fredag 29. mai 2009

Før og no

Som ferskt hagemenneske med ein fersk hage, er eg opptatt av utvikling. Eg skulle gjerne hatt ein "gammal" hage med ein gang! Her er før og no bilder for å minne meg på at det skjer ting, om ikkje så fort som eg skulle ønske : )

Beddet ved inngangen i fjor, rundt 20.mai...

...og i år (slutten av mai).

Skråningen i nord i fjor...

...og skråningen i år.
Det spirar og gror, tydelegvis. Får slå meg til ro med det : ) Har likevel ikkje gitt opp draumen om ein stor gammal hage ein gang...

onsdag 27. mai 2009

tirsdag 26. mai 2009

Etterlengta hagedag

Fram til nyleg har det vore svært begrensa kva eg har kunna gjort i hagen (eller andre plassar for den del). Stor mage og tilhøyrande bekkenløysning har satt ein effektiv stoppar for dei heilt store utskeielsane : ) Men no er magen (nesten...) vekke, og bekkenløsningen like så (nesten : ), så da kan eg endeleg tenke hage igjen! Først ute når me fekk sjansen var å plante i trekanten på nordsida.


Der står no eit lite syrintre frå sørsida, samt ein oppstamma kuletuja og ei lita hengeselje som har stått i potter utanfor inngangen. Syrintreet hadde vorte for stort der det sto, og dei to andre trengte sårt å få meir plass om røtene (pluss meir vatn sidan eg lot dei tørke alt for ofte. Forann står ulike Hebe-variantar.


I ei av pottene som vart frigjort planta me ein Buksbom som trengte større plass...


...og i den andre ein Vrihassel i følge med nokre tulipanar på hell.
Andre prosjekt står i kø. Ingen store, det har eg forutsett at kanskje ikkje er så lurt, men nokre små blir det no. Kjøkkenhageprosjektet er pågåande og skal utvidast. Til no er det sitronmelisse, timian og grasløk i to potter, gulrøtter og sukkererter i ei (vetla sitt prosjekt), og så er det tre store potter igjen. Der tenker eg å ha kvitlauk, salat, anna lauk av eit eller anna slag, salat og rabarbra. I tillegg vil eg ha tomatar i amplar som eit forsøk. Og da er det berre å gå laus på bleiene : ) (Sjå på Moseplassen for dei som ikkje har fått det med seg!)

fredag 15. mai 2009

Da var ventetida over...

Kl 0813 den 13.mai 2009 kom denne, foreløpig namnelause, skjønningen til verda. 2 veker før tida, men fullt på høgda likevel :) Ho vog 4120 g og strekk seg 52 cm frå hovud til tå.
Eg viser normalt ikkje bilder av barn, men dette er eit hederleg unntak. Under den stolte storesøstra.


Helsing ei glad og takknemleg nybakt tobarnsmamma!

søndag 10. mai 2009

Tulipanmassakren

Det har blåst fælt her dei siste dagane, og det har gått hardt utover dei stakkars tulipanane...





Nokre var det heldigvis som hadde overlevd : )
Og for dei andre, vel, det fins jo eit liv etter døden!

Ha ein strålande søndag alle sammen!

fredag 8. mai 2009

Redebygging

Her tenkte sikkert mange det ville komme bilde av ein fugl som dreiv med redebygging, men den gang ei : ) Det er meg som er i gang med det. Eg har nett byrja med permisjonen, og endeleg er det tid til å ordne til og forberede seg til familieforøkelsen! Det er rydda plass i skuffer og skap, babyklær er vaska, og vogn-vasken er i gang. Tenkte å ta ut sprinkelsenga og spyle den, men ute er det eit forrykande ver! Har ikkje sett maken på ei god stund... Heile huset vert rydda (GRUNDIG) og vaska, og dei siste innkjøpa er, om ikkje gjort, så planlagt : )

Det er utruleg deileg å endeleg vere kommet til dette punktet da permisjonen er i gang, men det enda (kanskje) er ei stund igjen til fødselen. Treng å innstille meg på det som skal skje, for fram til no har eg rett og slett ikkje hatt tid til å tenke på det. På mandag skal eg på kontroll på KK for å gjette vidare på kor stor den vetle blir. Veit ikkje heilt kva eg skal håpe på for å vere ærleg, men det er unekteleg litt spennande å tenke på at eg kanskje kjem frå kontroll med ein dato for fødsel... Det er heldigvis ikkje eg som skal ta den avgjerdsla!

Under er far og datter i full gang med make-over av soverommet hennar. Tenkte me måtte gjere litt stas på ho og, så det ikkje berre blir baby-greier framover. Ho har kommet meir over i den rosa fasen, og som de ser var rommet relativt grønt... Ho hadde eit stort grønt blad over senga si, men det var allereie skrudd ned då bildet vart tatt (eg kom litt for seint på å ta "før-bilda" : )

Slik ser det ut etter. "Telt" over senga, som ho seier, hyller som matchar senga, gardiner som matchar sengehimmelen, blomsterlampar og rosa teppe - ikkje minst! Me måtte og ta inn utebordet hennar slik at ho kunne ha teselskap med det nye serviset sitt frå Ikea (veldig robust og skjønt).

søndag 3. mai 2009

Up close and personal








Eit lite knippe vårblomster (og blad : ). Perleblomst, tulipan (som eg ikkje kjem på navnet på i farten), Dvergslirekne (Bistorta polygonum), Bølgebladlilje (Hosta undulata 'Mediovariegata'), Gravmyrt (Vinca minor?) og Hjertebergblomst (Bergenia cordifolia).

lørdag 2. mai 2009

Levegg - så mange valg...

Gårsdagen kom med strålande ver og sterk vind som ofte er tilfelle når det er fint ver her (tulipanane over minnar litt om trærne i Danmark etter den hardhendte behandlingen). Dermed vart det ei opplagt oppgåve å setje i gang med leveggar på sørsida av huset. Me kom ikkje så langt før sambuaren måtte på jobb, men litt er på plass.

Her mot aust. Me får ein liten utfordring med å få den til å ende opp mot berget i flukt med naboens levegg, men det skal nok gå på eit vis.

Her mot nabo i vest. Me har endt opp (etter å ha irritert oss veldig over vinden : ) med å satse på levegg heile vegen med ei dør inn til trampolina. Den skal sjølvsagt ikkje vere like høg heile vegen!

Me har ikkje bestemt oss for kledning på leveggen. Over har me funnet eit alternativ...

...og enda eit. Har ikkje heilt bestemt oss. Begge bilda er henta frå Internett, men har gløymt kor det siste er frå. Mykje dei samme bilda som går igjen hos dei ulike butikkane : )


Skal bli veldig kjekt å få dette på plass, og når me så finn litt skygge til terrassen og, er me klar for sommaren med baby!


Ha ei strålande helg alle saman!