tirsdag 20. juli 2010

Sommar og sol - eller?

Lenge sidan forrige innlegg. Sommaren har det med å rase forbi og då tenker eg at ein skal ikkje blogge vekk sumarnatta... Og så har det og med at dei gangane eg har prøvd har eg ikkje fått til å legge inn bilete, forferdeleg irriterande!

Etter tre veker i Sogn med rydde-/kastesjau og organisering i "nytt" hus (som me skal bu i midlertidig i ca 1 år), er me no tilbake og i gang med våre 2 siste veker i vårt noverande hus. Vetla er i barnehagen om dagane og syns det er stas å sjå att vener etter ferien, og eg og minsten styrar heime. Det er imidlertid litt lite å ta seg til sidan alt av ting utan det mest naudsynte er sendt til Sogn, og ein enda ikkje kan pakke ned resten og gjere klart til visning. Trilleturar er heller ikkje spesielt fristande sidan det rett som det er regnar sidevegs.

Så; -eg planlegg og les interiørblad. Eg er glad og lukkeleg over å ha prosjekt ventande på meg i søkk og kav, for sjølv om det er slitsomt medan det står på så passar det meg ypparleg å planlegge, pønske og setje idear ut i live. Her me bur er ting på stell, så det er ikkje rom for dei heilt store sprella om ein ikkje skulle byrje på ny runde. Sjølv om eg likar å styre, så må det ha mål og meining, det bør ikkje vere berre for å gjere noko.

Forhåpentlegvis har me mange varme og deilege sommardagar att forann oss før hausten er her. Dersom ikkje får ein kose seg på anna vis - eit glas raudvin på kvelden funkar bra innandørs og :-) Ha ein fin sommar vidare!