søndag 27. september 2009

Litt på etterskot

Tilbakeblikk på ein sjeldan fin haustdag. Nieser på besøk og bønder i byen. Me tok turen ut til bygda der sambu kjem i frå for å prøve lukka som krabbefiskarar.

Krabbane lot vente på seg, så då var det tid for litt steinkasting.
Alle var med, små og enda mindre : )
Så det er slik himmelen ser ut bak skyene? Leeenge sidan sist!
Første krabbe ut - kan kanskje tåle og verte litt større. Men så var me ikkje ute etter mat heller, då...
Nestemann var noko større, og hakket hissigare! Dei vart fanga inn med tau og skjelinnmat.
Ingen krabbar vart skada under denne "foto-shooten"!
Og alle var einige om at det hadde vore ein fin dag : )
Av og til treng ein ei påminning om at det fins anna vèr enn det me har no... Ha ei strålande veke alle saman!

fredag 25. september 2009

Nina Children Home

Apropos initiativ som eg skreiv om i forrige innlegg. Dama på bildet under er Nina Sørlie - eit fantastisk eksempel på initiativ! Ho har tidlegare drive ein gard aleine, og arbeidar framleis innan omsorgssektoren når ho er i landet, men då barna hennar flytta for å gå på skule reiste ho til Afrika for å starte barneheim!

(Bildet er henta frå heimesida til Nina Children Home - håpar det er greit, Nina!)

Barneheimen heiter Nina Children Home og på heimesida http://www.ninachildrenhome.org/ kan de lese meir om arbeidet ho gjer. Ho driv det med det ho tjenar når ho er heime i Norge, samt pengar som folk støtta ho med ved å setje det inn på konto oppgitt på heimesida.

Eg tykkjer det er fantastisk det ho gjer, og skal snarast legge inn månadleg autotrekk. Me som ikkje er like "ut-og-gjer" kan i alle fall gjere det me kan for å hjelpe dei som er det! Eg vil oppfordre alle som les dette til å gå inn på heimesida og lese om barneheimen, og å støtte den om de kan!

Ha ein strålande dag vidare!

SOS

Forskjellane i verda vert av og til forferdeleg tydelege. Eg har i det siste gått igjennom og sortert alt av klær til småttisane. Me er så heldige at me arvar på begge sider av slekta, og resultatet er blant anna at me har mykje av kvar sort av det meste. På bildet har turen kommen til ytterklær. Vinterdresshaugen i midten...
Etter at eg hadde lagt vekk ein vinterdress, vårdress, regnklær, ulldress osv i kvar størrelse i tillegg til x-antall vinterjakker, vårjakker, luer, vottar, så var det framleis haugar att. Desse vart sortert i brukande (ikkje utslitt eller skada) og boss. Dei brukande vart pakka i bossekkar som no er sendt med lastebil til Ukraina organisert av SOS Ukraina. Her har me så mykje at me kan velge den varianten me likar best i kvar størrelse, og så er det andre som manglar det meste i dei fleste størrelsar. Er utruleg flott at det fins initiativ som SOS Ukraina slik at fordelinga kan bli øøørliten grann betre!

torsdag 24. september 2009

Mi casa - II

Part two. Og me er komne til bad, vetla sitt soverom, kontor/gjesterom og hobbyrom/gjesterom. Og det får vere enden på min vetle føljetong : )

Først hobbyrom/gjesterom. Kjem først sidan det er mitt favorittrom og eg har planar om å tilbringe ein del tid der til vinteren : ) Masse plass i Expedithylla frå Ikea.

Magnetisk tavle med krydderboksar frå Ikea til småting og magnetar der ein kunne feste små klyper på - Eg ølskar Ikea so ho seier vetla : )

Arbeidsbord, og frå Ikea (surprise!)

Og gjestesenga der i bakgrunnen... Syns det er for dumt å vie for mykje plass til noko som ikkje er så mykje i bruk. Og det er plass nok. Til høgre nok ei Expedithylle.

The Office. Saman med tinga i hobbyrommet utgjorde det de ser på bildet innhaldet på det tidlegare kontoret på 6 m2!! Utruleg kva ein kan få plass til om ein stablar godt : ) Ser litt i gjestesenga i høgre hjørne, for små gjestar.

Meir kontor, masse plass. Dette er sambu sitt rom, for min del er det kun oppbevaring (alt det morsomme er jo på hobbyrommet).

