søndag 13. desember 2009

13.desember - Luciadag

Eg har vore litt opptatt dei siste dagane, så det har brent nokre lys sidan forrige innlegg. Dagens også forsåvidt. I dag er Lucia-dagen, men det har me ikkje latt oss merke med i særleg stor grad her. Ingen lussekattar eller Lucia-tog. Det vert det imidlertid i morgon i barnehagen. Me har hatt middagsselskap med ein litan forsmak på julemiddagen - nammm!

Elles så har eg endeleg fått nytt kamera etter at mitt 2 mnd gamle kamera i slutten av august såg slik ut:
Pixmania har brukt SVÆRT lang tid på å reparere, og det måtte ein någet krass mail til før dei medgjekk at dei hadde brukt FOR lang tid på det, og sendte meg eit nytt. Når det er sagt er eg veldig glad for å ha det tilbake. Det er relativt lite og hendig (i forhold til speilreflekskameraet) og det held kjempegod kvalitet både på bilete og video.

Det eg har vore opptatt med i det siste har og med bilete å gjere. Eg har store planar om å komme godt i gang med scrappinga i vinter, og bileteorganisering er ein stor del av det. No er dei ikkje så uorganiserte som det er, men dei må taggast for å lette arbeidet. Så no taggar eg nærmare 7000 bilete... nokon med opp til 10 taggar på eit bilete (hovudkat., underkat., under-underkat.). Ein he*¤$"@tes jobb for å vere heilt ærleg, men eg prøver å ha målet for auga! Skal vere veldig glad når jobben er gjort. Og så huksar eg kanskje å gjere det etterkvart...?

Det har vore ein fin 3.søndag i advent, med god mat og godt selskap. Vonar de kan seie det same : ) Ha ein fin kveld vidare!

mandag 7. desember 2009

7.desember - Betre seint...

Natta gjekk greit (første natt på eige rom for minsten), utan verken betring eller forverring. Vetla gjekk fram og tilbake mellom sitt og vårt rom, og tilsaman utgjorde dette ei natt med lite søvn. Klokka 0922 sit eg og ammar minsten, og telefonen ringer frå soverommet. Det var like før eg ikkje tok han, men eg gjorde det etter at den hadde ringt leeenge. "Hei, eg ringer for tannlege NN - er du på veg?" Æh, ikkje akkurat. Då gjekk det opp for meg at eg skulle vore til tannlegen klokka 0915...
Sånn kan det gå, og slik gjekk det altså. MEN; medan eg såg for meg ein rekning for utelatt oppmøte til time + lang venteliste for ny time, så ordna dei ny time for meg ein time seinare, og tok ikkje ekstra betalt - god service!

Dagen gjekk seg med andre ord til etter ein humpete start. Vel tilbake hadde sambuaren min starta med vindusvask (det var dags for eit halvt år sidan og forskjellen var ENORM) og eg byrja på julevasken på kjøkkenet. Tak og veggar med grønnsåpe og salmiakk - luktar godt : )

Dagen i dag ga meg ein ide til eit lite prosjekt, derav notatblokka på bildet. Kva det er skal forbli ein hemmelegheit inntil vidare : )

Ha ei fin veke!

søndag 6. desember 2009

6.desember - Kreativitet & fugleføde

6.desember og det har vore full fart frå morning til kveld. Kalendargåve: vaskeservant med røropplegg i skapet : -) Eg, vetla og minsten skulle eigentleg på juleverkstad med ei venninne, men då ho låg forkjølelsessjuk satte me i gang på eigen hand.
Her er vetla i full gang med å male trehjerter som skal på treet. Ingenting å seie på innsatsen. På biletet over er nissemor som ho laga (med litt hjelp frå underteikna). Elles laga me papirlenker til juletreet, nellikappelsin, kanel/anis-pynt for litt julelukt....
...lys! Det var det Nils som sto for og han var svært så stolt då det synte seg at det til og med brant : -)
Eg laga fuglemat av delfiafeitt, mandlar, solsikkefrø og kokosmasse. Fekk endeleg bruk for silikonmuffinsformene mine som har ein noko ukurant størrelse.
Her er dei komne på plass. Så er det berre å vente på småfuglane. Det spørs vel litt om dei kjem, dei lir jo ikkje akkurat nokon naud her enda...
Dagen vart avslutta med nissefest. Vetla i nisseklær med raude kinn og fregner, og minsten godt innetulla i skinnposen sin i vogna. Ho møtte på nabojenta, og dei kosa seg veldig. Julegrana vart tent, Nissen kom og det var eit heidundrandes fyrverkeri. Sistnevnte falt ikkje i smak hjå korkje vetla eller minsten trur eg. Sidan var det rett heim og i badestampen med vetla, medan minsten vart lagt på eige rom for fyrste gong. Det skal verte spennande å sjå korleis det går!
Vel, det var den dagen. I morgon startar ei ny veke, og på tapeten står julevask. Så gjenstår det å sjå om det vert noko av, eller om det dukkar opp noko kjekkare å ta seg til : -)
Ha ein fin 2.søndag!

