onsdag 27. januar 2010

Bloggpause

Eg er inne i ein periode der eg har heilt dilla på handarbeid av ymse slag. Her er litt av det eg har drive med.
Balaclava-lue til vetla (nr.2, sambu har alt fått ei).

Lommetøfler. Bomma litt på første paret, så måtte improvisere litt. Det gjekk seg til. No er eg i gang med nokre lilla til meg sjølv - eg er avhengig av tjukkelabbar, og dette vert noko liknande.

Eg strikkar, heklar og syr til den store gullmedaljen. Det vert dermed liten tid til å skrive om kva eg driv med, så no vert det ein liten (eller litt større) pause i bloggeleringa. Om eg kjem tilbake om ei stund med bilete i søkk og kav av alt eg har produsert sidan sist, eller om eg først gjenoppstår saman med vårblomstrane vil tida vise. Inntil då - ha det så bra!

mandag 18. januar 2010

Kjedar du deg ikkje?

...er eit spørsmål eg får rett som det er sidan eg går heime i permisjon, og svaret er NEI - på langt nær! Har aldri skjønt at folk kan kjede seg heime, men det er nok berre fordi eg til ein kvar tid har ørten prosjekt på gang. Den vetle tida ein har mellom mat, bleieskift, trilletur og leik rekk ikkje langt for alt som ligg i kø og ventar :-) Så nei, eg kjedar meg ikkje når eg går heime!

Prosjektkøen pr dags dato:
Kledningen kjem sakte men sikkert på renoveringsprosjektet mitt. Snart ferdig med utvendig kledning, og pønskar no på kva eg kan ha på taket...

Prinsessekjole og -krone. Er nesten ferdig, manglar berre litt knappar i ryggen. Korga er hekla med bast, krona er strikka med tynn metalltråd.



Balaklava til sambuar er godt i gang, og den er nok den første som må gjerast klar (før det ikkje er behov for den lenger...)

Er i gang med eit hekleputetrekk. Dette kjem til å ta tid!

Babybøkene til jentene skal oppdaterast og bilder skal limast inn. Er godt i gang med eldsta si bok, medan vetla si naturleg nok ligg litt etter :-).

Puhh!

onsdag 13. januar 2010

torsdag 7. januar 2010

Ein kvit månad

No tenker kanskje mange av dykk på snø. Men det er ikkje det som er meint. Eg tenkte på kvit stil sidan eg las det i forbindelse med interiørsider i eit blad. Men det er ikkje det som er meint heller. Ein kvit månad er nemleg ein shoppefri månad. Er det ikkje ganske vanvittig at me har eit eige ord for det? Det er såpass spesielt å halde seg vekke frå shopping ein heil månad at nokon meinte det fortente eit eige ord.

Eg veit jo at det er slik. No er eg nok ikkje av dei verste (håpar eg!), men når eg tenker meg om så går det nok knapt ein månad utan at eg kjøper eit eller anna som eg ikkje strengt tatt treng. Som regel hobbyting eller noko til huset. Det startar som regel med ein tur til senteret for å kjøpe klær - som eg treng - men endar med at eg kjøper noko heilt anna.

Så denne månaden skal eg ha ein kvit månad, både i den tradisjonelle tydinga av orda, og denne "nymotens" tydinga. Og kven veit, om det går bra så vert kanskje februar kvit og ;-)