onsdag 29. april 2009

No og då

Eg har sett på bilda frå i fjor på denne tida, og jammen er det til tider store forskjellar. Noko på grunn av at ting er flytta rundt sidan da, sjølvsagt, men og mykje på grunn av den tidlege våren me har. Nokon av plantane (spesielt Pionane) har nok og fått hjelp av at dei trivst så mykje betre der dei står no.

Beddet langs berget på sørsida i år (i dag)...

...og for 1 år sidan (30.april). Pion lengst til venstre.

I dag...

... og 5.mai (beddet var ikkje planta på denne tida i fjor : )


Og til slutt beddet langs veggen på sørsida (Pionen står mellom rosene, LITT større i år - og med knoppar!) - i år...

...og i fjor. Det har da skjedd litt, ja. Må seie eg er meir fornøygd med det i år : )

tirsdag 28. april 2009

Litt av kvart - dagens fotofangst

Eg pleier ikkje ofte ta bilder på nordsida av huset. Dette har mange grunnar, det er ned mot vegen og alle naboane (som kanskje syns det er litt merkeleg at eg til stadigheit fotografere dei skarve buskene mine : ), det er ikkje så masse som skjer der (undersolt og mest vintergrønne vekster) og så har det vel med kor me oppheld oss mest, nemleg på sørsida. Litt er det likevel der nede, og her er litt fra dagens fotorunde.


Vrihasselen står enda i ei lita potte, men skal snart plantast i ei større - må berre plante ut det som står i den større potta.. Men den er no artig å sjå til no og, ja! Hekken er kommet i jorda, og no vatnast og gjødslast det for å få den til å skyte fart. Må nok vente litt før den har den heilt store skjermingseffekten, men gler meg no først til at knoppane skal bli blad og gjere den litt grønn.

Desse bilda er frå beddet ved inngangen, som bortsett frå tidleg om morgonene og seint på kveld, aldri ser sola. Men det ser ikkje ut til å plage bebuarane nemneverdig, dei trivst foreløpig bra. Ventar på at bunndekkarane skal gjere nettopp det slik at kattane sluttar å kvesse klørne på barlinden...


Måtte til slutt ta med litt frå livets solside og, tulipanane har byrja folde seg ut, og min vetle oppstamma blodrips er (antakelegvis) på sitt vakraste : )
Med dette vil eg ønske alle ein strålande kveld vidare!

søndag 26. april 2009

Våren på vestlandet - status part II







Ha ein strålande søndag!

fredag 24. april 2009

onsdag 22. april 2009

Kjøkkenhagen - den spede byrjinga

Kjøkkenhagen vert av den komprimerte sorten inntil vidare, som nevnt, og no er eg så smått starta. Eg har no redda sitronmellisse og noko eg trur er timian over i større potte og betre jord. Ser skralt ut no, men håpar dei "tek seg" etterkvart.
Enda eit redningstilfelle - graslauk. Denne var det vel ikkje akkurat kritisk for, trur dei klarer seg under nesten alle forhold, men no får den i alle fall utfolde seg som den vil : ) Hadde to tuer til, men utelot dei med hard og kynisk hand då det vaks løvetann midt i - og den er ikkje lett å fjerne har eg etterkvart erfart!
Til slutt: Ranuklane er komne i jorda (eller på bildet ventar dei på å komme i jorda, men pytt sann), så no ventar eg spent på spiring. Har aldri hatt dei før, så det skal verte artig å sjå om det går bra... Ellers så er me litt delt mellom inne og uteprosjekt for tida. Hekken er ikkje kommen i jorda, men første strøk er derimot malt på siste soverom og gang i underetasjen. Planen er å ta andre strøk pluss fondvegg i dag. Sjølv om eg helst ser at det skjer ting ute no for tida, så skal det verte veldig godt å få ferdig desse romma. Når dei er klar, så kan me gjere endeleg i stand gjesterom, samt flytte kontoret ned. Dermed vert rommet til det kommande familietilskotet ledig, og det kan gjerast klart. No skal nok ikkje den vetle på eige rom heilt med ein gang, men det er greit å ha ein base for ting og tang - og klær ikkje minst! Og så har det nok litt for seg med tanke på mental førebuing. Må seie eg ikkje heilt er førebudd enda : )
Men no; kaffi, litt tasting og så (kanskje) maling!
Ha ein strålande dag alle bloggarar!

søndag 19. april 2009

Litt seinare på dag

Då var neste "byggetrinn" på plass nordom huset. All jorda er fordelt og skal få ligge å synke litt før me plantar resten av hekken (-tidligare nevnte stykke mot aust..). Me må nok supplere litt med hagesenter-jord for å fylle opp trekanten, og så kan det plantast litt her og der.
Forutan hekken skal det komme litt busker, trær og grønt i trekanten - gler meg til det vert litt meir "liv" der nede! Og så må me gruse slik at det kjem på nivå med hellene.
Til "svingen" må me få tak i ein benk (noko som står støtt i vinden : ) og der putekassen står tenkte eg å plante ein klatresak. Det ser noko grått og trist ut på bildet, av fleire årsaker, men det er faktisk sol der til ca klokka 14, og så kjem kveldssola att der på kvelden, så trur det kan vere kjekt med ein sitteplass der.
Elles har eg fått rydda opp på terrassen òg i dag, så er godt fornøygd med framdrifta : ) No tenker eg å slappe av resten av søndagen medan vetla og sambuaren tar ein tur på besteforeldre-besøk - litt godt med aleinetid av og til, og ikkje mindre godt etter at magen vart stor som eit fjell : )
Ha ein strålande søndagsettermiddag folkens!