lørdag 5. desember 2009

5.desember - Høgt i toppen

5.desember og ei ikkje så spennande kalendergåve: ein skammel til badet. Medan vetla og sambuaren "fanga juletre" så ho sa, var eg og minsten heime og laga limekarameller og sjokoladetrøflar - nam! Vert mykje snop og lite julekaker her i år (i motsetning til tidlegare år då det var lite av begge deler :-)
Då dei kom heim sto pynting for tur. Vetla tok strålande opp den eine pynten etter den andre: "denne huskar eg!!!" Må seie det kjennest litt rart å pynte juletre så tidleg. Frå heime er eg van med å pynte treet på julafta (om morningen)... Fint vart det i alle fall, glissent, men skeivt! Eg konstanterte i år, som i fjor, at me har nok juletrepynt. Det hindra meg imidlertid ikkje i å handle juletrepynt på salg i januar i år, så me får sjå om hukommelsen er betre på nyåret. Frå no av skal alt tilskot vere heimelaga!
Må avslutte med denne skjønne nissejenta. Vogga er satt på "gangen" for å gi plass til juletreet, men og fordi minsten har vakse ut av den og kviler på rommet om dagen. No når ein har kommen seg litt opp og fram her i verda var den ikkje så ille å ligge i likevel, fekk bra utsikt!

I morgon er det mykje på tapeten. Juleverkstad med ei venninne og hennar to. Etterpå fakkeltog og juletre-tenning borti sentrum her. Kjekt med jul gitt!

4.desember - Me pyntar!

4.desember - (eg juksar litt sidan det i skrivande stund er 5.desember...) ingenting er som kaffi og toblerone grytidleg om morningen. Vel, søvn hadde gjerne toppa det, men det er ikkje eit alternativ :-) Minsten har bestemt at no er det morning (ho prøvde først å bestemme at det var morning kl 5, men då satte me foten ned..). Kalendargåve: Skillevegg til badet, med ein liten servant, knagg til handkle, dorullhaldar, ekstra dorull, dobørste og vaskemiddel. Trur eg må ta bilde når alt er på plass, det er så utruleg fint med alle detaljane.
Innflytningsfesten 3.desember drøya litt lenger enn planlagt for min del og eg kom heim i halv åtte-tida om kvelden. Eg hadde imidlertid lova vetla at me skulle pynte pepperkakehus, så me køyrde igang. Som de ser av mengden pynt utover glasur, så besto vetla sin innsats mykje i å prøvesmake. Det er vel som det skal vere! Og, -som de ser av glasurpyntinga, så var det altså litt seint på kvelden, og eg var kanskje litt ivrig etter å bli ferdig. Det vart no koseleg lell syns eg.
Det er foreløpig ingen bebuarar i huset, men me får sjå etterkvart.
Vetla vart verande att hjå besteforeldra om kvelden, og me "vaksne" kosa oss med Dolly-pizza og "Engler og Demoner". Filmen var bra den, men når mykje skal overførast frå bok til film, er det fort det vert litt opphopning på slutten som får ein mindre elegant løysning.

