torsdag 25. mars 2010

Nytt rom yet again...

Eg finn stadig vekk ein unnskuldning for å foreta make-over på vetla sitt soverom. Det er utruleg artig å styre med barnerom, litt meir frie tøylar der enn i resten av huset :-)Denne gangen fekk ho gjennom sitt rosa ønske - i alle fall til ein viss grad...Aller helst vil ho erstatte "skogen" med rosa, men eg held att så godt eg kan. No har ho imidlertid byrja pirke vekk tapeten, så ho prøver så godt ho kan å få gjennomslag!
No skal rommet få fred ei stund, og om det skulle byrje å krible igjen, så er det nok minsten sitt rom som står for tur neste gang tenker eg :-)

Elles tok eg ein liten snartur ut i hagen i dag, og jammen er det knoppar både her og der - våren er i anmarsj!

søndag 21. mars 2010

Vår innan rekkevidde?

Inspirert av ein vårdag i byggefeltet måtte eg byte ut vinter med vår her i bloggen. Og med det er bloggpausen over for denne gang!

Snøen er så godt som vekke, og i dag var det plutseleg folk rundt alle hus i full gang med opprydning og bråtebrann.Etter å ha innfunnet meg med at me ikkje skulle få sjå bar bakke før ut i juni smelta alle snøen plutseleg vekk i rekordfart. Det er noko med våren som får fram innsatsviljen i meg - og etter alt å døme gjeld dette naboane og :-) Litt kjedeleg då at ryggen har slått seg vrang og eg stavrar rundt krokbøygd og fæl... Eg skuldar dette på at eg har byrja jobbe igjen (medan sambu har pappaperm) og stolane ikkje ser ut til å fungere heilt for meg

I alle fall; etter ei ganske intens tid med ulykker, sjukdom og operasjonar, så er alle no oppe og går att og me kan hente oss inn medan kveldane vert lysare og lysa for kvar dag som går. Til slutt må eg nesten syne eit eksempel på grunnen til bloggpausen - strikkedilla :-) Eg kjøpte noko babyull hjå Panduro utan å vite kva eg skulle bruke det til. Eg tok ein runde på nettet og fant ei engelsk oppskrift på noko som skulle vere ein kjole 2-3 år. Som biletet syner vart det heller ein gensar til 0-1 år, men den var no søt - tykkjer eg. Minsten poserer for anledningen.