søndag 28. juni 2009

Blomstring i brekko

Eit lite forsøk på strilamål - truleg lite vellukka. Veit ikkje om dei ville brukt brekko om ein liten skråning, men det får våge seg : ) Ein liten bildespesial i dag, med tema - Kva blomstrar i skråningen/brekke i slutten av juni?








Til slutt brekko i solnedgang...

Ein fabelaktig hagedag går mot slutten. Bortimot heile dagen har vorte tilbrakt i hagen med luking, rydding, kos og dilling. Nett so da ska vera : )

torsdag 25. juni 2009

Hot, hot, hot...

- på engelsk for anledningen, og veldig passande for dagen som nærmar seg slutten. Temperaturen synte 27 grader på terrassen, i skyggen! Leveggen nærmar seg ferdig, og med den behovet for skygge : ) Så no pønskar me på ein pergola med sol-/regnsegl som kan trekkast fram etter behov.

Dagen vart brukt til litt smårydding på terrassen. Hadde planar om å luke skråningen mot sør, men det var alt for varmt for det. Valmuane måtte bøte med livet, dei var ikkje mykje til pynt lenger. Og forresten, ein Ikea-pose kan brukas til så mangt!

Skikkeleg ryddemodus i dag. Pionane er over si glanstid, og det er tid å sleppe rosene til. Men sjølv etter dei er kassert kan dei sjå vakre ut, dei veit å gå med stil!


Og til slutt, litt av det som er i vente...


Ha ein fortsatt fin sommarkveld! Nyt!

onsdag 24. juni 2009

Dåp på Ornes

Då var dåpen vel overstått, og gjeremål som har vorte satt litt til side i det siste vert påtrengande... Men først; eit lite tilbakeblikk på søndagen som var...

Sidan mange (dei fleste) av gjestane var tilreisande som måtte returnere samme dag, var programmet stramt og nøye regisert : ) Me starta med brunsj (sein frukost, tidleg lunsj) klokka 1030. Bordkorta var kombinert bordkort, velkommenhelsing og dikt til dåpsbarnet ("Det største mysteriet er ikke mer..." av Andrè Bjerke). Blomstrane var nellikar i potter som vart donert til mine kjære foreldre etterpå - dei sto for lokala og god eplemost - blant anna! Tusen takk for det!

Etterpå bar det opp i kyrkja. Dåpen foregjekk utanfor Urnes Stavkyrkje. På grunn av restaurering måtte dåpen haldast utanfor. Me var lenge litt bekymra for stygge vervarslingar, men dei vart gjort til skamme - dagen kunne ikkje ha vore betre! På biletet over sit forsamlinga og ventar på presten, og oss : )

Og her kjem me...

Etterpå vanka det kaker (tusen takk til alle bidragsytarar!) og kaffi. Over er eit glimt av dåpskaka, marsipankake med jordbærfyll av ferske jordbær.

Til slutt eit bilde av dåpsbarnet etter at dagen var vel overstått. Det er representativt for hennar opptreden. Ho sov seg gjennom heile dagen, til og med då presten bløytte ho ut...

Takk til alle gjestene som var med på å gjere dåpen til Ylva kjempeflott!

mandag 15. juni 2009

Ikkeno'...

...spesielt å melde eigentleg. Etter eit par mislykka forsøk på å publisere innlegg har, har eg latt pc'en få fred i nokre dagar. Saken er at eg ikkje har så mykje tid/overskot til å skrive i skrivande stund : ) Vetla har heldigvis skjønt forskjellen på natt og dag, og godt er det, så nettene går rimeleg greit. Dagane, derimot, er litt meir trøblete (det vil nok provosere dei som verkeleg har opplevd trøblete dagar at eg brukar det om min situasjon - de får ta det med ei klype salt : ) Amminga tar min 2 timar pr gang, og lurane i mellom vert mindre og mindre. Etter at eg har tatt meg ein lur, er det lita tid att til andre ting, som hagearbeid, blogging og husvask...

Men; fekk tatt nokre bilder på terrassen "hin dagen", så her kjem litt glimt frå terrassen mot midten av juni...



Under er status på leveggprosjektet. Det som står att øverst skal kledast med sprinkler, ikkje kledning, for å unngå litt virvelvind på "lesida". Trur det blir finare og med noko som bryt veggen litt.
Det var hagestatus, delvis. Elles har mesteparten av det som er av fritid gått med til dåpsførebuing. Me skal ha dåp for vetla i helga og eg har laga bordkort med litt attåt, og tråla butikkar på jakt etter matchande pynt. Bilder følger seinare, kan ikkje røpe det for gjestane enda : )
Ha ei flott veke alle saman!

lørdag 6. juni 2009

Deilege hagedagar!

Det har blitt litt jobbing i hagen i det siste - ikkje noko alvorlege greier, men litt pusling. Først og fremst var det på sin plass med litt skikkeleg vatning. Har nesten tatt knekken på Irisen som sto og hang med hovudet der ute. Det har vore så mykje vind i det siste at det ikkje har vore spesielt fristande å gå ut. I går roa det seg imidlertid litt, og ikkje overraskande synte det seg at krukker og bed hadde tørka ut...

Eg fekk og rydda opp i tulipan og diverse løkettervekstar som har "rota til" bedda etter at blomstringa var over. No er tulipanløkane tatt opp, og bedda er raka og rydda. Ellers har jordbæra fått litt etterlengta stell (dvs basisgreier som gjødsel og vatn...), og i morgon har eg tenkt å renske litt opp i åkeren. Litt fristande å la "villplantane" stå (dei som har stukket av frå morplanten) da dei er store og fulle av blomster, men eg veit ikkje heilt. Trur dei største skal få vere i fred - meir jordbær til folket!

Til slutt, eg har kjøpt 2 cherrytomatplanter og ein plommetomatplante som må i jorda i morgon, samt ein jordbærrabarbraplante som treng plass til å utfolde seg, så da er dagen fyllt opp tenker eg. I alle fall om ein legg til amming kvar tredje time og ugrasluking i ørten bed : ) Min bedre halvdel tenker å ta seg ei økt med leveggande, så me får sjå kva morgondagen bringer.

Ha ein fin laurdag vidare!

onsdag 3. juni 2009

Glimt i slutten av mai

Orientvalmuen er på veg ut av skalet : )

Duppesoleie (er det det dei heiter?) mengar seg med Arenspira.

Og den vakre Pionen står i full blomst. I alle fall på den eine planten, den andre står enda berre i knopp, og den ser mørkare ut. Er spent på å sjå kva slags farge det er på den - er første gang dei blomstrar!