torsdag 17. juni 2010

Heime hjå...

...oss har me hatt oss ein litan opprydning på terrassen, blant anna, og i den anledning måtte eg knipse litt. Det har vorte få innlegg i det siste sidan kveldane ser ut til å ta slutt før eg eigentleg har fått snudd meg rundt etter legging og kveldsstyr. Det vert ikkje gjort så mykje i hagen i år, kun vedlikehald, men eg kosar meg i den likevel :-) Og det same gjer minsten, ho elskar å vere på terrassen, knipe i blomster og vifte med tærne i molda... Kanskje det vert ein liten kjøkkenhagehjelpar av ho?



Då satsar eg på at det meste er i orden til morgondagens "photo shoot" (me får nemleg husfotograf på besøk i morgon:-). Tenker eg skal slappe litt av med ein episode Sex and the city. Etter å ha sett film nr 2 må eg ha ein dose med serien for å rette opp att inntrykket!

Ha ein riktig fin kveld!

torsdag 10. juni 2010

montana rubens

I dag har det vore steikande varmt her, og eg og minsten har måtta ta våre naudsynte forhaldsreglar når me skulle på terrassen. Dermed kom denne vakre (?) solskjerminga til. Det er to gamle gardinger - på ei laaang gardinstang som eg knytte fast under dragaren - og voila! Men det funkar, det er det viktigaste:-)Om du tykkjer det ikkje ser ut på bilete som om me eigentleg hadde trengt solskjerming, så er det fordi biletet er tatt seinare på dagen på eit tidspunkt der det ville vore ein heilt korrekt antagelse. Montana rubens er forresten namnet på denne flotte klematisen. Den er svært riktblomstrande når den får etablert seg, noko min byrjar så smått å gjere, og me kan no ane kor vakker den blir når alle dei mange knoppane spring ut. Den veks utruleg raskt og har tatt opp kampen med ein like voksevilleg kaprifol som står attmed - saman er dei dynamitt! Elles ser det svært bra ut både i jordbær"åkeren" og ""frukthagen"" (to for å understreke litt ekstra at frukthage kanskje er å strekke det ørlite grann lenger enn eg allereie har gjort ved å kalle det jordbærplantane ein åker..)- Forhåpentlegvis er me ikkje her til å smake plommene!

tirsdag 8. juni 2010

Any day now...

Eg held på å gå på veggane for tida. Sidan me har planar om å selge hus om (forhåpentlegvis) ikkje så lenge, så gjeld alle dei hagerelaterte planane som surrar rundt i hovudet og på papir ein ny plass. Her er ting på stell før salg, og eg har ikkje tenkt å legge meir innsats og pengar i hagen her. Men du verden så kjedeleg!
Lyspunkta er sjølvsagt å så ting springe ut, men det ser ut som om hagen óg er litt på vent. Alt er liksom "close, but no cigar.."
Medan eg ventar får eg kanskje prøve å slappe av og kose meg i hagen da, eg har høyrt at det skal gå an og :-)