fredag 13. august 2010

BLOGGBYTE!

Då tar eg "offisielt" ein pause frå denne bloggen og går over til den andre full tid :-) Eg føler for å markere ein ny start på ny plass, og derfor går eg over til min andre blogg:

Bortsett frå oppussing og hage, som det vil verte mykje av i denne bloggen (sidan det vil utgjere ein stor del av livet vårt framover..), vil eg nok skrive litt om tankar og erfaringar eg gjer meg undervegs på ny plass. Og så litt hobby og slikt da sjølvsagt :-)

Takk for denne gang her, og velkomne skal de vere til den andre bloggen!

tirsdag 20. juli 2010

Sommar og sol - eller?

Lenge sidan forrige innlegg. Sommaren har det med å rase forbi og då tenker eg at ein skal ikkje blogge vekk sumarnatta... Og så har det og med at dei gangane eg har prøvd har eg ikkje fått til å legge inn bilete, forferdeleg irriterande!

Etter tre veker i Sogn med rydde-/kastesjau og organisering i "nytt" hus (som me skal bu i midlertidig i ca 1 år), er me no tilbake og i gang med våre 2 siste veker i vårt noverande hus. Vetla er i barnehagen om dagane og syns det er stas å sjå att vener etter ferien, og eg og minsten styrar heime. Det er imidlertid litt lite å ta seg til sidan alt av ting utan det mest naudsynte er sendt til Sogn, og ein enda ikkje kan pakke ned resten og gjere klart til visning. Trilleturar er heller ikkje spesielt fristande sidan det rett som det er regnar sidevegs.

Så; -eg planlegg og les interiørblad. Eg er glad og lukkeleg over å ha prosjekt ventande på meg i søkk og kav, for sjølv om det er slitsomt medan det står på så passar det meg ypparleg å planlegge, pønske og setje idear ut i live. Her me bur er ting på stell, så det er ikkje rom for dei heilt store sprella om ein ikkje skulle byrje på ny runde. Sjølv om eg likar å styre, så må det ha mål og meining, det bør ikkje vere berre for å gjere noko.

Forhåpentlegvis har me mange varme og deilege sommardagar att forann oss før hausten er her. Dersom ikkje får ein kose seg på anna vis - eit glas raudvin på kvelden funkar bra innandørs og :-) Ha ein fin sommar vidare!

torsdag 17. juni 2010

Heime hjå...

...oss har me hatt oss ein litan opprydning på terrassen, blant anna, og i den anledning måtte eg knipse litt. Det har vorte få innlegg i det siste sidan kveldane ser ut til å ta slutt før eg eigentleg har fått snudd meg rundt etter legging og kveldsstyr. Det vert ikkje gjort så mykje i hagen i år, kun vedlikehald, men eg kosar meg i den likevel :-) Og det same gjer minsten, ho elskar å vere på terrassen, knipe i blomster og vifte med tærne i molda... Kanskje det vert ein liten kjøkkenhagehjelpar av ho?



Då satsar eg på at det meste er i orden til morgondagens "photo shoot" (me får nemleg husfotograf på besøk i morgon:-). Tenker eg skal slappe litt av med ein episode Sex and the city. Etter å ha sett film nr 2 må eg ha ein dose med serien for å rette opp att inntrykket!

Ha ein riktig fin kveld!

torsdag 10. juni 2010

montana rubens

I dag har det vore steikande varmt her, og eg og minsten har måtta ta våre naudsynte forhaldsreglar når me skulle på terrassen. Dermed kom denne vakre (?) solskjerminga til. Det er to gamle gardinger - på ei laaang gardinstang som eg knytte fast under dragaren - og voila! Men det funkar, det er det viktigaste:-)Om du tykkjer det ikkje ser ut på bilete som om me eigentleg hadde trengt solskjerming, så er det fordi biletet er tatt seinare på dagen på eit tidspunkt der det ville vore ein heilt korrekt antagelse. Montana rubens er forresten namnet på denne flotte klematisen. Den er svært riktblomstrande når den får etablert seg, noko min byrjar så smått å gjere, og me kan no ane kor vakker den blir når alle dei mange knoppane spring ut. Den veks utruleg raskt og har tatt opp kampen med ein like voksevilleg kaprifol som står attmed - saman er dei dynamitt! Elles ser det svært bra ut både i jordbær"åkeren" og ""frukthagen"" (to for å understreke litt ekstra at frukthage kanskje er å strekke det ørlite grann lenger enn eg allereie har gjort ved å kalle det jordbærplantane ein åker..)- Forhåpentlegvis er me ikkje her til å smake plommene!