Nærmar oss slutten no, og med den - badet. Eg har snedig nok unngått å få med alt rotet stelleplassen fører med seg (den er på andre sida av vasken), men det skal seiast at det er ganske praktisk å kunne ha den på benken på den måten.

Dusj bak ein glasvegg og badekar bak den andre. Eg ølskar badet og : )

Til slutt vetla sitt rom som nok ein gang har gjennomgått ein liten omrokkering. Senga er ei rammemadrass som står på 4 Expedithyller. I dei fremste er leikene, og i dei bakerste ligg for store klede og ventar på minstejenta. Foreløpig kjem ho seg opp via krakk, men eg trur me må lage ein smart stige til ho etterkvart. Bordet er klaffebord og kan slåast ned. Persienner i taket kan sleppast ned for å lage eit lite rom.

Rotehyllene er der framleis. Tre kjekke tøyboksar med hemper i er kjekke til småting som ikkje passar i nokre av dei andre kassane.
Tegnebordet. Litt ukurant høgde så me må spesialtilpasse eit par krakkar tenker eg (les: sage av beina på dei).
Så no er det berre å få ho til å sove der : ) Foreløpig søv pappa'n på golvet hjå ho på ei for lita madrass, men det går på fram.

Det var det. Eit nokonlunde ryddigt hus dokumentert for ettertida. Her kan eg sjå tilbake når alt flyt, som det ofte gjer, og drømme meg vekk til tider da det var enklare å halde orden på ting. Det vil ikkje seie at eg ønsker meg tilbake dit, rotet kom med dei skjønne små : )
Ha ein strålande kveld alle saman!

fredag 18. september 2009

Ein sommar forbi...

Det er litt vemodig, men og litt deileg at sommaren no er gått over til haust. Den gode hausten vel og merke, som berre er litt kjøligare enn sommaren, og som framleis kan love mange fine dagar (om me er heldige). Ein kan ikkje ta vèret for gitt, som me har fått demonstrert i heile august - regn over heile linja. No har det imidlertid vore litt opplett og sol i det siste, så eg måtte sjå kva stoda var i hagen.

Eføyen har endeleg roa ned buskveksten og har byrja klatre oppover berget han vart satt der for å skjule.

Denne klematisen er utruleg villig og veks FORT! Og så kjem den med dei søtaste blomstrane på seinsommaren og utover hausten.

Her er dei.

Kaprifolen blomstrar fint enda, den har og vokse noko enormt.

Og så var det hortensiaen. Hausten har satt sine spor i den, men den er flott enda. I år kom det litt blomster på den, men dei vil framleis ikkje blomstre heilt inn til midten på blomsten...

Japanlykta lever opp til namnet sitt no for tida. Vakkert!
Nyt hausten folkens, snart er slapset her : )

torsdag 10. september 2009

Mi casa - I

Eg startar med mi sedvanlege innleiing no i det siste: lenge sidan sist! Det byrja med romma nede som seinast i dag vart komplette med straum, lampar i taket og persienner i vindauga. Dei er no innreda både med møblar og alt anna som skal høyre heime der. Vetla har til og med rukke og tusja på veggen, så då er dei offisielt klar : ) Etter at me for det meste ferdigstilte dei, så har det tatt litt av. Rommet til vetla er stadig bakgrunn for mykje grubling sidan det er så lite (6 m2). Sidan plassen er begrensa vert det desto viktigare å sørge for god utnytting av det som er, med nok oppbevaring til at alt har sin plass. No er det ikkje så lenge sidan me hadde ein liten make-over der inne, men denne gangen vart det meir omfattande. Meir om det i eit anna innlegg - når rommet er klart...

Rotar meg veldig vekk her no. Rommet til vetla vart dermed starten (eller fortsetjinga) på ein fullstendig gjennomgang av alt i huset. Så nær alt er sortert og plassert og mesteparten av huset er vaska og klart for helga. Resten står for tur i morgon. Dermed nytta eg sjansen til å ta litt bilder. Noe er det ikkje slik det ser ut mesteparten av tida, det skal vere sagt, nettopp derfor var det eg skunda meg og tok bilder : ) Litt i dag, litt i neste innlegg. Så without further adue (eller kva det no heiter) - første del av rundturen i huset vårt:

Dette er minikontoret i rommet der trappa kjem opp frå første etasje. Tidlegare var dette hobbyskapet mitt, men no har eg eit hobbyROM, så då er det blitt plassen for bærbar pc og betaling av rekningar.

Fortsatt i samme rommet. Skapet har vore raudt, så svart, så kvitt før eg fant det og slipte det ned att. Det er eit vaskefat-skap som no tjenar som barskap. Tomatplantane har sluppet inn i varmen og haustinga er i full gang - ikkje så lekkert, men godt!

Fortsatt samme rommet - rommar litt av kvart det : )

Måtte berre få med vedkorga kjøpt på Plantasjen "hin" dagen. Den er vel kanskje ikkje meint som vedkorg, men det må prøvast.

Over til stova (som heng saman med kjøkkenet, eit såkalla allrom). Vetla har fått sin eigen krok med stol og bord. Bordet er eigentleg eit hagebord, men det er så søtt at det får stå inne. Og det er flittig i bruk til kafè- og butikkleik. Stovebordet var opprinneleg brunt med korger under, men likar det betre no.

TV kjem ein ikkje unna sjølv om me ikkje har vore tilkobla parabol sidan mai. Det starta som eit eksperiment, og synte seg å ikkje etterlate seg så stort sakn. Det er kanskje på tide å seie opp Canal Digital-abonnementet..? Det skal seiast at me ser DVD, NRK på Internett og diverse på harddisk, så heilt avholds er me ikkje. TV-benken er eit skap besteforeldra mine hadde, og som opprinneleg var brunt. Då me fant det var benkeplata omtrent øydelagt av mit, så den måtte skiftast. Etterpå vart det malt kvitt. Det me hadde gløymt å sjekke var om forsterkar og alt det andre gjekk inn i det - noko det ikkje gjorde. Me måtte styre ein del, men no er dei inne - dei kjem nok ikkje ut at, men den tid den sorg!

Litt detaljar til slutt..

Måtte ha denne nydelege Hortensiaen på Plantasjen - har elles kun grøne plantar inne av ein eller anna grunn.
Dette er nok eit lite merkeleg innlegg skal eg innrømme, men med ungar i huset ser det nesten aldri slik ut lenger, så eg kjende trangen til å forevige augneblikket - mest for eigen del : ) Fortsetjing følgjer...

tirsdag 1. september 2009

Frisk som ein (litt sjuk) fisk!

Eg og vetla (ikkje minste-vetla, men ho andre : ) har vore i "karantene" den siste veka. Me fekk begge influensasymptom mandag i forrige veke - vond hals, feber, hovudverk mv og kunne då lese på Internett at det antakelegvis var svineinfluensa... Oookay!

Neste punkt var å halde seg heime i 7 dagar (gavepakke for alle som treng seg ein liten ferie med andre ord - såfremt ein ikkje faktisk får svineinfluensa og må gå og be om ny sju-dagers sjukemelding...). Over til gode råd for å forhindre spredning: Den som er sjuk bør ligge på eige rom og behandlast av ein person. Eg skulle likt å sjå at me skulle klare å halde vetla på eit rom for seg sjølv i 7 dagar uansett, og i alle tilfelle ikkje når ho var så godt som frisk etter 1... Neste råd: Bruke munnbind ved amming. Kva med resten av dagen når ein må ta seg av ein baby? Og kva med det faktum at ein er smittebærar før ein syner symptom? Me høyrde og las dei råda som var, men enda opp med desse: Hoste i armkroken og hyppig håndvask/bruk av desinfiserande væske.

Dette har med andre ord vore ein noko rastlaus veke. Eg har vore sjuk og ete Paracet, medan vetla har vore kvikk som alltid. Vanskeleg for ho å skjønne at ho ikkje kunne ut å leike med vener, men etter kvart innfant ho seg med det. Me merka av i kalendaren når ho kunne ut å leike, og ho talde ned kvar kveld. Takk og lov for regnveret så ho slapp å sjå dei andre leike ute i alle fall!

Noko konstruktivt har med fått gjort likevel. Mandagen då me vart sjuke var me nemleg på IKEA for å handle inn møblar mv til dei to romma nede eg har nemnt, og veka har gått med til å få orden på dei. Kjennest utruleg deileg å ha sortert og rydda gjennom ALT. No gjeld det berre å halde det slik ei stund... Eg har siste finpussen att på romma, så kjem det bilde. Kan seie at eg allereie er veldig glad i hobbyrommet mitt : )

Vel, det var ein liten oppdatering. Så er det berre å vente vidare på å bli heilt frisk, på ny router så ikkje Internett er så ustabilt og tregt (ingen bilder i dag altså), på at tomatane skal få farten opp no då dei er tatt inn i varmen - og på finare ver!

Ha ei strålande veke alle saman!