mandag 26. april 2010

På to hjul i svingane og så der

Bridal Crown i motlys - vakker liten sak! Luktar godt gjer den og. Eg er i full gang med å "tynne" ut hagen med tanke på flytting til hausten (om alt går etter planen). Hagen har nok berre godt av det sidan den byrjar bli ganske så full, men problemet er å begrense seg litt. Lite praktisk å ta halve hagen med på lasset, men vanskeleg å late plantar eg er glad i stå att og. Eg har litt plass å plante på der me flyttar til, så tenker nok eg skal spa opp litt til, ja..

Under er vetla i full gang med å demonstrere at ho har lært å sykle utan støttehjul hos tante. Ho hadde lånt sykkelen til søskenbarnet som er eit år eldre og har tatt av støttehjula, og hadde sykla på til ho fekk det til. Kjempegreier - og så stolt då ho kom heim og skulle vise. Litt stusseleg at ho ikkje gjorde det først heime, men ein kan vel ikkje forvente at all utvikling skal foregå i heimen... :-)

onsdag 14. april 2010

Vårpussen

Endeleg ein skikkeleg dag i hagen. Sambu hadde ingen planar og underhaldt minsten medan eg fekk gjort masse i hagen. Framleis gjenstår ein del, men eg ser absolutt enden på det. No byrjar terrassen å verte ein kjekk plass å opphalde seg att, og klematisen eg fekk av mi svært hageinteresserte svigermor "fordi eg tar vare på blomstrane mine" synte seg å vere i live til trass for ein noko miserabel framtoning. Det synte seg å vere mange store, fine knoppar under dei visne blada. De skjønar, sidan eg fekk dette prakteksemplaret fordi eg tek vare på plantane mine, så pakka eg den godt inn i vinter (står i krukke). Blada fekk dermed ikkje blåse vekk, og alt såg daudt ut. Men no altså - berre velstand. Det var mykje om ein klematis, de har nok forstått at dette har lagt meg litt tungt for hjarta :-)
Ellers går det unna på jobben. I morgon er det torsdag og snart helg, og dermed snart berre ei veke att før eg tek resten av permisjonen. Eg har og bedt om utvida omsorgspermisjon, så eg skal ikkje tilbake på jobb på leeenge. Litt merkeleg å tenke på, men mest kjekt. No er eg som vanleg heilt skutt, og huset får vente litt til. Har eigentleg lyst å ta kvelden, men føler vel kanskje at 2030 er i tidlegaste laget :-) Ha ein fin kveld vidare!

mandag 12. april 2010

For eit vér!

No er tredje brett med knekkebrød komme i omnen, og eg har litt pc-tid. Etter jobb har alle vore ute i hagen; sambuar har trilla på stein (siste lass er køyrd), vetla har hoppa på trampoline, eg har klipt vekk visne kvistar og plantar, og minsten har rota dei utover og gnege på dei - og alt i strålande sol! Eg har ikkje tatt nokre bilete, kameraet ligg ein eller annan stad i haugen av baggasje som er kommen ut or bilen etter hytteturen, men ikkje særleg lenger.

På jobb går det veldig greit - og fort! Har berre to veker at før det er meir permisjon. I morgon skal eg få noko ut av verda som har gjort meg litt smånervøs, og så er det berre å kose seg vidare med vår, sol og dei eg er glad i :-)
Bileta under syner hagen i fjor på denne tida, og det er eit stykke i frå korleis det er no, ja. Men med dette veret ei stund til trur eg nok ting kan komme godt i gang.

søndag 11. april 2010

Våt hyttetur i Tørvikbygd

...med strålande sol! Då firmahytta plutseleg vart ledig torsdag kveld, heiv me oss rundt og pakka badeklær og ungar i bilen: Det har vore ei strålande helg med mykje bading -og kaffi på terrassen. Laurdag kom det besøk og vetla fekk selskap i bassenget, kjempestas! Elles har me berre kosa oss, litt trilletur, litt Uno og litt vin.Vetla har svømmetrening i bassenget.
Utsikt frå terrassen - vakkert!
Trilleturen gjekk forbi eit enormt gartneri, kanskje like greit at lommeboka låg att i hytta...
Vetla og sambu prøver fiskelykka.

No er me tilbake og er klare til å ta fatt på to-do-lista vår for hus og hage... Mykje spennande som skal skje framover, og det er med skrekkblanda fryd at me planlegg alt som skal gjerast. Eg har to veker att av pappapermisjonen, dvs jobb i pappapermisjonen, og så vert det forhåpentlegvis masse tid til trilleturar i fint vårver. Det vil seie om minsten har tolmod til det..:-)

søndag 4. april 2010

Vårteikn

Våren ser ut til endeleg å ha komme, og eg har hatt meg eit par dagar ute i hagen. Det trengs ein opprydning, men samtidig er det veldig spennande å sjå kva som befinn seg under dei visne blada og greinene. Det er imidlertid ganske surt ute enda, med vind og regnbyger, så det vert ikkje lange etappane. Men jammen gjer det godt å kjenne sola varme igjen! Vil ynskje dykk ei god påske med desse bileta frå vårhagen :-)