tirsdag 8. juni 2010

Any day now...

Eg held på å gå på veggane for tida. Sidan me har planar om å selge hus om (forhåpentlegvis) ikkje så lenge, så gjeld alle dei hagerelaterte planane som surrar rundt i hovudet og på papir ein ny plass. Her er ting på stell før salg, og eg har ikkje tenkt å legge meir innsats og pengar i hagen her. Men du verden så kjedeleg!
Lyspunkta er sjølvsagt å så ting springe ut, men det ser ut som om hagen óg er litt på vent. Alt er liksom "close, but no cigar.."
Medan eg ventar får eg kanskje prøve å slappe av og kose meg i hagen da, eg har høyrt at det skal gå an og :-)

søndag 30. mai 2010

Late dagar på ratassen

...eller terrassen som eg etterkvart lærte at det heitte. Ei nydeleg helg går mot slutten, og går over i ei, forhåpentlegvis, nydeleg veke. Me har ikkje gjort stort, ein liten tur til hagesenter, to planlagte turar til Fløyen (gjennomført 0) og masse ungar i leik på terrassen. 2 grillingar her me fått med oss, og litt planting i det vetle av potter og kar som ikkje er flytta til Sogn.Å kalle dagane late er ei sanning med modifikasjonar. Frå foreldra til borna i byggefeltet tykkjer det er akseptabelt å sleppe småtrolla ut og til leggetid og vel så det, så er det bånn gass. Ungar spring inn og ut heile dagen lang, og det er først no eg har vore i ro i meir enn 10 minuttar samanhengande.Veldig kjekt, men og til tider litt slitsomt. Eg saknar litt å kunne ha litt familietid i helgene, men om me skal få det til må me nok reise vekk :-) Vetla kosar seg sjølvsagt med alt besøket, men me veit frå i fjor då me hadde terrasseferie medan resten av feltet var bortreist at ho kosar seg med familietid og. Det er ein ting eg gledar meg til når me skal flytte. Ein annan ting eg gler meg til er kjøkkenhagen.Eg drøymer meg vekk i drivhus, kompostløysningar og deilege "heimelage" grønnsaker, noko som gjer seg utslag i den typen spontanplanting som me foretok oss i dag. Sjølv om me burde la vere sidan me då får meir å flytte på. Eg klør i fingrane!!!
Veka som kjem har me ingen spesielle planar for. Me får takstmann på besøk, og etterkvart og kanskje fotograf, så litt shinings må til. No er det lite å rydde i sidan me har pakka ned det meste me ikkje treng til dagen, men det må no gjerast. Vindusvask er ein annan ting som må gjerast - dessverre. Maling og vindusvask hamnar litt på same nivå på moro-skalaen, dvs på nedste hylle...


Eg har solcellelampar frå Ikea på prøve i Kaprifolen. Det gir ikkje akkurat mykje lys, men det er litt stemning av det så kanskje det må bli litt fleire.

Ha ei strålande veke!

fredag 21. mai 2010

Det er sommer, det er sol og det er...fredag!

