fredag 21. mai 2010

Det er sommer, det er sol og det er...fredag!

Eigentleg er det vel strengt tatt berre soldelen som stemmer sidan det heller ikkje er sommar for øyeblikket. Men det er bagatellar på ein sådan dag. Fantastisk vér og varmt og godt!Rosenrota er på sitt finaste no, tykkjer eg, før den vert for stor og breier seg ut alt for mykje.
Irisen er på god veg, men hadde treng litt betre plass. Trur kanskje litt av den skal få vere att her i hagen, medan resten vert med på flyttelasset.
Denne vetle karen har sittet i Alunrota i heile dag, den har funnet sin plass i sola tydelegvis :-)

No er hagen stort sett klar for fotograf og visningar når me kjem så langt. Sola og varmen gjer sitt til at ting sprett og veks som berre det, så no byrjar det komme seg. Ser så mykje betre ut når "terrassen har vorten "grønn"

Minsten har endeleg tatt kvelden, ikkje utan protestar må vite, og no er det sofakos og avslapning som står for tur. Ha ei fin-fin helg alle saman!

3 kommentarer:

gletting sa...

Du har som vanlig nydelige bilder. Jeg gleder meg til å se den nye hagen som skal vokse opp rundt dere og det nye hjemmet.
Vi hadde en flott sommerdag i går, men i dag, etter at jeg hadde hengt opp sokker og annet småtøy med hundre klyper, begynte det å regne ...
Men grønt og pent er det nå, så sommeren er nok her for godt!

Lykke til med salget!

Randi sa...

Det gler eg meg og til :-) Det regnar her og no, men temperaturen har kommet seg ein del, så det veks for kvar dag. Kjekt når det vert grønnare rundt om. Me kryssar fingrane for at me snart kan sette i gang med sal, er litt spent!

todsshoesstores sa...

To be sure the onitsuka tigers you have at a Onitsuka Tiger Mexico 66actual expensive cost always in good enough situation and work normal. Then you need to understand how to deal with Hogan Men shoesall of them. Wrong solution may make the running sneakers not function so properly and easy to lessen, Hogan Women Shoes
or almost damage the sneaker and decrease the speed of running. Onitsuka provide tips how to deal with for this.