To be continued...Hekkprosjektet

Om eg er noko begrensa sjølv for tida, så betyr ikkje det at det ikkje skjer noko. Min betre halvdel har køyrt stein og mold til den store gullmedaljen i det siste, og no nærmar det seg ein (foreløpig) avslutning. Tenker det vert hekkplanting i dag : ) Hekken på austsida skal fortsette på nordsida og svinge inn mot inngangen. Der vil det bli eit trekantforma bed for å få ein overgang til kanten mot skråningen. Det er veldig lite graving igjen (ein liten flik av trekanten), og så må det lagast ein liten murkant der det står igjen før me kan fylle i resten av jorda. Er litt usikker på kva som skal i beddet, trur kanskje eit syrintre, hengeselja utanfor inngangen og muligens kuletujaen havnar der (litt usikker på om den tåler vinden) + litt småplukk sjølvsagt.

I og med at me bur i eit byggefelt med naboar på alle kantar, så må ein jo nesten ta litt hensyn. Me må derfor vente litt med med eit stykke hekk på austsida til me veit kva dei har tenkt å gjere i skråningen. Får nesten plante ut hekken som skal vere der midlertidig ein plass, litt dumt om den vert mindre enn resten av rekka.

Dagen i dag ser ut til å verte strålande, så alt litt til rette for ein bra dag i hagen : )

onsdag 15. april 2009

Litt utlevering...

Må vise dykk eit bilde av kva som møtte meg ein tilfeldig morning. Trøtt og i litt dårleg humør for at natta ikkje hadde vore av den lange sorten, fant eg dette på frukostbordet: Effektiv måte å snu morgonen på må vite : ) No er det ikkje fint å utlevere den del av privatlivet som involverar andre, men eg tenkte dette var eit unntak som bekreftar regelen. Om andre får vite for ein kjekk kar eg har vore så heldig å finne, så kan ikkje det vere så ille... ; )
Resten av historien er forresten at eg, ved eit reint slumpetreff, hadde kjøpt hjertesjokolade på Kremmeriet dagen før, og skreiv lapp til han i bilen saman med ein slik sjokolade før eg gjekk på jobb samme dag. Han stussa litt på korleis i alle dagar eg hadde klart å skaffe hjertesjokolade på så kort varsel....

mandag 13. april 2009

Humlens flukt...eller?

Det summar ein del i hagen for tida. Og det stemmer at det er humler, men dei er knappast i flukt. Denne har funnet seg ein av dei få krokusane som er nokon lunde heile enda. Dei fleste har skrumpa inn og gitt tapt for alle variantane av påskeliljer.


Under har Lungeurten byrja å blomstre. Er like fascinert over alle dei nydelege fargane saman kvar gang. Håpar den sprer seg ein heil del!
Slik såg den, foreløpig så skrale, hekkskråningen ut etter påske. Hekken er ikkje mykje å skryte av så langt, men det var kommet nokre få fargeklattar her og der : )
Rosenrota kjem med nye knoppar...
Peonen har vokse ein heil del denne veka, og ser no slik ut. Er veldig spent på om den kjem med blomster i år. Eg har flytta den begge dei to andre åra, men i år så kanskje...
Og til slutt: vart veldig glad for å sjå at min oppstamma blodrips endeleg fant det for godt å få blomstrar, eller...blodrips. Den har fått litt hard medfart skal eg innrømme, men no har den endeleg tilgitt meg tidlegare synder og kjem med masse blomsterknoppar : )
Påsken har me tilbrakt i Sogn, og me har kost oss som me pleier å gjere når me er der. Tida har gått fort, og som den pleier å gjere når me er der, og no er kvardagen tilbake. Litt dagdraumer har me likevel tatt med oss, for dei vil me ikkje sleppe så lett...

torsdag 9. april 2009

Påskefri

Det er lite som skjer på bloggen no i påska. Me er godt inni ferie (har hatt fri desse "inneklemte" dagane), og slappar av og kosar oss med familie. Veret er over all forventning, kanskje mest sidan forventinga var regn og atter regn... Men det er stadig gløtt av sol, og temperaturen er rett som det er ganske behageleg.

Vil berre ynskje alle god påske, og så kjem eg sterkare tilbake - utkvilt og klar til siste innspurt (før permisjon altså) - etter påske!