søndag 23. august 2009

Eg vil, eg vil....vite!

Ein skulle tru at eg hadde all verdas tid til å skrive i bloggen no i desse permisjonstider. Den gang ei. Dagane flyr, og eg prøver å henge med som best eg kan. Vetle-gullet er ein liten engel, søv godt om natta og er blid som ei sol, og svært tolmodig, om dagen. Og dagane går med til litt hagesysling, men mest innearbeid no om dagane. Me er i avslutningsfasen med dei to soveromma nede som sto att då me bygde huset. No skal dei verte gjesterom/hobbyrom og kontor/gjesterom. Kontoret oppe skal gjerast om til rom for vetle-gullet. Ho kjem nok ikkje til å flytte inn med det første, men kjekt å ha ein plass for klær, ting osv. Bilder kjem når det er klart...
I dag har me vore ein tur på VilVite i Bergen. Det var utruleg kjekt, både for oss og vår fireåring-to-be! 4 timar forsvant fort, og me avslutta med ein tur i Nygårdsparken. Eg har ikkje vore der før til tross for at eg no har budd i byen og omegn i ganske mange år, og den synte seg å vere vel verdt eit besøk!
Og så var søndagen (nesten) gåen. Me skal putte to trøtte og fornøygde ungar til sengs før me fortsetter med kontorflytting. Utruleg kor mykje papir MED MEIR ein kan få inn på eit rom på 6 m2. Bra me ikkje flyttar INN på det rommet... Ha ei knakande flott veke!

torsdag 6. august 2009

Feriehage

Me er tilbake etter ein lang ferie vekke frå hus og heim. Hagen såg ut deretter... Eg har ikkje tatt bilde av alt som ventar meg av luking rundt hekken, men åpnar heller med eit gledeleg syn. Hortensiaen blomstrar med mange blomster dette året. Ikkje så voldsomt for dei som er vane med langt rikare blomstring enn det eg har, men samanlikna med året før då det kom ein blomst som ikkje utvikla seg fullt ut, så er det ganske bra!

Over har klematisen eg ikkje huskar navnet på klatra enormt på dei fire vekene. Nett som planlagt : ) Og den stakkars kaprifolen, som normalt sett ikkje lar seg pelle på nasen, har heilt gitt opp kampen om den beste utsikta. Men den kjem etter..

Her er den begredelege kjøkkenhageavdelinga. Sukkerertene har fått seg ein knekk. Kan det vere gulrøtene som vart for heftige for dei? Ikkje veit eg. Dei er gule, og smakar litt mindre ein kjempegodt. Men tomatane (heilt i bakgrunnen) ser bra ut. Det kjem mengdar av cherry- og plommetomatar.

Og til slutt, godstolane er komne på plass att med ønske om mange fine sommardagar på terrassen enda!