onsdag 14. april 2010

Vårpussen

Endeleg ein skikkeleg dag i hagen. Sambu hadde ingen planar og underhaldt minsten medan eg fekk gjort masse i hagen. Framleis gjenstår ein del, men eg ser absolutt enden på det. No byrjar terrassen å verte ein kjekk plass å opphalde seg att, og klematisen eg fekk av mi svært hageinteresserte svigermor "fordi eg tar vare på blomstrane mine" synte seg å vere i live til trass for ein noko miserabel framtoning. Det synte seg å vere mange store, fine knoppar under dei visne blada. De skjønar, sidan eg fekk dette prakteksemplaret fordi eg tek vare på plantane mine, så pakka eg den godt inn i vinter (står i krukke). Blada fekk dermed ikkje blåse vekk, og alt såg daudt ut. Men no altså - berre velstand. Det var mykje om ein klematis, de har nok forstått at dette har lagt meg litt tungt for hjarta :-)
Ellers går det unna på jobben. I morgon er det torsdag og snart helg, og dermed snart berre ei veke att før eg tek resten av permisjonen. Eg har og bedt om utvida omsorgspermisjon, så eg skal ikkje tilbake på jobb på leeenge. Litt merkeleg å tenke på, men mest kjekt. No er eg som vanleg heilt skutt, og huset får vente litt til. Har eigentleg lyst å ta kvelden, men føler vel kanskje at 2030 er i tidlegaste laget :-) Ha ein fin kveld vidare!

0 kommentarer: