torsdag 26. november 2009

IKEA-tur og glede

Eg innrømmer det gjerne, Ikea-turar gjer meg glad. Ikkje akkurat sjølve turen (var morosamare før utan ungar og agenda : )), men resultatet. I dag var hovudformålet ny seng. Den gamle har spelt ut si rolle og gir dårleg rygg. Eit søk på nettet synte Ikea sine madrasser (lause) som best i test, og me var ikkje framande for å gå over til seng frå rammemadrass. Med på handlelappen kom og teppe (må byte ut eit langhåra teppe i stova som husar alt for mykje farleg for ei lita klåfingra jente å få i munnen) og servise for 12. Etter å ha leite lenge, fant me eit på Ikea som er heilt greit, synte seg å ha god kvalitet og kosta under tusenlappen for 12 personar (tallerken, suppetallerken og asjett). Veldig godt fornøygd med alt sammen og gler meg som ein unge til i morgon når me skal skru sammen seng og nattbord og heile sulamitten! Før- og etterbilder følger : )

Dette er ikkje den einaste overflatiske gleda eg har for tida. Som kalendargåver til vetla (minsten må vente eit år..) har eg kjøpt nokre sett med Sylvanian Families møblar, samt 1 familie (sau). Det vart nok i dyraste laget, men eg vart noko reven med. Detaljane på møblande er heilt utrulege! Til jul får ho hus til dei av oss, og eit hagesett og nokre møblar hjå vetlesøstra. Gler meg til å sjå reaksjonen, håpar ho likar det. Eg vert i alle fall ikkje vanskeleg å be når ho vil ha meg med på leiken : )

Om følgande er ei overflatisk glede eller ikkje er uvisst, men eg og sambuar har kost oss masse med nokre julegåver me har "laga" i år. Gler meg til å gi det vekk!

Ja, og så gler eg meg til advent, til kos med familien, til bakedagar, levande lys, julepynting, julekvelden med god mat og godt selskap - i det heile tatt mykje å glede seg til framover!

Kva gler du deg over og til?

tirsdag 24. november 2009

Alt vel!

Las mitt forrige innlegg om vaksine, død og fordervelse og måtte smile litt av meg sjølv. Tenkte i alle fall det var på sin plass å skrive ein liten kort notis om at alt står bra til - ingen bivirkningar å spore i det heile tatt : ) No held minsten på å ete opp pyjamasen sin, så er vel på tide med litt foring : )

mandag 23. november 2009

Svineinfluensa meg her og der

Lenge, lenge sidan sist eg var her inne ser eg. Tida fyk når det er mykje som skjer. Sidan sist har me vore sjuke, hatt 2 veker med sol og varme på Gran Canaria, vore litt meir sjuke, kommet godt i gang med julehandelen, og no i dag hatt 4-årskontroll med påfølgande vaksinering av vetla og minsten.

Vaksinering - syns det er litt skummelt. Me kom imidlertid fram til at me veit jo ikkje til eller frå, og må pent stole på dei skal kunne litt om det. Og når det gjeld dødsfall av vaksine, så skal det litt til at ingen dør etter vaksina med tanke på kor mange som får den på så kort tid. Dagleg dør det jo rundt 120 mennesker i Norge. Så no søv dei søte små, foreløpig utan bivirkningar. Me får sjå kva morgondagen bringer...

Blir ikkje lange innlegget dette heller. Har tilbrakt dei siste kveldane forann pc'en ifbm julegåveforbereiingar, og er litt metta på det. Men tippar eg får ånden litt meir over meg når julefreden senkar seg (har ikkje all verden med julegåver att ser du : )

Til da - ha ei fin veke!