Morgondagen, eller dagen i dag forsåvidt, står det juletrehogst på programmet. Me er noko tidleg ute, men for meg er det slik at i desember kosar eg meg veldig med julepynt og førebuingar til jul. Etter nyttår derimot, kan eg ikkje vente med å få ting ut. Dermed vert det slik at me heller tar ting inn litt før for å ha litt glede av det før det skal ut att :-)

torsdag 3. desember 2009

3.desember - For fulle segl

3. desember og dagens kalendarpakke - ein do! Men ein veldig fin ein som sådann :-)

I dag skulle dei siste pakkane til pers. Lyset vart tent...
Pakken ligg klar. Spenninga er til å ta å føle på!
Det sydar og boblar i støypeskeia.
Brevlakken renn glødande varm ned på det intetanande pakkebandet.
Seglet ilar til og set sit merke i lakken. Jobben er gjort.
Nåja, i alle fall halvgjort. Ein får ikkje vere så pirkete i jula.
I dag skal ho mor (les: meg) kle seg i klær utan gulp (om eg kjem meg ut døra i klær utan gulp vil tida vise) og vere med på innflytningsfest på jobben. Heile bygningen der eg jobbar gjennomgår ei omfattande renovering og tida har no kommen for vår etasje å flytte inn i nye lokale. Eg høyrer dei er kjempefornøygde, så det skal bli spennande å sjå! Det var på høg tid at noko skjedde i alle fall, makan til slitt og kjedeleg som det var skal ein leite lenge etter (eller kanskje ikkje...). Eg vert nok ikkje med til dei seine nattetimar sidan vetla enda brukar meg som hovudernæringskjelde, men eit par-tre timar kan ho nok unnvere meg. Skal bli kjekt!
Ha ein fin 3.desember!

onsdag 2. desember 2009

2.desember - Construction

Lys nummer 2 er på veg ned og det samme er dagen. Kalendaren var igjen første tanke som slo ned i vetla i det ho sto opp, og den vart pakka opp i full fart. Ei lita saue-jente i dag.
Pepperkakedeigen til huset har lagt i kjøleskapet eit par dagar sidan det ikkje er ein jobb eg ser fram til, men i dag tok eg meg sammen. Eit par brannsår og eit salig sukkerkliss på kjøkkenet seinare såg dette vakre (?) huset dagens lys. Det er gelatinplater til vindu må vite :-)
No gjenstår pyntinga, og det er der vetla kjem inn i biletet. Det får me ta i morgon eller dagen derpå.
Slik såg altså handa ut etter endt dyst. Det er burngel, ikkje blemmer de ser - berre så det er sagt.
Under har ein flokk pingvinar frå fjorårets juleverkstad samla seg i ei bomsterpotte med miniatyrplanter. Ser litt i varmaste laget ut, men det går nok bra..
Alle julegåvene er no i hus, dei fleste vart pakka inn i går, og me har ikkje så mykje på tapeten anna enn å tenne lys og koooose oss. "Vert det meir julestemning her no, så...." so han sa sambuaren min.

1.desember - Æ kan baaakæ!

Min eigen adventskalendar får starte dagens innlegg. Lyset er enda ikkje tent (kan røpe at biletet vart tatt 30.nov...), men det er like før.


Dagen starta med etterlengta kalendaråpning. Ho har spurt etter det i minst ei veke, og endeleg var dagen her :-) Første pakke var ei enkeltseng med sengetøy. 70-talls nissen har eg sydd sjølv for nokre år sidan (før vetla var påtenkt), og før neste jul må eg vel lage ein kalendar til tenkjer eg.


Så var det baking. Han eg bur med er ikkje den heilt store kakeentusiasten, men sandnøtter kunne han vere einig i. Så det vart sandnøtter (snart tomt!), og Fars yndlingskake (tomt). Må nok til pers ein runde til.


Til slutt sto innpakningspapir, til-frå-lappar og segl på to-do-lista. Har bestilt nokre skjønne tags frå FotoKnudsen, men dei var ikkje komne enda. Får bli ved ei anna anledning.
Merkar det meir og meir for kvart år at dette med å lage tradisjonar for vetla, og etterkvart minsten, vert viktigare og viktigare i takt med at eg ser at vetla huskar att ting frå foregåande år. I år har eg i tillegg den luksus at eg har tid til det meste av det eg vil gjere. Huset er pynta til 1.søndag i advent, og dei fleste julegåvene er i hus før desember slik at den månaden kan brukast til kos :-) Julevasken står på lista kvart år, men den blir det ofte så som så med...

Ha ei fin adventstid!