Eigentleg er det vel strengt tatt berre soldelen som stemmer sidan det heller ikkje er sommar for øyeblikket. Men det er bagatellar på ein sådan dag. Fantastisk vér og varmt og godt!Rosenrota er på sitt finaste no, tykkjer eg, før den vert for stor og breier seg ut alt for mykje.
Irisen er på god veg, men hadde treng litt betre plass. Trur kanskje litt av den skal få vere att her i hagen, medan resten vert med på flyttelasset.
Denne vetle karen har sittet i Alunrota i heile dag, den har funnet sin plass i sola tydelegvis :-)

No er hagen stort sett klar for fotograf og visningar når me kjem så langt. Sola og varmen gjer sitt til at ting sprett og veks som berre det, så no byrjar det komme seg. Ser så mykje betre ut når "terrassen har vorten "grønn"

Minsten har endeleg tatt kvelden, ikkje utan protestar må vite, og no er det sofakos og avslapning som står for tur. Ha ei fin-fin helg alle saman!

mandag 17. mai 2010

torsdag 13. mai 2010

TeRrasSekOs





Enjoying it while it's hot! For det kan ikkje vara evig...

Gratulerer så masse til minsten som er eit heilt år i dag!

tirsdag 11. mai 2010

Sånn går no dagan'

Dette vakna me opp til i dag - for andre dag på rad. Seinare fulgt av snø- og sludd byger utover dagen. Jepp, slik ein skjønn og mild mai me har i år! Etter dei første bygene ga seg, gjekk eg ut i hagen for å luke, medan min kjære sambu lista på vaskerommet. Då kom barnehagens trenings-17-mai-tog opp vegen i byggefeltet vårt - eit strålande lyspunkt i ein elles grå og kald dag :-) Ettermiddagen gjekk roleg for seg, minsten fekk det for seg at ho skulle rydde i roteskuffa...
Seinare på dagen kom tre jenter for å intervjue meg om tomtetvisten vår. Dei skal skrive oppgåve, og har valgt denne saken. Etter å ha intervjua dei to andre partane i saka ville dei gjerne balansere det heile ved å høyre vår versjon. Det var ikkje vanskeleg å skjønne kor deira sympati låg :-) Etterpå måtte eg høfleg avvise spørsmål frå folk som var på visning hjå naboen og som lurte på stoda i saka - dei vegra seg litt mot å legge inn bud på eit hus med medføljande tomtetvist.. Og til slutt var det legging av minsten som absolutt ikkje ville legge seg og som holdt meg gåande med vandring til og fra, byssing, amming og kos i 1 1/2 time før ho tørna til.

Sånn går no dagan' - Takk for i dag, og med ønsker om ein mildare mai i morgon!

søndag 9. mai 2010

Kvit make over

Endeleg ferdig med leveggmaling! Me har venta på ein finevérsperiode for å få malt ute, men har på ein måte syntes det var litt greit med regnet :-) Men no kom det altså ein fin periode, og me måtte til pers. Og godt er det, for det kom seg mykje. Typisk det at ting først kjem på plass når ein skal selje...


Så - då var det berre å hive seg på dei tusen andre tinga me skulle ha gjort! Ha ein strålande søndag!

mandag 26. april 2010

På to hjul i svingane og så der

Bridal Crown i motlys - vakker liten sak! Luktar godt gjer den og. Eg er i full gang med å "tynne" ut hagen med tanke på flytting til hausten (om alt går etter planen). Hagen har nok berre godt av det sidan den byrjar bli ganske så full, men problemet er å begrense seg litt. Lite praktisk å ta halve hagen med på lasset, men vanskeleg å late plantar eg er glad i stå att og. Eg har litt plass å plante på der me flyttar til, så tenker nok eg skal spa opp litt til, ja..

