søndag 21. mars 2010

Vår innan rekkevidde?

Inspirert av ein vårdag i byggefeltet måtte eg byte ut vinter med vår her i bloggen. Og med det er bloggpausen over for denne gang!

Snøen er så godt som vekke, og i dag var det plutseleg folk rundt alle hus i full gang med opprydning og bråtebrann.Etter å ha innfunnet meg med at me ikkje skulle få sjå bar bakke før ut i juni smelta alle snøen plutseleg vekk i rekordfart. Det er noko med våren som får fram innsatsviljen i meg - og etter alt å døme gjeld dette naboane og :-) Litt kjedeleg då at ryggen har slått seg vrang og eg stavrar rundt krokbøygd og fæl... Eg skuldar dette på at eg har byrja jobbe igjen (medan sambu har pappaperm) og stolane ikkje ser ut til å fungere heilt for meg

I alle fall; etter ei ganske intens tid med ulykker, sjukdom og operasjonar, så er alle no oppe og går att og me kan hente oss inn medan kveldane vert lysare og lysa for kvar dag som går. Til slutt må eg nesten syne eit eksempel på grunnen til bloggpausen - strikkedilla :-) Eg kjøpte noko babyull hjå Panduro utan å vite kva eg skulle bruke det til. Eg tok ein runde på nettet og fant ei engelsk oppskrift på noko som skulle vere ein kjole 2-3 år. Som biletet syner vart det heller ein gensar til 0-1 år, men den var no søt - tykkjer eg. Minsten poserer for anledningen.