torsdag 15. oktober 2009

Trøbbel i bloglandia?

Trøblar ein del med bloggen for tida. Får ikkje lagt inn bilder. Er det berre meg så eg må til med problemsøking på pc'en, eller er det eit gjengs problem?

Ellers regnar det her. Det har regna nesten jamnt sidan juli. Planen var strålande trillevèr og lange turar, og sjølv om det har vore sorten så har det langt frå så mange som eg skulle ønske. I går var det imidlertid ei lita sprekk i skylaget og dagen vart brukt til å klargjere hagen for vinteren. Fekk gjort litt i går og ein del i dag, men treng eit par dagar til. No piskar regnet på rutene igjen, så det gjenstår å sjå...

Med slikt vèr virkar sydenturen me ventar på enda meir fristande. Skal bli godt med eit par vekers sol og varme etter sin slik sommar og haust.

Av mangel på sol må ein finne seg andre lyspunkt i livet. Og det er ikkje akkurat vanskeleg. Me har fått ein flott fireåring i huset sidan sist og minsten rullar rundt i full fart på golvet. Begge er smilande og fornøygde - og foreldra med!

Ha ein strålande haust vidare!

fredag 2. oktober 2009

På veg til Sogn

Når me (det vil seie min sambuar sidan eg har "fri" heile tida) har nokre dagar fri, så går turen ofte til Sogn der eg kjem i frå. Som regel prøver me å skvise flest mogeleg tunnelar inn (sidan det er så kjekt) og køyrer via Lærdal - der får ein jo ein ekstra bonus i den 25 km lange Lærdalstunnelen. Ein sjeldan gang er me imidlertid ørliten grande lei av tunnelar, og da køyrer me Vikafjellet. Sånn såg det ut der då me tok turen for eit par veker sidan.

Under er me komne til utkikkspunktet før ein byrjar på nedstigninga mot Vik. Fantastisk fin utsikt!
Ut på tur, aldri sur - dette uttrykket passa vel bra her! Ho er like glad uansett om det er bleieskift eller timevis i bil som står på plakaten.

Når me nærmar oss ser me dette eksempelet på god marknadsføring, det gjeld å gjere seg bemerka...

Om det ikkje er så lett å sjå, så står det altså: Med vår potens så veit du svaret; Nypressa balla kompakt og harde. Jepp - og med dei vakre orda vil eg ønske alle ei strålande helg!