine hageplanar endra seg veldig sidan i fjor. No er målet å få det fint rundt heile huset, men draumehagen min får vente. Sambuar er jo happy for dette, men eg må stadig ta det i meg når tankane tar av med store planar. Før eller seinare skal eg få meg ein stor hage på ein plass me ynskjer å bli - og da!!!

søndag 22. mars 2009

Square Foot Gardening

Eg såg nettopp på Grønn Glede (nokon fleire?), og det viste seg å vere reprise. Burde vel eigentleg ha tenkt det sidan me er i slutten av mars... Men i alle fall, så vart eg nok ein gang minna på at eg har lyst på ein kjøkkenhage - ein eller annan gang. Eg har innsett at det kan bli ei stund til (av fleire grunnar), men det er jo ingen hindring for å gjere litt research! Fant denne sida på nett:


Har ikkje satt meg veldig godt inn i det, men det skal visstnok være ein veldig effektiv måte å dyrke kjøkkenhage-plantar på (og andre slik eg forstår det). Eg samlar det under ein ny tag - Kjøkkenhage, så får eg sjå kva andre smarte tips eg kjem over før det er tid for iverksetjing : )

Her er eit par bilder henta frå sida over, falt litt for den opphøga varianten, den kunne funka midlertidig på terrassen i sommar når eg tenker meg om....

onsdag 18. mars 2009

Noko å sjå fram til

..Og då sjølvsagt i tillegg til alt det andre me har å sjå fram til i tida som kjem : ) Me har i dag betalt depositum på ein 15-dagers tur til Maspalomas på Gran Canaria. Hotellet heiter Dunas, og det vert vår første syden-tur med barn på laget. Litt spent på det, må eg innrømme! Det er ikkje før i slutten av oktober me fyk avgarde, så det er plenty med tid til å glede seg, planlegge, stresse, bekymre seg osv. Vetla har sett videoen frå hotellet eit ukjent antall gangar, og me er alle rimeleg lei av "Your Song" i ugjenkjenneleg sydendrakt. Trur det vert veldig kjekt!



(Bilda er henta frå www.startour.no)
Men først ser eg fram til eit nytt tilskot til vår vetle familie, ein (forhåpentlegvis) deileg sommar og masser av tid med dei eg er glad i!
Ha ein strålande kveld!

tirsdag 17. mars 2009

Såååå stor...

...har krokusen blitt! Våren er så absolutt på frammarsj, og godt er det. Eg merkar eg vert meir og meir utolmodig på jobben. Gler meg til permisjon ja, og enda er det lenge att. 7 arbeidsveker for å vere eksakt. Det er tungt for tida, magen har òg blitt stor (ikkje berre krokusen altså), og bekkenløsningen legg ein ein liten dempar på aktiviteten. Buksene strammar, og eg nektar å kjøpe fleire mamma-klær. No vil eg berre få det overstått og kvitte meg med alt sammen. Det kjem litt meir snikande denne gangen enn forrige gang eg var gravid. Det er eit anna tempo både på jobb og heime, og det vert ikkje via på langt nær så mykje oppmerksomhet. Har til dømes enda ikkje tatt noko magebilde. Me har heller ikkje tenkt på navn (sjølv om Startour har døypt ho Stine...). Men me vert vel klar denne gangen og - velkommen er ho i alle fall, om ikkje alt er så gjennomtenkt i forkant : )


Krokusen er forresten ikkje heilt aleine i beddet. Ei og anna snøklokke (er det det den heiter?) er og å finne. Eg har ikkje planta dei, så det er slike som har fulgt med andre plantar. Men kos er det når dei dukkar opp okke som!

Og til slutt i dagens skriblerier, denne her saken. Er veldig spent på om dei klarer seg. Den eine er litt slapp (har to på veggen på sørsida). Har latt dei henge gjennom vinteren i små-små potter, og dei har ikkje fått vatn... Føler meg litt slem no når eg skriv det. Den innerste har fått minst av regndrevet, og heng altså litt med hovuda, den andre har skifta farge. Dei skal vere veldig tørketålande, men det er kanskje grenser. Vel, det finn eg vel ut i løpet av våren og sommaren : )
No er det på tide å få vetla i seng (ho har gjespa i fleire timar no, men nabojenta ville ikkje heim : ), og så er det kvelden.

søndag 15. mars 2009

I gamle arkiv...

Sit og dillar litt med bilete frå svunne tider, og så tenkte eg at kanskje eg skulle bruke nokon av dei innimellom. Litt tilbakeblikk på ein måte... For å sparke det i gang, kva kan vere betre enn nettopp eit blikk - tilbake, eller fram alt etter som (tatt i september 2003)
Ha ei fin veke - full av gode augeblink!

lørdag 14. mars 2009

Og der var hagesesongen 2009 offisielt i gang!