Under er vetla i full gang med å demonstrere at ho har lært å sykle utan støttehjul hos tante. Ho hadde lånt sykkelen til søskenbarnet som er eit år eldre og har tatt av støttehjula, og hadde sykla på til ho fekk det til. Kjempegreier - og så stolt då ho kom heim og skulle vise. Litt stusseleg at ho ikkje gjorde det først heime, men ein kan vel ikkje forvente at all utvikling skal foregå i heimen... :-)

onsdag 14. april 2010

Vårpussen

Endeleg ein skikkeleg dag i hagen. Sambu hadde ingen planar og underhaldt minsten medan eg fekk gjort masse i hagen. Framleis gjenstår ein del, men eg ser absolutt enden på det. No byrjar terrassen å verte ein kjekk plass å opphalde seg att, og klematisen eg fekk av mi svært hageinteresserte svigermor "fordi eg tar vare på blomstrane mine" synte seg å vere i live til trass for ein noko miserabel framtoning. Det synte seg å vere mange store, fine knoppar under dei visne blada. De skjønar, sidan eg fekk dette prakteksemplaret fordi eg tek vare på plantane mine, så pakka eg den godt inn i vinter (står i krukke). Blada fekk dermed ikkje blåse vekk, og alt såg daudt ut. Men no altså - berre velstand. Det var mykje om ein klematis, de har nok forstått at dette har lagt meg litt tungt for hjarta :-)
Ellers går det unna på jobben. I morgon er det torsdag og snart helg, og dermed snart berre ei veke att før eg tek resten av permisjonen. Eg har og bedt om utvida omsorgspermisjon, så eg skal ikkje tilbake på jobb på leeenge. Litt merkeleg å tenke på, men mest kjekt. No er eg som vanleg heilt skutt, og huset får vente litt til. Har eigentleg lyst å ta kvelden, men føler vel kanskje at 2030 er i tidlegaste laget :-) Ha ein fin kveld vidare!

mandag 12. april 2010

For eit vér!

No er tredje brett med knekkebrød komme i omnen, og eg har litt pc-tid. Etter jobb har alle vore ute i hagen; sambuar har trilla på stein (siste lass er køyrd), vetla har hoppa på trampoline, eg har klipt vekk visne kvistar og plantar, og minsten har rota dei utover og gnege på dei - og alt i strålande sol! Eg har ikkje tatt nokre bilete, kameraet ligg ein eller annan stad i haugen av baggasje som er kommen ut or bilen etter hytteturen, men ikkje særleg lenger.

På jobb går det veldig greit - og fort! Har berre to veker at før det er meir permisjon. I morgon skal eg få noko ut av verda som har gjort meg litt smånervøs, og så er det berre å kose seg vidare med vår, sol og dei eg er glad i :-)
Bileta under syner hagen i fjor på denne tida, og det er eit stykke i frå korleis det er no, ja. Men med dette veret ei stund til trur eg nok ting kan komme godt i gang.

søndag 11. april 2010

Våt hyttetur i Tørvikbygd

...med strålande sol! Då firmahytta plutseleg vart ledig torsdag kveld, heiv me oss rundt og pakka badeklær og ungar i bilen: Det har vore ei strålande helg med mykje bading -og kaffi på terrassen. Laurdag kom det besøk og vetla fekk selskap i bassenget, kjempestas! Elles har me berre kosa oss, litt trilletur, litt Uno og litt vin.Vetla har svømmetrening i bassenget.
Utsikt frå terrassen - vakkert!
Trilleturen gjekk forbi eit enormt gartneri, kanskje like greit at lommeboka låg att i hytta...
Vetla og sambu prøver fiskelykka.

No er me tilbake og er klare til å ta fatt på to-do-lista vår for hus og hage... Mykje spennande som skal skje framover, og det er med skrekkblanda fryd at me planlegg alt som skal gjerast. Eg har to veker att av pappapermisjonen, dvs jobb i pappapermisjonen, og så vert det forhåpentlegvis masse tid til trilleturar i fint vårver. Det vil seie om minsten har tolmod til det..:-)

søndag 4. april 2010

Vårteikn

Våren ser ut til endeleg å ha komme, og eg har hatt meg eit par dagar ute i hagen. Det trengs ein opprydning, men samtidig er det veldig spennande å sjå kva som befinn seg under dei visne blada og greinene. Det er imidlertid ganske surt ute enda, med vind og regnbyger, så det vert ikkje lange etappane. Men jammen gjer det godt å kjenne sola varme igjen! Vil ynskje dykk ei god påske med desse bileta frå vårhagen :-)