tirsdag 28. juli 2009

Bringebærduk

...er svaret på utfordringa under. Det var i alle fall det vetla sa då ho hadde sett på tante presse bringebær til råsaft ein dag. "Tante lagar bringebærdukar!" Det er altså det som er att av bringebæra etter pressing - ein relativt tynn "duk", fin på farge og heilt tørr. Den vert brukt som hjortesnacks, så den går ikkje til spille.

søndag 26. juli 2009

Ei utfordring - kva er dette?



Denne gangen veit eg kva det er, men spørsmålet er om nokon av dikka kan gjette det? Vetlejenta (den eldste, men likevel vetlejenta : ) hadde eit bra ord for det, men det kan eg ikkje røpe før etterpå...

lørdag 25. juli 2009

Sommarfuglsommar


Mnemosynesommarfuglen. Den er visstnok trua, men det såg ikkje slik ut då eg gjekk på tur rundt neset. Den trivst veldig godt i Luster, og bebuarane der har dermed ei ekstra "plikt" til å ta godt vare på dei : ) Eg visste ikkje dette før eg las det på Grete Lettings blogg, ta ein kikk innom!

mandag 20. juli 2009

Feriemodus


Tid for ferie og late dagar...eller? Det har vore tid for ferie ei stund no, men dagane har ikkje vore så late. Ikkje spesielt strevsomme heller, men det er begrensa kor late dei kan bli med barn i familien. Men me kosar oss! Kveldane går med til kose-amming, så blogskriving er ikkje så godt å finne tid til. Det er for så vidt nett som det bør vere når det er ferie og familietid : )
Over litt stemningsbilder frå Sognaturen vår - og med det vil eg ønske alle fortsatt fin sommar!

lørdag 4. juli 2009

Nokon som veit?

Gårsdagen var ein veldig effektiv (relativt sett post fødsel) hagedag der eg planta dei fleste "potteplantane" ut i bed, flytta og styrte på. Dei som sto att i potter fekk utvida tumleplassen sin i ei større krukke. Ingen bilder då eg var alt for effektiv til å ta meg tid til forevige resultatet...

Seinare på dagen tok me ein tur til Øygarden der sambuar og eldstejenta tok ein tur på sjøen for å søke fiskelukka, mens eg og minstefrøkna hadde hagevandring hos "svigermor". Eg har nok nemnt det før, men mor til sambuaren min har ein kjempehage, og er nok ein stor del av årsaka til at eg vart hekta. Det vert med andre ord alltid mykje hageprat når eg er der.

I dag har me hatt besøk. Men først tok eg bilde av denne karen som var ute og sjekka tilstanden tidleg i dag. Eg likar ikkje edderkoppar i det heile tatt (har nok litt fobi), men denne har fått vere i fred. Han var der i fjor og, og så lenge han ikkje prøver seg på noko skal han få vere...
Men; tilbake til besøket. Det gjekk i bading, bading, kaffi, saftis (i hopetal), grilling og bading igjen. Nok ein kjekk sommardag med andre ord, og i godt selskap!
Etterpå var det tid for vatning. Eg har bore mengder med vatnkanner frå bassenget, men hekken vart vatna med sveitteslange (som ikkje er gravd ned enda sidan me låner inntil vidare) til trass for antatt vatningsforbod - skal aldri gjere det meir!
Så over til opphavet til overskrifta. Me får stundom besøk på terrassen, og ikkje av den tobeinte sorten. Av og til er det ikkje godt å seie kor mange bein som er inne i bildet. Som under. Kva i alle dagar er dette? Er det nokon som veit? Det ser ut som ei åme eller liknande som har rulla seg rundt i barnåler og diverse, og som no kan krype rundt med dette, samt forsvinne inn i det... Er takksam for innspel til kva det kan vere!

Og til slutt; name this flower! Etter å ha sett eit innslag på Grønn glede om Orkidear langs vegkanten i nord, så lurer eg på om dette kan vere ein orkidé? Blomstrane har i alle fall orkidépreg. Den står blant lyng og stritt gras i eit område som er delvis myr når veret er mindre tørt enn no.
To utfordringar på slutten av dagen altså - fyr laus!

Ha ein strålande sumarkveld vidare!