I dag skulle eg egentleg ein tur i butikken for å kjøpe litt småplukk til eit syprosjekt eg er i gang med. Og så, vel så viktig, skulle eg kjøpe kvitvask til vetla som er midt i ein vannkopprunde. Ho byrjar bli bra att i ansiktet der det starta, men klør veldig rundt handledda, der blemmene kom litt seinare. Vel, det var planen, men så kom sola... Det vart rett og slett for fristanden å ta seg ein tur ut i hagen. Og så er det gjort, eg satte i gang å rydde bed. Skulle berre ta litt i eit av dei før eg tok ein tur i butikken, men plutselig hadde eg tatt alle bedda på sørsida, gitt! No var det ingen nåde, eg fjerna granbar, det vetla ugraset som var og klipte ned visne staudar. Til slutt strødde eg litt gjødsel på. No gjenstår påfyll av jord, og opprydning av krukkene.
I beddet under tok eg sjansen på å flytte lyngen, som før sto veldig nær buksbommane, og så flytta eg like godt buksbommen nærmast hjørnet. Den har irritert meg litt pga at den sto litt "skeivt i forhold til dei andre og hjørnet.
Til slutt, ei av krukkene eg ikkje gjorde noko med. Her spirar krokusen og nokre påskeliljer (trur eg). Skal verte kjekt når dei får blomster!
No er eg inne att. Ute regnar det, og eg er svært fornøygd med dagen. Bortsett frå at vetla manglar kvitvask... Kanskje det må bli ein liten tur til butikken likevel...?

søndag 8. mars 2009

Søndagssysler

Blir nesten som det berømte EFIT det her : ) Har shoppa litt frø til våren! Er klar over at eg kjem til å ha nok med å nå over det mest elementære denne våren, men litt måtte det bli. Litt fargeklattar; Ranukler, Erteblomster og Karse.
Karsen kom i jorda, eller i bomullen rettare sagt, med ein gang. No ventar vetla spent på å sjå kva som skjer...
Me gjekk, og vetla sykla (på ny sykkel med støttehjul), til skulen som ligg eit lite stykke unna. Der er det ei stor sklie, og jammen hadde ikkje nokon lagt at ein rocke-ring og!
Eg fant endeleg ein måte å oppbevare alle dei utklipte oppskriftene mine i dag. Dei havna i ein A4-perm med plastlommer som eigentleg vart kjøpt for å lage permar til besteforeldre med utprinta datascrapp-sider. Det vart ikkje noko av i den forma, men no fekk dei endeleg gjort nytte for seg : )
Etter å ha plassert så mange oppskrifter, vart eg litt inspirert. Dermed vart det fylte rundtstykker (byrja som horn, men det balla på seg...). Nam!
No er vetla nydusja, og leggeritualet er i gang. Eg har lova å synge ein sang til ho når dei er ferdige å lese. Det ser forresten ut til at ho har fått vannkoppar, så me har nok to "heime-med-sjukt-barn"-veker forann oss. Det byrja med ei "kvise" ved munnen, men no har det kommet fleire prikkar i ansiktet og eit par på rygg og mage. Like greit at ho vert ferdig med det!
Ellers må me prøve å legge ferdig permisjons-ferie- og fedrekvotekabalen i kveld. Ein skal vel eigentleg levere to månadar før, og det var i går..
Det var den helga, no er det snart klart for ei ny veke. Men først skal me nyte det som er att av søndagen! Ha ein fin kveld alle sammen!


lørdag 7. mars 2009

På jakt etter våren

Endeleg er det på tide å kikke etter vårteikn i hagen. Har nok vore her ei stund, men det er først no eg har tillatt meg å sjå etter dei. Skulle eg ha byrja før ville ventetida til eg kunne "setje igang" bli for lang : ) Under har Blodripstreet byrja knoppe seg.
Desse gule her er eg litt usikker på. Ikkje typisk vårblomst trur eg, og så kjenner eg ikkje att blada, så det ver spennande å sjå...
Til sist er det krokusane. Har ikkje tenkt å fjerne beskyttelsen heilt enda, men må jo passe på at dei ikkje blomstrar mens dei er skjult av granbaret.
I dag tenkte eg å få kjøpt inn litt jord til eg skal til med opprydningen ute. Treng nok å etterfylle jord her og der. Ser ut til at det blir ein fin dag i dag (etter eit aldri så lite tilbakefall med snø i går), så eg trur eg må ut å finne eit eller anna å byrje med!
Tenkte forresten å lage med ei hagedagbok i år - altså ut over denne bloggen, ei "orntli" bok. Nokon gode tips til kva som kan vere med der? Tenker å dele inn i sesongar, skrive litt om kva som bør gjerast til dei ulike tidene, og kva som faktisk vert gjort. Vidare så blir det vel litt om kva eg gjer i hagen, når ting blomstrar og kva stell dei får. Tenkte og å ha eit lite oppslag bakerst med dei plantane eg har i hagen, kva stell dei vil ha osv.
Ha ei strålande helg!

mandag 2. mars 2009

Vår!!!

Da er det offisielt vår i henhold til det eg syns å minnast frå o-fag på barneskulen. Mars-april-mai = vårmånadar. No er det slett ikkje uvanleg at det snør langt inn i mars, og at det treffer på i april (men det er vel heller sjeldan...), men like fullt - det er VÅR! Eg har vore ute (i bitandene kald vind) og raka i barken i skråningsbeddet, har klipt nokre uttørka greiner av selja ved inngangen, og har planta ut løk (og, nei, ikkje av den sommarblomstrande sorten, men alt må prøvast). Eg veit innerst inne at det er litt i tidlegaste laget, men no kriblar det i fingrane etter å ta tak i hagen att. På grunn av kvalmen i haust, så har eg ein del rydding og skjæring foran meg, men eg gler meg som ein unge til å sette i gang. Til helga trur eg eg må byrje så smått med litt rydding og forberedelsar. Dette er ting å gjere i mars:
  • Rake over grus- og barkkledde område og etterfylle om naudsynt
  • Dekke til åpen jord med kompostjord eller anna dekkmateriale
  • Beskjære busker og trær (ikkje vårblomstrande)
  • Så sommarblomster
  • Gi frukttre og bærbusker gjødsel og jorddekke

Då har eg litt å starte med før ting set i gang for fullt. Fleire som kriblar etter å ta fatt? : )